Moro på museet i vinterferien

Vinterferiemoro

Med ei heil veke vinterferie er det mykje morosamt ein kan finna på!

Tysdag, torsdag og fredag er det vinterferieaktivitetar for små og store på museet, med mange kjekke aktivitetar både ute og inne:

I Helgheimstova kan de laga dykkar heilt eigne fuglekassar, medan det i Leirmostova er fyr på peisen, veving og eventyrstund.

Inne i hovudbygningen kan de laga mykje fint, spela spel, løysa oppgåver eller slappa av med ei bok i lesekroken.
Aktivitetane på uteområdet kjem an på vêr og føre. Om snøen held, lagar me skiløype og akebakke. Men om snøen reiser, er det likevel mykje å finna på! Med stylter, vedsaging, hesteskokasting, og aktivitetshefte som de hentar i resepsjonen, er det fritt fram for timevis med leik i det fri.

Når de blir svoltne, kan de kosa dykk med bollar, kakao og mykje anna godt i museumskafeen. Museumsbutikken er også open, og her er det mykje spennande å sjå!

Ungar må ha følgje av vaksne. Det er vanlege billettar, men dei som har årskort går gratis inn.

SMÅ OG STORE ER HJARTELEG VELKOMNE :)

sjakkspelfuglehus
draumefangar