Vevkunst på Oppstadvev

Veversker og vevnader frå Sogn gjennom 500 år
Aud Ross Solberg

Blant dei mange gjenstandane på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er det vevstolar, åklede, biletvev-tepper og vovne putetrekk. Gjenstandar viser at det i Sogn har vore vove på ulike vevar til ulike føremål. Hadde desse gjenstandane kunne tale ville dei kunne fortelje om dei mange kvinnene og kanskje og nokre menn tilbrakte år av sitt liv framfor veven og som med slit, tålmod og flid arbeidde fram prydtekstilar med gilde fargar, vakre motiv og mønstre.

Kjerstina Vangsnes frå Fresvik, var ei av desse kvinnene. Gjennom denne artikkelen skal vi få nokre glimt av livet hennar. Samstundes skal vi sjå korleis prydvevkunsten i Sogn har utvikla seg frå mellomalderen og fram til i dag.

Eit liv framfor veven

Soga om Kjerstina Vangsnes byrjar for 130 år sidan, ho i 1867 vart på garden Hauglum i Fresvik. Berre fem år gamal fekk ho lære seg å veve av mora Ragnhild, slik ho hadde lært av mor si og slik den gamle vevkunsten lar lært vidare gjennom generasjonar på Hauglumgarden.
Ragnhild Hauglum dreiv åkledeveving for sal og hadde fleire lærejenter i veving.

Det vert fortalt at Kjerstina var 12 år då ho prøvde seg på kunstvev for første gong. Ho var på veg gjennom tunet etter vatn, då ho stoppa opp ved hønseflokken i tunet. Tilbake i stova sette ho seg ved veven og vov ei høne inn i jaren på eit smettåklede som mora vov etter tinging av ein aurlending.

1 1887 då Kjerstina var 20 år gamal vart den kjende arkitekten og ingeniøren Peter Blix merksam på jenta som sat inne i Fresvik og vov. Han hadde kjøpt Hove steinkyrkje i Vik og heldt på å restaurere denne. I kyrkja hang eit slitt og øydelagt biletvev-teppe med motiv av dei heilage tre kongar. Blix Ønskte ein kopi av teppet. Han teikna mønstra av og fekk Kjerstina til å veve etter teikninga. Desse hendingane fann stad i ei tid med store omgripande endringar i det gamle bondesamfunnet.

Kjerstina og teppet

Berre nokre tiår tidlegare hadde kvar gard i stor grad vore sjølvforsynte einingar, der nytte- og prydgjenstandar vart laga på garden eller skaffa frå spesialiserte handverkarar. Industrielt framstilte varer var no i ferd med å erstatte heimelaga varer, og dei gamle handverka og husfliden var nær ved å døy ut.
Samstundes var mange sokalla intellektuelle og andre framståande personar i samfunnet opptekne av nasjonalromantiske idear og dei byrja på ulike måtar å arbeide for å redde og fremje den gamle bondekunsten.

Norsk Husflids Venner, forgjengaren til Norges husflidsforening var ei av desse rørslene. Då denne organisasjonen var i ferd med å etablere seg i 1888, sette dei inn ein artikkel i Sogns Tidende der dei oppfordra til å ta opp att den gamle husfliden og baud «Velyndere af husfliden og enhver der søker afsetning for sit Husflidsarbeide, Kvinder og Mænd utover det hele Land til at tegne sig som Medlemmer af Foreningen».

Husflids entusiasten Randi Blehr, som på denne tida budde i Lærdal der ektemannen Otto Blehr (som seinare vart statsminister) var sakførar, skreiv i same avisa. Ho støtta oppmodinga og tenkte på fjord-distrikta med sin rikdom på ull.
"Hvad kan der ikke gjøres af ulden? Aaklederne kan blive en gangbar vare».
Ragnhild Hauglum, mor til Kjerstina las oppfordringa i Sogns Tidende og sende straks eit brev til fru Blehr der ho skreiv at dottera hennar - Kjerstina - var svært god i det ho kalla «gamaldags vævning".

