Vinterferie på museet

Vinterferie på museet

Måndag 17. februar og tysdag 18. februar, 11 – 14 begge dagar!!

Med ei heil veke vinterferie er det mykje morosamt ein kan finna på!

Måndag og tysdag er det vinterferieaktivitetar for små og store på museet, med mange kjekke aktivitetar både ute og inne:

I Helgheimstova kan de laga dykkar heilt eigne fuglekassar, medan det i Leirmostova er fyr på peisen, veving og laging av fastelavnsris til komande søndag. Inne i hovudbygningen kan de laga mykje fint, spela spel, løysa oppgåver eller slappa av med ei bok i lesekroken.

Aktivitetane på uteområdet kjem an på vêr og føre. Om det er snø, lagar me skiløype og akebakke. Men viss ikkje, er det likevel mykje å finna på! Med stylter, vedsaging, hesteskokasting, og aktivitetshefte som de hentar i resepsjonen, er det fritt fram for timevis med leik i det fri.

Når de blir svoltne, kan de kosa dykk med bollar, kakao og mykje anna godt i museumskafeen.

Museumsbutikken er også open, og her er det mykje spennande å sjå!

Ungar må ha følgje av vaksne.

Det er vanlege billettar, men dei som har årskort går gratis inn.

SMÅ OG STORE ER HJARTELEG VELKOMNE