Turen frå Vigdalen til Sunnfjord

I dette intervjuet fortel Ragnar Vigdal om korleis han var med å føra dei engelske soldatane vidare frå Luster til Eikefjorden i Sunnfjord. Artikkelen er henta frå "Årbok for Sogn" 1986.
Intervjuar og artikkelforfattar er Bjørg Hovland.

Plutseleg ein dag, då eg var oppe i Vigdalen, kom da beskjed om atte da var komne 12 engelske soldatar og ein nordmann. Sovidt so eg forsto, var dei komne frå Valdres til Årdal, og so hadde dei gått over frå Årdal til Skjolden, og darifrå hadde visstnok ein dar inne frå køyrt dei i motorbåt hit på Dalsøyri. so hadde dei gått opp Dalsdalen og var komne til Vigdalen. Dei gjekk over Storhaug til Vigdalen og tok inn hos Peder og Anna Vigdal, dei var vel dar i ein eller to dagar. so fekk eg spørsmål om eg ville komma opp der. Dei trong ein kjentmann so kunne vera med dei vidare slek atte dei kunne unngå å komma i tysk fangenskap, før no hadde tyskaradn skaffa seg kontroll over mest heile Sør-Noreg.

Eg hugsar so godt, og no e da no skamfullt, da eg fortel, eg la merkje te atte da va ikkje so mange so hadde hug te å vera med dei. Men eg kom te å tenkja på, viss eg hadde vore i England og hadde vorten teken til fange, men rømt frå fangenskapen, og ikkje den engelske befolkningen hadde vilja hjelpt meg, so hadde eg komme til å sett ned på engelskmennene so lenge eg levde. Eg bestemde meg: Dette skal dei ikkje ha å seie om oss nordmenn, atte me er feige, og da va vel årsaken te atte eg sa meg viljug te å vera med dei.

Vigdalen til Sunnfjord
Ruta på kartet er lausleg basert på Ragnar Vigdal si forteljing. Dei svarte prikkane er ruta Vigdal førde engelskmennene. Dei raude prikkane er ruta han fylgde heimatt til Vigdalen

Me vart einige om at ho Hansina, kona mi, skulle følgja dei over te Leirdalen fyrst. Eg veit ikkje korleis dei gjekk, men eg trur dei gjekk ned te Husøy, og so gjekk dei visst over frå Alsmo, eller dei gjekk rette vegen. Eg fekk beskjed om å møta dei i Leir- dalen kvelden etterpå. Eg måtte ordna meg te med litt nista og forskjelligt so eg skulle ha med på turen. Eg møtte opp dar, og me tok ut frå Leirdalen. Me gjekk berre om natti, for ikkje å vekkja oppsikt, slek at ikkje nokon skulle rapportera da te tyskaradn. Allting va so usikkert i den tida.
Me reiste då frå Leirdalen om kvelden. Da va ein kaptein, to løytnantar og nie soldatar, dessutan var da ein Oslo-mann so følgde med, og han va livande redde tyskaradn. Eg veit ikkje nabne hass, og han veit ikkje nabne mitt, men eg hugsa han sa til meg då me skildest, at viss de nokonsinne vil ha rede på kven eg e, so va eg med å starta Nansen-hjelpen fyrste gongen. Eg ha aldri undersøkt da, so eg veit ikkje.

Frå Leirdalen skulle me gå opp dar da heite Grøndalsreset, dar da går ne atte mot Kvam. Men då me va komne opp over skogavakse omtrent, ga kapteinen ordre om at dei skulle samla seg. Eg kunne naturlegvis ikkje engelsk, men Oslomannen, han kunne fransk, og da kunne ein utav offiserane også. so såg eg at danna kapteinen, han vinka te seg løytnanten og sa noko te han, so han sa vidare til Oslomannen. So vinka dei på meg. Da va meg da galdt.
Oslomannen sa dei ville gjera meg kjent med at sidan eg ikkje hadde uniform, so måtte eg passa på atte eg ikkje vart fanga i lag med dei, dersom tyskaradn skulle komma på oss. Då vart eg rekna som femtekolonnist eller spion, og so kunne dei skjota meg utan lov og dom, ifølgje den overenskomsten so visstnok e ålmen over heile verda. Dei so hadde uniformar kunne ikkje verta tekne anna enn som krigsfangar. Da va no realt av dei at dei sa frå.