Randi Blehr reiste til Fresvik og fann Kjerstina sitjande og veve på biletvevteppe som var tinga til Hove steinkyrkje. Ho vart svært opprømt. Det var hundre år sidan det sist hadde vore vove eit biletteppe her i landet og ho var overtydd om at ho hadde føre seg den gamle nasjonale vevtradisjonen, med vevstol og mønstre ein trudde var ute av bruk.

Randi Blehr fekk overtala Kjerstina til å halde eit vevkurs i Lærdal året etter. Ho skreiv i avisene og ivra for kurset og fekk økonomisk støtte frå Kunstindustrimuseet i Oslo, som frå 1886 hadde fått årlege bidrag frå staten for å leie husfliden si utvikling i kunstnarisk retning.
Med 47 elevar vart det sett i gang ein tre månaders vevskule i Lærdal i 1889, den første her i landet. Kjerstina som då var eit par og tjue år grudde seg til å opptre som lærar for «elever av den finere kaste» skreiv ho til fru Blehr. Ei rekneskapsbok frå kurset viser at dei fleste elevane nok kom frå Indre Sogn, sjølv om nokre av dei var finare byfruer som fru Blehr, søstera fru Plahr, den kjende kvinnesaksforkjemparen Gina Mikkelsen og Frida Hansen.

Elevar på vevskulen

Frida Hansen har seinare vorte kjent som den fremste biletveverska her i landet og internasjonalt som ein betydelig jugend-kunstnar. Då ho vart merksam på vevskulen i Lærdal, hadde ho lenge vore på leit etter den gamle oppstadveven og vevteknikkane som gjorde vevnaden lik på begge sider. I Lærdal fann ho det ho søkte. «Et blikk på metoden var nok» skreiv ho seinare i eit brev til Randi Blehr.

Frida Hansen vidareutvikla oppstadveven og konstruerte den vevstolen som seinare har vore brukt til biletvev, den sjølvskiljande reformveven, som og Kjerstina tok i bruk. Då vevkurset var avslutta førebudde Kjerstina seg på bryllaup med den 14 år eldre skipsføraren Johannes Nilsson Vangsnes frå Vangsnes. Samstundes tok ho fatt på vevinga for Blix att. Men kjærleiken tok tankane bort frå dei heilage tre kongane og over på meir jordiske ting og det gjekk dårlegare og dårlegare med vevinga. Blix som vart arg og utålmodig skal ha sagt: «Du begynte teppet som en ærverdig Matrone og har sluttet som den kaate sognejente du er».

Men Kjerstina heldt fram med vevinga sjølv etter at ho gifta seg og etterkvart fødde 7 born. I tillegg hadde ho ansvar for hus og gard. Ho var ivrig til å stille ut arbeida sine på dei mange utstillingane som vart arrangert i dei første tiåra av dette hundreåret. Det var amtsutstillingar i Førde, landsdelsutstillingar i Bergen, husflidsutstilling i Kristiania og kjøpemesser i Sogn og ho oppnådde ei rekkje premiar.
Omtalar i riksaviser ved kunstutstillingar viser at Kjerstina Vangsnes var ei dame som vart rekna med i nasjonal samanheng: «Med sin utrettelige energi og i tro på sine evner har hun arbeidet og arbeidet til hun nå står frem som et av vårt lands på sitt felt mest eiendommelige og evnerike kunstnerinder».

Samstundes gir omtalane oss eit levande bilete av dama. Det kjem fram at ho var ærgjerrig, uredd og modig og av ekte kunstnarsinn. Ho kunne stenge seg inne i dagevis når ho fekk inspirasjon, og fekk ho ein ide t.d. når ho var til kyrkje, reiste ho seg og gjekk midt under seremonien.

Produksjonen frå Kjerstina si hand var stor. Til hjelpe seg hadde ho til tider fleire teneste- og lærejenter frå sognebygdene. Ho vov ikkje berre biletvevtepper men og med andre vevteknikkar som til dømes skybragdtepper og portierar i transparentteknikk. Ho lærde seg dessverre aldri å teikne og meinte sjølv det hadde vore mykje lettare om ho hadde kunna det. Nokre tepper vart vove etter teikningar av samtidige kunstnarar som Gerhard Munthe, med motiv frå eventyr og segner, andre etter eigen fantasi utan teikning i det heile. Mange av arbeida selde ho gjennom Bergens Husflidsforening, til turistar og prominente personar.
Det finst tepper kring heile verda etter ho. Keisar Wilhelm II kjøpte teppa hennar ('M.a. eit av "Brudeferden i Hardanger"), til utsmykking av sitt "norske" jaktanlegg i Rominenten i 0st-Preussen. Eit «Herodesteppe» gjekk til kongen av Siam og eit til enkedronninga av Spania. Til ein guvernør i New-Zealand, ein jarl i Skottland og eit universitet i Washington selde ho og tepper.

