Utvær Kapell

Utvær Kapell

Ein artikkel frå "Tidsskrift" - nummer 24, utgjeve av "Historielaget for Sogn" 1973

Av Wilhelm Leknessund.

Utvær kapell i Solund var det vestlegaste i landet. Kva tid det vart bygt veit ein ikkje. Det er fortalt at ei irsk Kongsdotter som levde i det 10de århundrad fekk landet sitt overfalle av vikingar. Ho gjekk med slekt og vener ombord i nokre skip. Dei hadde ikkje våpen, årar, segl eller ror; det stod i Guds hand kvar dei skulde lande. Kongsdotteri Sunneva sitt skip dreiv i land i Selje, der Selje kloster seinare vart bygt.

Eit av skipi rak i land på Kinn, og det tredje i Utvær, segjer ei segn frå Solund. På kvar av desse stadane vart det bygt kyrkjor. Utvær kapell er fyrst nemnt i Bjørgynar Kalvskinn ikring 1320 åri. Der var då eigen prest, men jordeign høyrde ikkje til.

Det var vigsla til sankt Klemens, sjøfolket og anker-smedane sin vernehelgen. Han var pave. Den tredje i rekkja og døydde før år 1000. Han fall i fiendehand, vart bunden til eit anker og kasta i Svartehavet. Merket på primstaven var eit anker. Minnedagen var 23. november, då rekna dei at vinteren tok til for alvor. Ei av dei eldste kyrkjone i Rom er vigsla til sankt Klemens. Den hev eit stort anker i midtskipet. Kan hende var det og eit anker i Utvær kapell i den katolske tidi.

7. april 1519 gav Jørgen Hanson, slottsherren på Bergenhus, 2 mark voks av vrakgods som var funne til kapellet. 1 1585 var fisketiende 3 våger råskjer, noko anna innkome er ikkje nemnd. I kyrkjerekneskapen for Utvær kapell 1646—1723 er mykje forvitneleg. 1 1646 åtte det 15 leigekyr og 27 smale.
Årsleiga var 1 ort for kvar kyr og 4 skilling for smale. Det hadde kyr på leige heilt inntil Leikanger i Sogn. Gåvor fekk det langveis frå. 1683 gav Ivar Sesdalen i Lindås prestegjeld ei ku og i 1686 Jens Ylvesaker, Norum i Sogn 2 Rd. Det var mange umvølor.

I 1646 laga dei stolar i skipet og bygde ny døypefont. Skip og kor måtte mange gonger skruvast upp. Glas bles ut, preikestol og klokka datt ned. Ein gong bles taket av. Det var av tre og måtte rett oftast tjørebredast, kapellet likeeins. 1 1666 sette dei inn eit nytt vindauga for det som dei skotske sjørøvarane slo ut. Det kosta 3 Rd. Dessutan hadde sjørøvarane teke altarduken so dei måtte kjøpa lereft til ny. Den kosta 1 Rd. med arbeidsløni.
Johannes og Nils Rørdal låg vest for Utvær og fiska og sjørøvarane tvinga dei til å losa seg inn millom øyane. Dei tok og for 200 Rd. i sylv og anna eigedom frå kjøpmannen på Indrevær, Jan Janson Meyer. Nils Rørdal fekk året etter på skipreidetinget dom for landsvik. Han skulde vera i kongen sin nåde og unåde. Det vil segja at kongen skulde gjera av lagnaden hans, anten til liv eller daude.

Utvær kapell var av tømmer og hadde 120 sitjeplassar. Skipet var 12 alen langt, umlag 7,50 m. 10 alen breidt, umlag 6,30 m. Koret 61h alen i firkant, umlag 4,40 m. Våpenhuset 4 alen i firkant, umlag 2,50 m. Kyrkjeklokka var frå 1641. Største tverrsnitt 32 cm. Den hadde til innskrift: Valqvor Brodersen tilkommer denne klokke, og på latin Si devs pro Nobis. Qvis contra nos. Er Gud me oss, kven er då imot oss. Segn fortel at den skulde ha vore ei skipsklokke, men truleg er den ei gåve frå futen over Nord Hordland i åri 1636—1649 Volchard Brodersen. Han var seinare eigar av Gravdal gard og mylne ved Bergen.