Då me kom fram på Grøndalsreset, so va da veldig bratt darifrå og neover. Da va seint på natti og bjønte bli skare, og eg va redd for at dei kunne verta freista te setja seg på buksebaken og skreia neover. Eg hadde vore so mykje i fjellet atte eg visste da kunne vera fåre for å brjota igjøno skaren og atte dei kunne brjota seg førderva i føtedn. Eg sa te Oslomannen atte eg ville gje ein beskjed, og han sa da vidare te han so kunne fransk, og slek fekk alle beskjed. Da va tungvint, men da gjekk no.

Eg veit ikkje korleis da gjekk føre seg, men då me var komne ned i Grøndalen, so va da ein so halta på ein fot so atte da likna ikkje noko. Likevel greidde han då å halde følgje med oss, og me kom sopass tidleg ned til Kvam atte dei ikkje var oppe dar enno. Me hadde fått oppgjeve at me skulle gå inn te ein so heitte Lasse Neset, men då me va komne framom Nes, såg me atte da rauk frå pipa i eit hus rett ovanfor vegen, kanskje 50 meter.
Ein mann sto uti tunet, han va no heilt førvirra. so tenkte eg at eg får prøva få i han og gje han beskjed at han ikkje må fortelja kva han hadde sett. Eg vinka på han, og han kom springande ned i fudle fart. Det var likso han ikkje skjøna nokon ting, men te slutten so fekk eg inn i hovet på han atte da va engelske soldatar.

- Nei, e da engelske? , sa han.

- Ja, dei e engelske.

Å, neimen eg tenkte da va tyskarar, sa han, og so byrja han halde ein tale til engelskmennene. Dei ansiktsuttrykka som dei karane sto med, og han nestan gret, for han var sikker på atte da va tyskarar so va nedsleppte på Jostedalsbreen og var komne ned på Veitastrondi og ville…
Men i alle fall so fekk eg sagt da te han atte du må ikkje sei nåke te nåken, og so spurde eg kest huset te han Lasse Neset va, og da synte han oss, og me gjekk dit og va dar om dagen.

Da va ein original, han Lasse Neset, men han fortalde oss kest me skulle gå, og so fekk me eit spekekjøtlår og ein heil del med flatbrød. Eg bar nisteskreppa, da gjorde eg heile vegen. Og eg måtte gå føre, og de vil alder tru det eg i mitt liv ha vorte so beundra so eg blei på den turen, før dei såg eg hadde ein stive fot, og at eg då kunne gå føre og brøyte veg, medan dei blei so trøytte dei gjekk atti og nestan ikkje greide å… da kunne ikkje greidde å dei ikkje fatta.
Me reiste darifrå om kvelden og kom over Snauedalen og ned mot Fjærland, og eg hugsa atte når me kom so langt heimover i dalen dar atte eg såg dar va utløe dar, og atte dei hadde vore dar og henta høy, då va eg klar over atte da va ikkje so langt føre me kom te folk. Dei ravla og pratte baki meg, og so tenkte eg no må me halde stilt, da va no berre dei yngste so va sprekaste so hilt følgje då. Eg tenkte, eg får gjera da på min måte, og so stoppa eg og knytte neven.

- Hysj!

Det blei stilt som i ei grav, og eg fortsette og gjekk, men då eg hadde gått ei tid, so haure eg bak meg:

- Hysj! Hysj !

Eg lurte på kå datta skulle bety, så snudde eg meg, og - dei ansikti! Dei va so fudle utao flir atte dei visste ikkje å vera alvorsame. Eg trur dei då hadde gått og samtala om at alder hadde dei fått ein slik ordre i sitt liv.