Kjerstina Vangsnes vart skildra som vakker og intelligent, Ho var ei stolt sognakvinne som alltid gjekk i bunad i byen og nekta gå med hatt for det passa seg ikkje ei bondejente.

I Sogn finst forutan det tidlegare omtala teppet i Hove steinkyrkje eit teppe "Barnet og engelen' i Gaupne kyrkje og elles ein del arbeid i heimen hennar i Byggjartun i Fresvik. Det siste arbeidet Kjerstina heldt på med då ho døydde i 1915. berre 48 år gamal, står i vevstolen som museet fekk overta.

Kjerstinas siste arbeid

I dei mange vakre nekrologane om Kjerstina både i lokale aviser og riksaviser i dagane etter hennar død, kjem det fram korleis ho vart fatta i samtida.
Aftenposten skreiv; «Fru Vangsnes har æren af at have gjenoplivet den nationale billedvævning på Vestlandet. Hun frembragte ved sine høge evner stor arbeidskraft en rekke kunstverker, som alltid vil bevare hendes navn i vor husflidshtstorie. Ved siden heraf uddannede hun en række elever, som kan fortsætte det nationale reisningsarbeide hun begyndte».

I Bergens Tidende les vi: "Hun opptok den gamle Billedvævkunst, som var sovnet ind, og hun skapte derved en Bro mellem de Svundne husflidsdage og den moderne Kunst».

I ettertid har det vore drøfta om Kjerstina verkeleg hadde avgjerande betyding for arbeidet med gjenopplivinga av den gamle biletvevinga her i landet. Martha Hoffmann skriv i ein artikkel i Vestlandske Kunstindustrimuseum si årbok 1963—68 at vevstolen (oppstadveven) som Kjerstina brukte ikkje berre var i bruk i Sogn, men var og kjent som reiskap for mønstervev (det vi kallar rute- eller smettvev) nokre få andre stader på Vestlandet, men ein hadde ikkje sett denne i samband med gobelinveving. Ein trudde at dei var den gamle oppstadveven med bom oppe og kljåstein, var reiskapen for den gamle biletvevinga.

Martha Hoffmann stiller og spørsmål om det var gobelinveving Kjerstina Vangsnes kunne ho vart oppdaga av Peter Blix i 1887. Ho skriv. «En får følelsen ar at hun ikke så billedvev som en egen vevart, men mere som et mønster». Ved å studere dei første biletteppa Kjerstina vov, ser ein at dei er vove av ei som ikkje beherska den gamle biletvevteknikken gobelinvevteknikk, derimot brukte smettvevteknikk som tradisjonelt var brukt til rutevevåklede med stiliserte ri og geometriske ornament.
Hoffmann konkluderer med at «det vanskelig kan vere tvil om at Kjerstina Vangsnes med urette har vært oppfattet som tradisjonsbærer og bindeledd mellom den gamle billedvevingen som gikk ut med 1700-årene og den nye som begynte i 1880-90 årene».

Sjølv ho ikkje hadde avgjerande betyding for utviklinga av biletvevinga meiner Hoffmann likevel at Kjerstina står i ei særstilling. Ho var fortruleg med begge dei to vertikale og med tradisjonell mønstervev.
Ho var og den einaste bondejenta som gjorde seg sterkt gjeldande innafor biletvevinga i denne perioden. Eg vil leggje til og presisere at sjølv om ho i utgangspunktet ikkje beherska den gamle biletvevteknikken tok ho opp att og lærde vidare (både Frida Hansen og andre) dei gamle mønstra i biletvev, ut i frå dette fikk biletveven ein nasjonal renessanse. Lokalt fekk ho betyding for ei gjenreising av rutevevtradisjonen.

