Turisme i Sogn

Turismen i Sogn

Utdrag frå årbok for sogn 1996:

Dei første turistane

Det er visse føresetnader som må vere til stades for at turistar materialisera seg i eit så stort tal at vi kan snakke om turisme i eit område. Først må det finnast personar som disponerer midlar ut over det som trengs til det daglege brød, og som er viljuge til å bruke dei på reiser. Det er desse som er dei "lystreisande". Dernest må dei ha eit mål, ein by, eit historisk minnesmerke, vakker eller vill natur. Målet må og kunne tilby visse basistenester som er nødvendige for at den "lystreisande'' skal kunne ta seg fram til målet og føle seg vel under opphaldet. Basistenestene er transport, mat, og tak over hovudet.

Då turismen i Sogn tok til å veksa fram midt på 1800-talet, var ingen av desse basistenestene sjølvsagte. Dei var der nok, men dei var ikkje innretta på å dekke turistane sine behov. Dei fleste som reiste var forretningsreisande eller dei var på tenestereise. Embetsmenn kunne nok ha med seg slekt og venner i reisefølget, men dei reiste i "embeds medfør". Det fanst eit skyssvesen og det fanst skysstasjonar, men dei var ikkje innretta på turistar. Det var mogeleg å kjøpe seg kost og losji på stølar og gardar. Prestar og andre øvrigheitspersonar var ofte gjestfrie mot "kondisjonerte" reisande men det skulle ta tid før den moderne turistnæringa tok form.

Nokre av pionerane har gjeve ut bøker om opplevingane sine i Noreg og vi skal følge to av desse skribentane som begge reiste i Noreg i 1856. Den eine er mann, den andre kvinne og dei kjem begge frå England. Kvinna er Emily Lowe som ga boka si tittelen "Unprotected Females in Norway & with Scandinavian Sketches from nature."Boka vart presentert for norske lesarar av museumsstyrar Åse Enerstvedt i "Emily Lowe - Reise i Norge 1856." Mannen er W. Mattieu Williams som skreiv: "Through Norway with a Knapsack". Begge vitja Sogn.

På reisene sine observerte dei norske samfunnstilhøve, norsk natur og ikkje minst nordmennene. Venlege, skarpsynte, ofte vittige, skriv dei om dette underlege landet. Men mistydingane kjem og med. Emily var ein dristig reisande. Ikkje berre var ho kvinne, ho hadde og med seg mor si. Dei reiste lett, med berre to vadsekkar. Under nokså primitive tilhøve reiste dei frå Christiania over Mjøsa med det nye vidunderet Skibladner, og vidare opp gjennom Gudbrandsdalen til Dovre. Frå Lom drog dei to kvinnene over Sognefjellet til Sogn. På vegen nytta dei hest og vogn, dei reid og truleg måtte dei gå innimellom. Sjølv om vegen over Sognefjell var mykje nytta, var det likevel ei spesiell oppleving som gjorde djupt inntrykk. "Da vi til slutt sto ved bredden av Sognefjorden og så opp, kunne vi betrakte fjellenes edle, fantastiske masser som forsvant som tårn inn i skyene, mens de nedover myknet mot vegetasjonen aller nederst. Vi følte at det bare er i det øde Skandinavia at det eksisterer en slik sammensatt, vill ensomhet."

Mor og dotter vart tekne vel i mot hos sokneprest Carl Herman Hansen og kona Dorthea Elisabeth Bremer Hansen i Luster. Hansen var prest i Dale frå 1852 til 1859. Presten var født i Trondheim og prestefrua kom frå Hamburg. Emily opplevde store kontrastar på reisa, frå enkle bondeheimar og skysstasjonar til dei "kondisjonerte" sine heimar, som prestegarden i Luster. Ho fann mellom anna ut at nordmennene var så glade i bilete.

Sjølv i dei fattigste hus var det hengt opp bilete og favorittmotiva var spanske. Men kanskje ikkje nett i presten si stove. Hos soknepresten var det helst bykulturen som synte seg, mellom anna hadde dei piano. Så måtte dei vidare. "Skyv fra! Farvel, yndige Luster!" Turen med båt utover fjorden ga nye opplevingar. Dei fekk eit glimt av Jostedalsbreen og fjellet Hest. Heile tida endra landskapet seg. Roturen hadde Solvorn som mål. Derfrå skulle dei vidare over land til Sogndal for å ta dampbåten.

Men i Solvorn møtte dei problem: "Solvorn var en samling pene, nette hus, men hadde ingen tilgjengelig vogn av noget slag, unntatt en vogn uten hjul som en skyssholder med malerisk utseende og lang, lyst hår, etter mye leting fant stukket inn under en gammel låve. Men da han var eier av en hest med fire ben, bestilte vi den, og bud ble sendt noen kilometer for å hente den." Truleg var det like bra med hest, for vegdirektøren ga så seint som i 1882 vegen mellom Marifjøra og Sogndal dårleg attest. "Veien er ofte saa sterkt kurvet og med saa skarpe slyng, at den Reisende uanset Steilheden helst forlader Kjøretøiet for at passere saadanne Steder tilfods."

