Jump to Navigation

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er eitt av dei eldste og flottaste folkemusea i landet. På museet kan ein oppleva korleis sogningar har levd og budd, frå mellomalderen og fram til vår eiga tid. Friluftsmuseet, med nesten 40 bygningar, spenner frå årestova frå mellomalderen til eit moderne ferdighus frå slutten av 1980-talet.

I museets store hovudbygning finn ein utstillingar knytt til jordbruk, handverk, tekstilar og klede, mat og drikke, og ei utstilling knytt til høgtidsdagane våre. Ein kan sjå gamle handverkarverkstader, gå på besøk til det gamle tannlegekontoret eller kika inn i den gamle krambua.

Sogn Fjordmuseum er ei eiga avdeling av De Heibergske Samlinger. Fjordmuseet ligg ved Kaupanger ferjekai, fem minuttars biltur borte frå museets hovudanlegg. 

Graphic design by Gasta. Development and programming by: S.M.Bjørklund | Login