Men før vi undersøker korleis den gamle vevkunsten utvikla seg vidare i Sogn, lat oss først ta eit langt steg tilbake i tid og prove finne rotene til dei vevtradisjonane Kjerstina Vangsnes bidrog til å føre vidare.

Hafsloteppet

Den gamle vevkunsten i Sogn

Biletvevkunsten

Vi må heilt tilbake til mellomalderen (til slutten av 1500-talet) for tidfeste dei eldste biletteppa vi kjenner frå Sogn. Tepper frå denne tida er funne i gamle kyrkjer og har vore brukte som lunande veggdekorasjon i kalde kyrkjerom.
Det sokalla Heibergteppet vart oppdaga av Gjert Falch Heiberg, grunnleggjaren av De Heibergske Samlinger, under altarklede i Gaupne gamle kyrkje i Luster, då denne vart restaurert i byrjinga av dette hundreåret. Dette er eit av ti tepper ein kjenner til her i landet frå same periode, men både mønster og teknikk peikar mot opphav i italienske eller franske vevstover.

Frå Hafslo kyrkje er det bevart eit biletteppe i gobelinteknikk med seks scener frå soga om fødsel. Den dekorative vevkunsten, gobelinteknikken, ser ut til ha røter tilbake til persisk område og den nære Orienten i tusenåret for Kristus. Også i Urnes stavkyrkje vart det funne rester av biletvevtepper under golvet, da kyrkja vart restaurert i byrjinga av dette hundreåret.
Først frå 1600-talet kjenner vi til biletvevnad som kan ha vore vove i Sogn. Dette er vevnader med innvovne figurar, blomster og dyr i flamskvevteknikk, ein variant av gobelinvevteknikken.

Flamskvevstol

Namnet flamskvev kjem av at denne biletvevkunsten opphavleg kom hit til landet i siste halvdel av 1500-talet med profesjonelle, omreisande flamske vevarar frå Flandern, Brussel og Brabant. Desse var på 1300-talet dei viktigaste områda for biletveving i Europa. Til vevinga bar dei med seg spesielle oppstadvevar, som truleg er opphavet til den oppstadveven vi kjenner brukt til biletveving og åkledevevingi nyare tid. I motsetnad til den gamle oldtidsveven der ein vov ovanfrå og ned, vev ein på flamskveven nedanfrå og oppover.

Berre få av dei bevarte norske biletvevnadene frå 1600 og første halvdel av 1700-talet er tepper. Mesteparten er mindre bruksvevnader som benkedyner og putetrekk. Det svært avgrensa motivforrådet i teppa viser hovudsakleg bibelske motiv, medan dei mindre bruksvevnadene hadde motiv med dyr og orientalske blomstrar.

putetrekk frå Bjordal

I Sogn kjenner vi til eit par putetrekk til stolrygg og pute og eit trekk til ein kvinnesal frå denne tida. Settet med putetrekk og sete kjem frå Bjordal i Kyrkjebø og har årstalet 1664. Desse putetrekka høyrer til ei særprega gruppe av 8 kjente vevnader papegøyemotiv i ein krans av barokke blomstrar som roser, tulipanar og nellikar.
Vi veit ikkje kven som har vove desse vevnadene. Berre to norske flamskveversker frå denne tida er kjent og begge vart brent som heks i Bergen. Den eine var kona til Absalon Pedersen Beyer, som vaks opp som presteson i Aurland. Vevnadene som opphavleg var profesjonelle byarbeid, vart spreidde og kopierte på prestegardar og i stormannsmiljø på landsbygda. Noko før moten i byane ebba ut, truleg i siste halvdel av 1600-talet, gjekk flamskvevinga over frå byfenomen til å bli eit bygdehandverk.

Dansende kjerringer og spelemenn

Biletvevinga har vore mindre utbreidd på Vestlandet enn på Austlandet. Her finn vi biletveving berre einskilde stader. Dessutan var dette eit eksklusivt handverk berre få hadde høve til å dyrke. Mykje tyder likevel på at det har vore ei slik verksemd i Indre Sogn i siste halvdel av 1700-talet. Vi kjenner til ei gruppe på 11 tepper, med same stil, fargar og teknikk som alle kjem frå bygder i Indre-Sogn.