KyrkjeklokkeDå Husøy kapell vart selt kom klokka i Bertel Tungodden si eiga. Den er no på Heibergske Samlinger, Amla i Sogn.
Inventar var det lite av. I 1690: ein liten kalk og disk av sylv. Ei gamal messeskjorte. Ein gamal ubrukeleg messehakel. I staden for den gamle vart i 1693 kjøpt ny messehakel av «fiolen-brunt blommet tøy», vevd av kamelhår og silke. Ei liti lappa messingskål i funten. Ein stige, 16 alen lang. Ein lerefts altarduk. Tre messingstaker, den eine liten. Ein tjørekjel. Ein gamal kuffert utan lås til å ha klær i. Ei gamal psalmebok. Ei gamal alterbok (oktavo).

I 1713 skriv presten Nicolai Stabel i Eivindvik til biskopen og stiftsbefalingmannen i Bergen, der han klagar over lange og harde sjøreisor, at nokon provst har aldri vitja kapellet på Utvær. Der var halde fire preikor for året. Den fyrste i midten av mars og den siste i august; men der var ofte messefall for uver skuld. Presten låg som oftast verfast i Straumen, Kalgraf eller Husøy.

Kapellet vart flytt frå Utvær ei halv mils veg lenger inn i øyane i 1718 av sokneprest Stabel.
Segn segjer at ein preikesundag vart det slikt ofsleg ver at prest og folk ikkje kom seg der i frå på ei vike. Der vart stor matnaud, og presten lova at det skulde vera siste gongen han reiste til Utvær for å halda gudsteneste. Men um noko slikt er ikkje skrive i kyrkjeboki eller annan stad. Den 21. mars 1717 hev presten skrive: «Blev ingen tieneste forrettet i Utvær kapell formedelst utjenlig vær.» Presten var då i Husøy.

Den siste preiki på Utvær var 1. august 1717. I kyrkjeboki er skrive: «23 altergjester, viet Tor Iversen Stensund og Synneve Andersdt. Stokkevog. Publisert Kong. Majestæts forordning om strandvrag og skibbrudne folk. Før prediken blev svage Giertrud Ytterøen betjent med alterens sakrament, ligesaa Jan Kalgraf efter prediken.»

I dagleg tale segjer ein enno kyrkjegarden um kyrkjetufti på Utvær. Murane er burte, men ein kan enno sjå rader etter gravor. Her møttest folk i glede og sorg, i barnedåp, brudlaup og gravferd. Her svinga dei katolske prestane røykelsekari og messetonane steig og fall blanda med larmen frå storhavet. Her kom gamle og sjuke nedbrøydde i bakskuten på båtane for å få alteret sitt sakrament. Her på kyrkjebakken kunngjorde lensmannen um auksjonar og påbod. Her stod gapestokken, der dei som hadde brote kyrkja sitt bod målte stå bundne ein preikesundag. Dei fekk nok kjenna hånflir og spottord.
Det tok 6 mann 9 dagar å flytte kapellet til Husøy. Sokneprest Stabel gav vyrke til tårn, det hadde det ikkje havt før. Han betala og arbeidsløna for 2 mann, 24 skilling dagen kvar. Flytting og uppsetjing med andre utloger kom på 48 Rm, 4 m. 4 s.

Det vart og gjeve ei ny kyrkjeklokke, so no var her tvo. Den har til innskrift: Støpt mig M. Thomas Lydersøn i Bergen. Anno 1722. Tverrmålet ved slagrandi er 0,50 m, høgd 0,38 m. Den heng no i klokkestopulen på Husøy kyrkjegard. Altertavla var frå 1724. Den er av nattverden i veikt relieff, med Judas i forgrunnen og Johannes kvilande mot Jesus. Den er no i Straumen kyrkje. Den fyrste gudstenesta i Husøy skulde vera 17. mars 1718, men skuld messefall vart den fyrst 9. april. Der er skrive i kyrkjeboki: «22 altergjester. Introdusert Jan Jansen Strømmens qvinde Gjø Knudsdt. etter et drengebarn navn Jan. Gravfest salige qvinde Gyri Jørgensdt. Indrevær, 50 år gammel.» Jonsokdag 1719 vart kapellet innvigt av presten Nicolai Stabel.

På tinget for Utvær skipreide i 1724 spurde futen kva som høyrde til kapellet av tiende og andre innkomor. Lagretten og ålmugen svara at so lenge kapellet stod på Utvær hev alle som reiste framum og brukte det som siglingsmerke «givet en kjendeleie», men sidan kapellet vart flytt til Husøy, hev dei ikkje fenge nokor slik gåve. Fisketienden på Trovåg og Nore Hjønnevåg høyrde og til, men soknepresten i Eivindvik hadde fått denne.

