Faste og skiftande utstillingar

Utstillingar

Faste utstillingar for vaksne og born

Museet har omfattande faste utstillingar: Jordbruk og folketru, handverk og husflid, helg og høgtid, bondekunst og tekstilar, mat og drikke, jakt og fangst, krambu og strandstad, barneutstillingar og veghistorisk utstilling.

Ei anna spesialutstilling ber namnet ”Helg og høgtid”. Den formidlar kunnskap om dei ulike høgtidsdagane våre. Museet har også ei utstilling av praktgjenstandar frå gamle kyrkjer i Sogn. I eit eige strandstadmiljø syner ein rekonstruerte handverkarverkstader, og eit komplett tannlegekontor.

Museet har to spesialutstillingar for born og unge. Den eine heiter "Då oldemor var liti", og syner leiker og barneaktivitetar frå tidleg 1900-tal. Her kan borna også få prøva seg på ymse gamle spel og leiker. Den andre utstillinga heiter "Unge sogningar 2000", vart laga av born i samband med tusenårsskiftet og syner kva born og unge omga seg med og dreiv med då. Alt i alt gir utstillingane på museet eit breitt bilete av korleis sogningar har levd.

Ei tru med alt

I det gamle samfunnet var det knytt truer til det meste av arbeid og årstider, og førestellingane om huldra, nøkken og andre overnaturlege vesen var livs levande. Utan dokter og dyrlege måtte folk finna sine eigne lækjeråder. Museet si unike samling av folketru-gjenstandar, ikkje minst knytt til folkemedisin, er med denne utstillinga gjort tilgjengeleg for publikum. Her er reinsande bergkrystallar og lækjande skaknivar, forunderlege spåbein og enkle Olavskrossar, stolen altarvin og mystiske svartebøker. Vi moderne menneske kan vel heller ikkje forklara alt “mellom himmel og jord?”
Eit lite biletalbum frå utstillinga kan du sjå her...

Skiftande utstillingar

”Skaol, skaol, skadle”

Denne utstillinga presenterer ein del av museet si fantastiske samling av drikkekar. Både øl og brennevin måtte drikkast med stor høgtid, og helst i staselege drikkekar. Her er både ølstaup og kjenger, krus og skåler, brennevinsflasker og glas. Berre samlinga av innskrifter gjer det verdt å sjå denne utstillinga. Ho syner døme på framifrå kunsthandverk, frå ei tid der dette ordet ikkje var oppfunne.

”Skaut og hijab”

Over heile verda har kvinnene bore hovudplagg – til vern mot streng kulde eller brennande sol, og for å visa sivil status, sosial stilling og religiøs tilknyting. Denne tankevekkande utstillinga er laga i samarbeid med Nasrin Ali Amin og Sahra Ali Adoow frå Fjøra Intro, Bjørg Hovland og Internasjonalt kultursentrum og museum.