Biletteppa vart først brukt som sengeteppe, men etter kvart som veggdekorasjon. Den aukande bruken på 1600- og 1700- talet hadde samanheng med aukande velstand, betre hus med peis, vindauge og betre plass. I tillegg til nyttebruk og dekorasjon hadde især biletteppa med dei bibelske motiva betyding for opplæring og moderniseringa ei tid d.å folk ikkje kunne lese. Samtidige kyrkjemåleri, koparstikk eller eldre tekstilar tente som mønster for kunstnarane.

På slutten av 1700-talet ser det ut til det var slutt med flamskvevinga dei fleste stader.

Rutevev i smettvevteknikk

Samstundes som biletvev vart drive eit eksklusivt bygdebandverk i einskilde vevstover, var veving av ruteåklede truleg ein utbreidd syssel kringom på gardane. Medan biletveverska fritt kunne forme mønstra sine med innvovne figurar heldt smettveverska seg til rettvinkla ruter som vi kjenner det i hodnrosa og kollerose, i geometriske ornament som nikross og valknute. åttebladsrosa i ulike variantar og lynildborda som opphavleg vart komponert etter inspirasjon av ei orientalsk vassflate.

Fargane er mykje dei same i begge vevkunstane, dei sokalla vestlandsfargane raudt, svart, gult, kvitt og blått. Til farginga vart t.d. brukt forskjellige moseartar, tang, blåbær og lauv. Kor langt tilbake i tid ein har halde på med veving av ruteåklede er vanskeleg seie, både teknikken og nokre av mønstra er kjent frå folkevandringstida. Eit uløyst spørsmål er om denne tradisjonen på eit eller anna tidspunkt fall vekk og vart teken opp att i samband med innføringa av biletveven eller om tradisjonen har halde ubroten frå førhistorisk tid.

At rutevevinga har halde seg langt utpå I8OO- talet viser både samtidige skriftlege kjelder og bevarte tepper på museet, men som vi har vore inne på tidlegare var denne vevkunsten i ferd med å døy ut i siste halvdel av førre hundreåret. Lat oss no sjå kva som hende vidare då rutevevinga vart teken opp att i slutten av førre hundreåret.

rutevevåklede

Vevrenessansen, frå husflid til næringsverksemd

Det gjekk ikkje mange år frå «Norsk Husflids Venner» og Randi Blehr i I888 oppfordra til gjenopptaking av vevkunsten i Sogn, før ei omfattande verksemd var i gang.

1 1895 finn vi i melding frå "Den norske Husflidsforening" si verksemd at sal av kunstflidarbeid er i den gledelegaste utvikling og spelar ei framtredande rolle i den totale omsetninga til foreininga. «Landbefolkningen i stedse videre Kreds deltager i Arbeidet fra Aar til Aar legges for dagen en stigende Duelighed og Smag. Dette gjelder i så vel treskjæreri som veving, og ser ut til å gå en lovende utvikling i møte».
Særleg Sunnfjord og Sogn er representert med vevde varer: «Et stort antall Tæpper, Aaklæder og Pudetræk er i Aarets Løb leveret, navnlig frå Søndfjord og Sogn, hvor denne Virksomhed har al Udsikt til at blive en lønnende Erhvervskilde».

Også andre kjelder viser at smettveving var i ferd med å utvikle seg til ei omfattande verksemd i Sogn:
I ei skildring av Nordre Bergenhus Amt om bl.a. husfliden i amtet i 1901 vart det særskilt nemnt at i Jølster, Fjærland og Feios i Sogn, vert det tilverka åklede (og kvitlar) og det er gamle mønstre som vert nytta. «I den senere tid, da de faar åkleder på 1 1/ 2 til 2 kvadratmeters størrelse betalt med 20-30 kroner, er de begynt å veve åkleder til salgs».