Kongen som tok alle kyrkjor og alt klostergodt etter reformasjonen, var no komen i pengeknipe og laut selja. Husøy Kapell saman med Ladvik og Bø kyrkjor vart selt til futen i Sogn, Peder Ivarsen Leganger for til saman 53 Rd. Skøytet er dagsett Fredriksberg 17. mai 1725.
Flyttingi av kapellet til Husøy var nok eit hastverkarbeid. Den 12. juni 1755 vart det halde skyn etter ordre frå stiftsbefalingsmann Cigeeron. I retten sat sorenskrivar Branderup og eidsvorne lagrettes- og skynsmenn: Jørgen Andersson Oddekalv, Bendik Andersson Ravnøy, Sjur Ivarson Tangenes, Peder Olsson Nesøy, Fredrik Monnson Steindal og Even Larsson Homlevåg. Som eigar av kapellet var til stades futen Harberg.

Av ålmugen utanfor Straumfjorden møtte fram Kristen Larsson Brekke på Indrevær, Vellom Indrevær, Peder Indrevær, Mons Nautøy og Johannes Nautøy. Dei fann at kapellet stod på ein sers våt stad, under det var vatn som kunde verte årsak til råte. Den vesle kyrkjegarden var langt frå so djup, at kistene vart dekte med jord. Dei var kledde med bord og torv ovanpå. Serleg med umsyn til kyrkjegarden var det naudsynt å flytta kapellet til ein annan stad.

Utanfor Straumfjorden var det tvo holmar som kom på tale. Aslakøyi under garden Nautøy og Simonsøyi under garden Indrevær. På den fyrste var der god plass til kapell og kyrkjegard, men der var ikkje landlege for båtar, og ikkje god veg frå sjøen. Dessutan var den avsides um uver skulde kome på. Den andre Simonsøyi låg vel til, men der var nokså lang sjøveg dit kapell og kyrkjegard skulde vera. Sidan ålmugen audmjukt hadde søkt um at kapellet måtte flyttast lenger inn i øyane, hadde dei før på dagen vore i Straumen. Aritz Straumen som åtte halve garden der, baud til tomt og kyrkjegard på heimebøen. Der var god plass, men kyrkjegarden kunde ikkje som på Simonsøyi vere rundt kapellet, men i den austre enden. Der var god hamn og landlege og kort sjøveg. Men likevel fann dei Simonsøyi best skikka.
Kyrkjegarden ville verta vel så turr der som i Straumen. Folketalet var av same storleik untanfor som innanfor Straumsfjorden. Til sist sa skynsmennene at dersom ålmugen førde tømmer og anna vyrke fritt, Vilde det til nedriving og uppattbygging gå ti vikor for fire mann. Dagløn og kost for kvar 32 skilling. Utloga i alt Vilde koma på 80 Rd. Men det vart ikkje nokor flytting.

I skiftebrev 14. mars 1771 etter madame Harberg, futen Harberg var død før, vart fjerde sonen hennar, Peder Harberg, eigar av Husøy kapell. På hausttinget for Utvær skipreide 4. desember 1772 sa amtmannen at Husøy kapell var i forfall både inn- og utvendes, ja endå ei av klokkone var ikkje bruk med. Dette var futen Harberg sine arvingar vitra um for 1 1/5 år sidan. Kyrkjegarden låg på eit berg som til dels ikkje hev jord og dei døde lekamane vart uroa av rovfugl, dels ligg dei i vatn der det er holor i berget. Derfor hev ein del av ålmugen reist til ein nedlagd kyrkjegard (Utvær) med liki og sjølv kasta jord på utan å varsla presten. Presten refsa dei sidan for dette.

På sumartinget 1774 spurde amtmannen Theiste um det var gjort noko med Husøy kapell. Ålmugen svara nei, og sa at det no var meir fil nedfalls. Dei fekk då påbod um å hava kyrkjegarden ferdig til neste sumarting, eller betala mulkt. Men ålmugen sin talsmann, lensmann Andreas Gadder, bad um å få kyrkja flytt til ein betre stad. Futen Hansen, som var verson til futen Harberg, sette kapellet til auksjon. Det vart uppropt for 20 Rd. Etter fleire bod og yverbod, fekk Sr. Daniel Tønder, kjøpmann på Indrevær, tilslaget for 11 Rd. 2 s. Auksjonsskøyte var tinglyst 30. desember 1774.

