Vetastova på DHS-Sogn Folkemuseum

Vetastova

Denne lafta stova frå Lærdal er heilt spesiell. Det er ei lita vaktstove som opphavleg stod på fjellet Vetanosi mellom Lærdalsøyri og Fodnes, vel 11oo meter over havet.

Stova har dør i eine gavlveggen og store gluggar med utsyn til dei tre andre kantane. Rundt veggene er det moldbenker, og midt på golvet er det åre.

 Men denne stova har ikkje ljore i taket, for her ville dei heller sleppa røyken ut gjennom gluggane. Røyken kunne mistydast dersom han steig rett opp som ei søyle.

I ufredstider sat tre fullvaksne menn vakt her, og rett attmed stova stod trestokkane oppreiste på bålplassen. Såg dei fienden nærma seg, tende dei veten(varden) for å mobilisera.

Vete- eller vardebrenning vart innført for å varsla krig og ufred alt på 9oo-talet, av kong Håkon den gode. Vetane var slik plasserte at ein kunne sjå frå den eine til den neste når dei var tende. Slik kunne krigsbodet gå frå ein landsende til ein annan, både nord-sør og aust-vest, på nokre få dagar.
Vetastova på museet høyrde til varslingslina innover Sognefjorden, frå kysten og over Filefjell til Valdres.

Vetastova er truleg bygd om lag 1710 og var sist brukt til varsling under Napoleonskrigane 1807-14. I 1855 vart ho flytta ned til stølen Fagerset og nytta både som sel og sauefjøs.
I 1912 vart så stova «gratis revet og baaret paa sterke skuldre fra Fagerset til Sandnes av 20 mænd», skriv museumsstyrar G. F. Heiberg, og held fram: «Nogen let bør var det ikke, men interesse for, at huset kom til hæder og værdighet hadde de karene, derfor bør de ogsaa her mindes med en tak.»

Og takk fortener dei, Så vidt vi veit, er dette den einaste bevarte vetastova i landet.