I ein omtale av Bergensamtets utstilling i Bergen same året (Sogns Tidend nov. 1901) finn vi at av husflid er det berre åkleveving som står høgt i Sogn, og det gjeld smettvevåklede. Anmeldaren, Bolette Pavels Larsen, kjent som den første kvinnelege forfattaren som skreiv på sognemål skreiv vidare: «Og Sogn ha ei bygd — Fresvik - so e dan einaste Bygd i Lande, der dei driv gamadl Vævkunst og Biletbrev».
Her vert spesielt Kjerstina Vangsnes sine biletvevtepper på utstillinga nemnd, men «dar va også fine smettaokle or Fjærland ifrao Klaudine Skarestad o.fl».

Vevrenessansen i Fjærland

Fleire kjelder nemner Brita Dahle og Klaudine Skarestad som dei to kvinnene som tok opp att smettveving i Fjærland. Gjennom Brita Dahle ser det ut til at gjenreisinga av vevtradisjonar her og kan knytast til Kjerstina Vangsnes og vevkurset i Brita Dahle som opphavleg kom frå garden Mundal i Fjærland budde på den tida Lærdalskurset vart halde i Lærdal, der mannen hennar Olaus var lærar.
Ho deltok både som elev, økonomisk bidragsytar og kasserar p vevkurset. Seinare, i 1891 flytta ho med mannen til Fjærland der dei saman med brørne hennar starta opp Hotell Mundal.

I eit intervju i 1945 med Margit Dahle, dottera til Brita Dahle, kan vi lese at mora, som var fødd i 1860, allereie frå barndomen fekk førstehands kjennskap til den kvinnelege "heimeorka" (ull, farging, spinning og veving), som var vanleg på alle gardar. På garden Mundal hadde dei gode tradisjonar å bygge på. Der var fagre bilettepper og vakre åkleder, men i siste halvdelen av det 19. hundreåret vart det likevel tillaga bruksting ikkje prydnadsting av di folk ofte meinte at innførte fabrikkvarer var flottare.
Dottera fortel vidare: «Men så kom turisttrafikken og utlendingane såg med gong at dei smettvovne åkleda var noko sermerkt norsk som dei ikkje hadde sett i andre land, og som dei difor syntest høvde godt å ta med seg heim som reiseminne frå Noreg». Brita Dahle var ei av de første som skjønte at det her vart mogeleg å få avsetnad på husflidsvarer.

Saman med Klaudine Skarestad tok ho opp arbeidet for smettveving i bygda, med rettleiing i høve mønstre, farging, samansetning av farger sjølve vevinga. Klaudine Skarestad var fødd i 1858 i Balestrand og flytta til Fjærland då ho vart gift der. Ho var barnlaus og ifølgje nevøen som har skrive om sine barndomsminner (trykt i årbok for Vik historielag 1990), ho for mykje uro i blodet, og forretningstalent til berre vere bondekone.

I tillegg til at Brita Dahle og Klaudine Skarestad sjølve vov lærte dei opp unge jenter som dei hadde i teneste. Tenestejentene på hotellet var tilsette på heilårsbasis sjølv om turistverksemda var avgrensa til nokre få sommarmånader. Vinteren gjennom vov dei tepper som vart selde til turistane i sommarsesongen.
Sal av vovne artiklar utgjorde ein stor del av dei samla inntektene til hotellet så lenge Brita Dahle levde (til 1936), i nokre av mellomkrigsåra heile 30% av totalinntektene.
Klaudine Skarestad dreiv og smettveving i stor stil og leigde "vevkjerringar" (opp til 7 jenter sat ved sida av kvarandre og vov på 5-7 meter lange spesiallaga oppstadvevstolar). Kvart år før jul reiste ho til hovudstaden der ho opna utsal i Slottsgata og selde, ikkje berre sine eigne, men vevnader frå heile Fjærland og etter kvart og frå Balestrand.

!Klaudine

Ho vart kjent for vevarbeida sine langt utover heimbygda:
I ein reportasje i "Sogningen" i 1907 (teke frå Aftenposten) om "En teppeveverske fra Sogn' finn vi at ho på denne tida har halde på med veving i 12 år med åkleder til golv, portierar, bordtepper, puter, skamlar og stoltrekk og har ifølge artikkelen gjort mykje for den nasjonale kunstvevnaden.