Me kom no i alle fall te Fjærland, og dar tok me inn hos ein som blei nazist ittepå, og då blei eg heit om øyredn når eg høyrte gjete at han va for då kunne han ha anmeldt meg. Men me budde no hos han, so han hadde no komme i litt vanskeleg lys sjølv og. Men da endte med at han følgde oss ein måle framover i Bøyumsdalen so me fekk bjønda å gå oppover mot breen. Me kom omtrent midt innpå breen, soli ho sto nestan midt i nord, ditta va siste delen utav mai, so da va nær solsnuen, og så e da klart at når du kjem høgt opp, so får du nestan sol heile natti. Men beste me gjekk dar, plutseleg haure eg motordur, og so kom da ein heil flokk med tyske fly beint over oss.
Da e noko tå da mest nervepirrande eg ha hatt i heile mitt liv, for eg va klar over at dei va nøydde å sjå oss dar på kvite breen og ingenstad å gjera av seg. Eg trur me stoppa, sovidt eg kan hugsa, men dei forsvann, og eg såg ikkje nåke te dei meir. so anten dei trudde da var reinsdyr eller andre folk, da kan eg ikkje svara på.

Dinna Oslomannen so va med, han hadde ein voldsomme vanskelegheit på dan måten atte når han kom dar so da va utføre elle flatt og vidt, so fekk han ein slags… muskladn tekte seg isaman i ansiktet på han og fingradn krøkte seg og so bjønte han å kommanderte meg:

- Gå der! Nei der! Gå der!

Eg prøvde å ittekoma han alt eg kunne, men da va umuleg, kå eg prøvde so va han heilt umuleg. Når me kom bort dar so me skulle gå ned, då sette han opp. Ikkje tale om. Eg prøvde å øvertala han og synte han. Eg trudde da va nokso harde skare oppå toppen på Lundeskaret dar me skulle ta ned, atte me trødde godt nedi med heladn, me hadde beksaumsko, so da va godt å gå ned, men da va umuleg. Han va ikkje me seg sjølv ser du. so blei eg førarga, so hogde eg tak i armen på han, so dreiv eg avgarde neover so han for so ei fidla, men eg hilt han. Han sette nestan ikkje føte unde seg helde te bjøna med, men eg trur eg sa:
Ditta e farleg! Ditta e farleg! medan eg steig på niti. Da va ikkje pent gjort, men vel, vel, eg måtte ha han med meg, og da gjekk bra. Me va utav dei fyrste so kom ned. Men då burde eg ha skjønt at dei so va i følje med oss, dei va trøytte, for eg la merkje te atte da va einkelte so ikkje va komne meir elle halvveges.

Eg la ikkje nåke særleg brett på da då, men eg venta naturlegvis til dei va nedkomne alle, og me gjekk då vidare heimover dalen, heimåt Lunde, men da gjekk smått og da va mange so blei atte. Men me kom no heim te Lunde omsider, og eg fekk treffa han Anders Lunde. Han va breførar og ein veldig kjekke kar. Han hadde ei stova so dei ikkje budde i, so han opna dar so me fekk gå inn dar. I same dassa karadn kom inn - dei bar inn nokre bord elle plankar so dei kunne sitja på - so sette dei seg ned på benkedn slek so dei kom inn og hadla eksledn i saman. Eg trur ikkje da va meir enn ein par minutta, so sov dei so da snurkla atti, og vatnet rann or støvladn og bortitte golvet. Dei hadde ikkje styr om nåken ting. Då skjønte eg atte da va berre viljen so hilt da gåande. Og han so hadde brote foten sin so førderva - før kår gong me stoppa og kvilte so hadde han opp buksa, og kneet va so hove da va førferdeleg, men han la på snø, og so hadde han ein svere bjørkestokk so han hadde funne tak i, so han gjekk og støtta seg på. Han ga ikkje opp, han følgde med oss.

De e ufatteleg når folk ikkje gjev opp, kå dei kan få te. Da va ein gode lærdom å sjå han kå han greidde å følgja med. Men når eg og han Anders Lunde såg dei va so trøytte, so blei me einige om atte då fekk dei få ein ekstra kviledag dar, og eg trur da va då, dagen itte om morgonen, då kom dei og leverte meg ei liti pakka, ho var ikkje stor. Eg bjønte å opna ho, da va eit kart, men ikkje eit einaste ord va da skreve. Eg trur ikkje da va nabn på ho utapå eingong. Då eg opna kartet, so va da eit voldsomt godt kart over Sunnfjord, og ifrå Lunde va da teikna eit raudt strek utover Jølstervatnet, men på motsett side av dar so riksvegen går og so vidare utover dar forbi, nedom enden ogso over dar igjen og te Eikefjorden.
Eg vart i stuss, før eg hadde fått kjennskap te atte tyskaradn va komne te Førde, og atte dei patruljerte itte vegadn nordøve dar imødlo Sunnfjord og Nordfjord heile tida nestan. Men so tenkte eg at da må vera nåken so vil oss vel, so me får ta denne ruta, tenkte eg, og da gjorde me. Me fekk ein båt som me reiste med over te andre kanten og kom oss over riksvegen og inn i skogen, og dar fortsette me mot Eikefjorden.