På sumartinget 1786 las futen Bang ordre frå stiftet um å reisa tiltale mot Daniel Tønder for dårleg vedlikehald av kapellet. Daniel Tønder som flytte frå skipsreide i 1781 og budde i Bergen, møtte ikkje. På hausttinget i Skjergehamn 6. desember 1786 fall domen: Husøy kapell med alt inventar skulde heretter høyra til kongen. Umvøling og saki sin kostnad fekk den fyre eigaren betale. Sr. Daniel Tønder møtte på tinget og sa at solenge han var i Husøysokni var kapellet i tolleg bra stand. Men av uver og serleg i den siste orkanen 20. november 1785 vart det mykje skadd. Likevel var gudsteneste halde der inntil siste jonsok. Ålmugen er skuldig meg pengar, ein del for 6 år, andre 8 år, dessutan for lik som er gravlagd i kapellet og for ringing med klokke.

I 1790 spurde amtmannen Harboe ålmugen um dei Vilde setja i stand og halda ved like kapellet for den pengesum som etter kongeløyve var samla inn, 243 Rd. 76 Sk. Dersom ikkje, vart kapellet nedlagt og selt.
Ålmugen sa seg viljug til å setje det istand for denne summen, men Vilde ikkje taka på seg vedlikehald. Dei hadde ein gong lova å gjeva 50 Rd. til vøling, amtmannen spurde no om dei stod ved dette. Dei svara at dei so gjorde um dei slapp alt pliktarbeid med kjørsel og førsel, slik lovnaden var gjeven.

I 1790 tilbaud res. kapellan Dresing i Eivindvik å setje kapellet i stand for nemnde sum. Den 18. oktober 1791 var kapellet ferdig og der vart halde skyn yver det. Futen møtte ikkje, men lensmann Anders Aritzon Gadder leidde skynet for han.
Dessutan var til stades eidsvorne lagrett og skynsmenn: Jon Nilsson Indrevær, Ola Olsson Indrevær, Lars Nilsson Nautøy, Peder Olsson Rørdal, Henrik Pederson Kverhellen og Peder Jakopsen Rørdal. Kapellet var no bygt frå nytt på den gamle tomti, men ein del trevyrke, godt som nytt, var bruka frå det gamle. Der var god bordkledning og alt tjørebreidt. Dessutan var eit sakresti som den fyrre kyrkjeeigaren hadde teke til med fullført. Vindaugo var alle nye og eit nytt innsett. Det kom regn med dei var der, og dei såg at vatn kom gjenom ei stor sprekke i tårnet, dessutan var nokre takpannor komne ut av lage. Res. kapellan Dresing lova å rette på dette.

På tinget 1793 og 1794 Vilde amtmannen vita um dei kyr og smale som høyrde til kapellet, men ingen viste noko um dette. På tinget 1802 vart det sagt at tiende var ikkje gjeve til kapellet då ålmugen ikkje veit, like lite som nokon annan, kven som eig det. Men kvar gong der er preik, som er fire gonger i året, sender dei ei tavle rundt, og pengane som var gjevne vart brukt til umvøling.
I 1806 upplyste ålmugen at kapellet som var nytt i 1791 hadde nesten aldri vore fri for dråpar. Derfor måtte skip og tårn bordkledast på nytt, dersom heile bygningen ikkje skulle verta øydelagd. Nils Griis Alstrup Dahl som var kapellan i Eivindvik tok seg av dette. Umvølingi kom på 81 Rd. 2 m. 10 Sk. Enno var det att i kassa 50 Rd. 2 m. 1 Sk.
Dahl hadde funne 'fem kyr og 5 smale som høyrde til kapellet. Kyrne vart verdsette til 7 Rd. kvar og smalen 1 Rd. kvar. Dessutan kom kyr og smaleleige frå 6. desember 1786 til utgangen av 1806 med 34 Rd. 1 m.

Dahl fann den gamle kyrkjevegen uskikka, og saman med ålmugen ynskte han at Henrik Fredrikson Kverhellen, Peder Jokopson Rørdal, Jon Nilsson Indrevær og Jakop Larsson Indrevær måtte verte innsette som verjor. Dei hadde vore han til god hjelp med umvølingi. Dei tvo fyrste hadde lånt av eigne pengar so arbeidet kunde verte ferdigt. Dei hadde i sanning vist seg som rette verjor.

Biskop Johan Nordal Bruun skriv på søknaden til Dahl då han søkte prestekallet i Eivindvik i 1807: «I aar hørte jeg ikke alene med glede Hr. Dahl prædike, men erfarer hvor HuusØe forfaldne capell ved hans priselige omsorg og indflydelse paa almuen, ei alene er i standsatt, men har faaet hvad den hidtil savnede, kirkegaard, hvortil bøndene maa have ført jord i baade til landet, alt uden collect og uden bydende fra foresatte autoriteter, han har fordrevet brendevinsalg fra kirkens nabolag og gjort herlig skritt til skolevesenets fremme. Kort.
Han har bevist at en elsket og æret prest kan, naar han vil, gjøre mere i 3 aar, end mang en anden 3 ganger 3.»