Dette var glanstida for den nasjonale ideologien og overklasseheimane vart innreia "norske heimar" basert på bondeantikvitetar, tradisjonell og ny husflid. Interessa for verksemda i Fjærland auka raskt, fleire kom etterkvart med, kvinner lærte av kvarandre og om ikkje mange åra var det vanleg at ein dreiv med smettveving så og seie i kvar heim i bygda. I den tidlegare omtala reportasjen i Aftenposten i 1907 kan vi lese at "Interessen for Vævning er nu kommet opp igjen Sogn, og særlig i Fjærland kan nesten alle piger og koner væve. Der er nu — som i gamle Dage — nesten ikke et hus, hvor der ikke er Aakleder paa Sengen og Aakleder på Borde eller Væggene».

Prospektkort veving for sal til turistar

Mundal hotell vart ein viktig omsetnadskanal og for andre enn dei tilsette på hotellet. Dessutan stilte ein seg opp langs vegen når det kom turistskip. Vi har ikkje kjeldemateriale som viser omfanget av «gatesalet», men ved hjelp av kommisjonsbøker frå Mundal hotell får vi eit inntrykk av omfanget av denne verksemda og korleis den utvikla seg framover hundreåret.

I løpet av æra 1899 til 1914 var det i alt 66 personer som leverte lokalt produserte suvenirar (husflidsartiklar) i eit eller fleire år for sal frå hotellet. Av desse var det 12-13 kvinner som leverte vevde varer (tepper. åklede. putevar og bilettepper). Nokre av desse frå andre bygder i Sogn og vi kjenner att namn frå Lærdalskurset.
I ara 1917-1920 finn vi ingen registreringar av sal av og det rimar godt med hotellet si gjestebok som viser at det ikkje var turistar på hotellet i første verdskrigen og det tok eit par år før turistane igjen tok opp att etter at krigen slutta i 1918. I mellomkrigstida frå 1920-1929 vart det levert vovne varer i kommisjon frå totalt 61 kvinner (og nokre få menn). Som vi ser har talet på produsentar auka kraftig i desse åra.

I tillegg til sal i Fjærland reiste kvinner frå Fjærland til Gudvangen i turistsesongen i mellomkrigstida og selde sine vevnader på kaia til turistane når det kom turistskip.
Det vert fortalt at vevarbeid vart sendt til Hardanger (m.a. til Brakanes hotell) for sal til turistane der. I tillegg til overklassen i Oslo og turistane i Sogn var og husflidsutsala i Oslo og Bergen marknad for vevprodukt frå Sogn. Vevnader vart selde til mellommenn som selde varene vidare.

Vevrenessansen i Balestrand

Også i Balestrand utvikla det ei omfattande vev-verksemd. Truleg var det Klaudine Skarestad som og starta opp verksemda her, saman med dei to niesene sine. Anna Bø (184-1939) og Dina Bale (1889-1982).
Vi kjenner og fleire døme på at kvinner frå Fjærland som Anna Mundal (1883 1965) busette seg Balestrand og lærte opp kvinner i veving, enten ved kurs eller ved at dei tilsette tenestejenter hjelpte til med å produsere varer til neste turistsesong.

Vi veit ikkje kor tidleg denne vevrenessansen starta opp i Balestrand, men i alle fall var verksemda i gang på 1920- talet. Då er det sagt at dei fann fram att dei gamle oppstadvevane frå låven i mest kvart hus og byrja med sal til turistane som attåtnæring.
Fleire kvinner i Balestrand leigde jenter til å veve for seg og administrerte denne verksemda utan at dei sjølve kunne veve. Jentene vov heile vinteren og arbeidsdagen var lang, frå klokka sju om morgonen til klokka sju om kvelden. Berre avbroten av ein time middag. Jenter frå Fjærland var dei mest populære «vevkjerringane», det vart sagt at dei var dei flinkaste.

Som i Fjærland vov ein hovudsakleg for sal til turistane. I tillegg til sal langs vegen var det einskilde som innreia eigne rom til utsal til turistane og også tesalonger og kafear var utsalstader. I mellomkrigstida kan det ha vore kring 32 utsalsstader i bygda. Men her er det inkludert sal av alle typar suvenirar og ikkje berre utsalstader for vevarbeid.

