Utstilling i Helgheimsstova

Utstilling i Helgheimsstova

2021 er det 150 år sidan folkehøgskulen i Sogndal gjennomførte sitt første vinterkurs for gutar og menn.

Skulen i Sogndal var den trettande skulen av dette slaget som vart starta i Noreg, og skulen er i dag den nest eldste folkehøgskulen i landet som framleis er i drift. Berre Sund folkehøgskule frå 1868 er eldre.

Det er av denne grunn naturleg å kalle Sogndal folkehøgskule for ein av pionerane i den norskefolkehøgskulehistoria.

I skulehuset / Helgheimsstova, har vi no ei utstilling som fortel om skulen si 150-årige historie..

Utstilling i Helgheimsstova