Men til Sogndal kom dei. Dampskipet til Bergen var enno ikkje kome og Emily og mora åt middag på hotel. Det må ha vore Nytappen, gjestgjevarstaden som seinare vart Danielsens Hotel. Men så kom båten, og Emily lovprisar den enkle men velkomne komforten om bord. På vegen var dei innom Lærdal og vidare ut fjorden gjorde båten stadige stopp. "Etter hvert gikk passasjerene over i små båter som kom fra gårdene på hver side av fjorden. Fra forstavnen klatret bønder med kalver og sauer, og fra første klasse forsvant de som hadde vært i militærtjeneste, og derfor reiste litt finere. Bare de som skulle til Bergen ble igjen." Emily og mora stoppa berre nokre dagar i Bergen før dei drog attende til Austlandet. Dei drog same vegen som dei var komne, inn Sognefjorden til Lærdal og opp Lærdalsdalen med overnatting på Husum. Så tok dei vegen austover over Hemsedal.

Boka ho skreiv gjorde lukke i England og fikk og omtale i blad her heime. Det står respekt av Emily si ferd i Noreg under primitive tilhøve, og la oss heller ikkje gløyme mora. W. M. Williams si reiserute i Noreg var mykje lik Emily Lowe si på den første delen. Men Williams drog mykje lenger nord, heilt til Hammerfest. I løpet at to månader fekk han med seg utruleg mykje av land og folk, som det gjerne heiter. Med glimt i auga nemner han det som sermerker nordmennene. Og når Emily Lowe er oppteken av kva ho ikkje liker av norsk mat, er Williams oppteken av kva han liker, mellom anna gamalost. «Det er en eiendommelig ost som jeg tror er laget av gjetemelk blandet med urter og sukker. Som ny er den bent frem avskyelig, men efter mange års lagring råtner den, og blir til en slags krydder snarere enn mat. Den strøs som et fuktig pulver på smørbrød. Når den er fullmoden er den verken muggen, fuktig eller befengt med midder. Den har en ensartet blek murstensfarve, konsistensen er slik at den akkurat kan smuldres, og den har en rik smak av ansjospasta, med en anelse av parmesanost.»

Williams blei i det heile glad i nordmennene sin levemåte og kosthald og han var oppteken av mat og drikke. Om vertinna på ein gard der han tok inn, skriv han: "Hun var en av disse virkelig gode kvinner som elsker å se folk spise, som tror inderlig på mannens hjelpeløshet, og går ut fra at han vil gå til grunne hvis der ikke er en kvinne som kan stå ham bi. Hun var full av sympati for en ensom vandrer hvis mor var så langt borte." Williams kom til Noreg mellom anna for å klatre og gå i fjellet. Då var det naturlig å legge turen om Sogn. Han valde ei litt uvanleg rute for ein turist. Ikkje over Sognefjellet, men over Sota og Mysubuttsæter til Styggevatn.

På garden Mjelvor overnatta han og fekk servert valle som han fann minna om einskilde ølsortar. Dei neste dagane gjekk han vidare mot Sogndal og ned den stupbratte kleiva ned til Nagløyri. Så kom han fram til Sogndal som ikkje får nokon god attest."På Sogndalsfjæren fant jeg en stor del av båtfolket enten fulle eller i en tilstand av bakrus (det siste er det verste), og brukte noen timer til forgjeves forsøk på å få leiet båtskyss utover fjorden. Her omkring er der ingen veier eller stier, og snaut nok mulighet for å komme frem til fots, bergveggene går nesten loddrett ned i sjøen." Til slutt vart det råd med skyss, ein båt med to rorskarar, den eine halvt edru, den andre dørgande full.

Utover Sogndalsfjorden gjekk det i rykk og napp. Då dei var halvveges til Lunden, mista Williams tålmodet og fortsatte vidare til fots. Det vart mørkt og under vegs var han innom gardane for å spørre om vegen. Folk hadde gått til ro, og sjølv om dei vart vekte opp var dei høflege og vennlege når dei rettleia han om vegen. Men til slutt nådde han Lunden og blei teken vel i mot. "Kjeklet med rorskarene på Sogndalsfjæren, deres oppførsel og det inntrykk de gjorde, var et trist brudd på mitt hyggelige samkvem med nordmennene." Då er det godt å vite at nørene tok godt hand om Williams.

Heile denne artikkelen kan ein lesa i Årbok for Sogn frå 1996...