Bergensutstillinga i 1898

Som vi har sett var turismen føresetnaden for å utvikle ei slik omfattande næring av vevverksemda i Fjærland og Balestrand.
Vi kan ikkje påvise at det har vore nokon liknande i andre bygder i Sogn. Vevtradisjonen vart nok teken opp att av einskilde i andre bygder og, men då hovudsakleg for veving i mindre omfang til eige bruk ikkje som næringsverksemd.

Biletvevrenessansen

Vi starta denne artikkelen med gjenreisinga av biletvevinga vil avslutte med å sjå om den fekk same gunstige livsvilkår som rutevevinga. Vi kjenner til berre få kvinner her i Sogn som førte biletvevkunsten vidare, desse få har sett svar etter og. To av desse kvinnene frå Vik, Brita Hønsi(1872-1944) byrja med biletveving i 1905, inspirert av Kjerstina Vangsnes sitt biletteppe i Hovekyrkja i Vik. Seinare gjekk ho industriskulen i Oslo i 6 veker. Ho vov kring 20 store tepper både bibelske og andre motiv og deltok på ei rekkje utstillingar der ho oppnådde fleire 1. premiar. I byrjinga av karrieren selde ho tepper gjennom Mundal hotell i Fjærland.
Berte Fosse (I874-1949) debuterte på landsdelsutstillinga i Bergen i 1910 med biletteppet "Ingebjørg ved havet". Sjølv om ho ikkje oppnådde premie, fekk ho god omtale av teppet: «Debuten var meget god, og fortsetter fruen som hun er begynt, vil hun nok med tiden blive en farlig konkurrens for fru Vangsnes»
På denne utstillinga vart det sagt om sogningane at dei utmerka seg med teppeveving, "og står med unntak av kristianienserne foran alle andre".

Frå Ytre-Sogn kjenner vi til Emma Breidvik (1896-1989) og Anna Breidvik (1891-1914). Sist nemnde var første kona til kunstnaren Mons Breidvik, som stod bak mange teikningar og mønstre som vart nytta av biletveversker i samtida. Blant anna Brita Dahle nytta teikninga hans til det einaste biletteppe ho vov.

Epilog

Etter siste krig dabba det av med både ruteveving og biletveving i Sogn og i dag er det berre nokre få som framleis heldt den gamle kunsten i live. Det står att å sjå om denne delen av tekstilsoga vår går mot ei avslutning eller om generasjonar nok ei gong vil blåse nytt liv i dei gamle vevtradisjonane.

Litteratur og kjelder:

Hamre, Kristine; Registrering av reiseminne i turistkommunen Balestrand, Vestnorsk Reiseliv, nr. 1, 1997.

Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Kristiania 1901.

Hoffmann, Martha: En gruppe vevstoler på Vestlandet. Oslo 1958.

Hoprekstad, Olav: Kopi av avisartikkel om Kjerstina Vangsnes.

Kielland, Thor B: Norsk Billedvev 1550-1800 bind 1 - 4.

Lexow. Einar: Gammal vevstlandsk vevkunst, Bergen Museums årbok, 1914.

Meldingar frå det Kongelege Selskab for Norges Vel og dets underafdelinger, 1895.

Pridlao nr. 2 1982.

Privatarkivet etter Mundal Hotel, Fylkesarkivet i Sogn Og Fjordane, Hermansverk.

Randi Blehr sin korrespondanse med Kjerstina Vangsnes, Riksarkivet, Oslo.
Sogns Tidende 28.03.1888

Sjøvoll, Åse Bay: Norsk billedvev. Oslo 1979.

Thue, Anniken: Frida Hansen — en europeer i norsk tekstilkunst, 1986.

Vangsnes, N, J: Kjerstina Vangsnes.

Vestlandske Kunstindustrimuseum, Årbok 1963— 1968.

Vestlandsk husflid gjennom 50 år. Bergen 1978.

Vik lokalhistoriske arkiv; Diverse notatar, utklipp og kopiar frå aviser og tidsskrift angåande Kjerstina Vangsnes. Årbok 1996, Vik Historielag.

Munnlege kjelder:

Skriftleg intervju med Margit Dahle, 1945.
Ei rekkje informantar frå Sogn.