I 1886 var kapellet atter i forfall. Den 26. februar 1896 er skrive i Departemangstidende at Husøy kapell som hadde ei større umvøling i midten av dette århundre har i den seinare tid vore i «høyst brøstfeldig tilstand og er forliden for behovet.» Kyrkjegarden var forliten og lite skikka som gravstad.
Det var no på tale å byggja ny kyrkje i Straumen. Folketalet innanfor Straumsfjorden var 280 og utanfor fjorden 200.

Medhjelparane Bernt P. Kalgraf og Nils O. Husøy skriv i eit brev til kongen for seg og 44 andre øybuarar, med eit fylgjeskriv frå Henrik G. Nautøy, at den nye kyrkja for Husøy sokni må byggjast på den gamle kyrkjestaden. Vert ikkje dette teke omsyn til, må soknet delast i tvo, soleis at folket utanfor Straumsfjorden kan bruka det gamle kapellet. Dei vil ikkje vera med på å byggja ny kyrkje i Straumen, då kyrkjevegen vert lenger.
Folket på Utvær vil få 11 km hard sjøveg over ope havstykke, og på Husøy har Petrine Lexau, utan vederlag, lova tomt til ny gravstad for heile soknet. Men vert det bygt kyrkje i Straumen, bed dei indarleg um å få bruka Husøy kapell. Dei skal vera nøgde med 4 gudstenestor for året, slik som Husøy sokn hadde før Solund vart eige prestekall 1. januar 1888. Skal derimot kapellet rivast og ny kyrkje byggjast i Straumen, vil den uvilje og uvenskap som har rådt nokre år på grunn av dette spursmålet, seint eller aldri taka ende. Og dei sluttar med at vert ikkje kravet frå utøyane teke umsyn til, ser dei seg nøgde å skrive seg ut av statskyrkja. Nokre gjorde dette seinare, for nye kyrkja vart bygd i Straumen og vigsla 15. oktober 1896.

Den 11. juli 1898 skriv presten Edvard Sverdrup til biskopen at dei som var misnøgde med kyrkjeflyttingi hadde enno ikkje kome i den nye kyrkja. Den 11. desember 1897 stadfeste kongen at Husøy kapell skulde rivast og seljast til innkome for kyrkjekassen. Det vart i 1900 selt til Leirvåg på Fonnes i Lindås for kr. 400,—. Der vart det sett upp til bedehus.

Dei ytre mål på Husøy kapell var: Kyrkjeskipet 6,25 m breidt, 7,10 m langt. Vegger i kor og skip gjekk i eit. Koret var 4,96 m langt. Etter måli av Utvær kapell var koret gjort breidare ein gong seinare, truleg i res. kapellan Dresing si tid. På sørsida av koret var ein utbygning, og den vestre vegg gjekk i eit med korbogen. Like overfor denne på nordsida var ei dør.
Utbygningen var 1,55 m i nord-syd og 2,55 m i austvest retning. Våpenhuset var 2,14 m langt, 4,91 m breidt og hadde skråtak. På vestgavlen var eit lite tårn med spir. Der var tvo glas på søre sida av skipet, eit på nordsida, eit på kvar side i koret og tvo i austbrystet, alle var firkanta. Taket var tekt med raud pannestein. Kapellet var i den seinare tid kvitmåla inne og ute, men tårnet var tjørebreidt. Kor og skip hadde rund umåla kvelving i same høgd. I vest var eit lite galleri upp mot kvelven. Kapellet var lågt med opne stolar, langbenkjer på kvar side i koret.

Det kvilde høgtid yver kyrkjedagane her ute ved havet, med båtar roande og siglande frå alle kantar. Der kom den store losbåten frå Utvær, der båtar frå Nautøy og Indrevær, og der båt i båt frå den andre sida av Straumfjorden. Dei fleste hadde lang veg so det smaka med ein matbit når dei kom til lands. Etterpå skulde dei skifte klede, for over dei opne osar og straumstride havgap, var ein aldri trygg for sjøskvett. Dei var difor som oftast i sjøklede. Det var fyrst etter dei kom til Kyrkjeøyna at høgtidsklerne kom fram. Etter dei var kleda de, rusla mennene for seg og kvinnene for seg, soleis som skikken krov det, sindigt og roleg det korte vegstykket upp til kyrkja, der klokketonane helsa dei.