Eg og han Anders vart einige om at eg kunne få fri når eg hadde følgt dei eit visst stykkje dan natti, før no meinte dei at dei kunne nå eikefjorden om morgonen. Om da lukkast, da veit eg ikkje, da e muleg dei tok ein annan stad, men han hadde då fått tak i ein annan mann so kunne syna dei vegen dan stubben so va igjen. Eg hadde då fått anvist at eg skulle leggja meg i eit hus tett attmed vegen når eg kom tilbakes frå engelskmennedn.

Da e nåke so eg ikkje ha gløymt når eg skulle ta avskjed med dei, for når dei skjønte at eg skulle snu, då vart eg kalla bort te kapteinen og han bjønte halda ein tale for meg. Oslomannen oversette at dei ville gjedna at eg skulle verta med dei til England, og hvis eg ville, so skulle dei syta føre at eg skulle få den beste utdanninga so da gjekk an å få, heilt gratis, hvis eg ville vera med dei. Eg va svært i tvil, so vidt so eg kan minnast, so va da nåken tå dei unge gutadn so kom, og da va nåke slekt dei sa:

- Come to be with London England.

Eg forsto da slek atte dei ynskte atte eg skulle vera med dei. Eg tenkte på da, men så va da slek atte eg hadde far min liggjande sjuk heime, og da kom i tankadn mine at han hadde ikkje so lenge igjen å leva, so eg tenkte eg får reisa heim likevel. Da endte med atte eg reiste tebakes og kom te danna personen og datta huset so eg hadde fått beskjed om. Mannen va oppe, sjølv om da va midt på natti, og han va voldsomt nervøse.

Du ska få vera her til klokka er 6, sa han, men då må du vera kommen herifrå.

Eg trur da e dan kortaste sovenatt eg ha hatt i mitt liv, dar hos han. so hadde eg ikkje pass.
Da va komme passordning itte eg reiste, so da vart fortalt at adle so dei fekk tak i, tyskaradn, so ikkje hadde pass, dei blei tekne og overhaurde, so når eg haure ein bil so kom, so måtte eg passa på å komma meg or vegen i tiedn, og smetta meg bakom so dei ikkje fann meg, og når da va stilt, so fortsette eg framover. 'so kunne eg ikkje reisa te Førde, for dar hadde tyskaradn stasjonert seg, så eg måtte ta over ifrå Moskog og over Rørvikfjedlet. Ja, eg trur da e dan lengste marsj eg ha hatt so å seia samanhengjande nåken sinne. Eg starta dar før sørenden av Jølstervatnet og gjekk til Moskog og so oppover imot Rørvikfjedlet.

Eg blei naturlegvis svolten av og te, so eg måtte inn på ein butikk og få meg lite vetta å bita i, so og seie. Og når. eg sto dar inne på butikken, så kom dar ein bil og køyrde forbi, og eg såg da va ein personbil so va på veg oppover imot Rørvikfjedlet, så eg tenkte, hadde eg vore ute no, so kanskje hadde eg fått sote på med han dar. Men da va no ingenting å gjera med, eg starta no igjen, og når eg hadde gått noki hundre meter, dar stod bilen attmed vegakanten og ein mann stod attmed og såg litt misserabel ut. So kom eg opp og helste og han svara. so sa eg:

- Ska du oppover?

Ja, eg ska oppover, sa han, so viss du kan hjelpa meg å legga om hjul, so ska du få sitta på med meg.

- Javel, sa eg, da trur eg eg ska greia, før da har eg no vore borti.

Eg fekk reidskap og bjønte skrua på hjuli. so seie han plutseleg:

- Du kjeme frå Lunde, du.

Då laug eg, da ska eg gjédna innrøma.

Lunde, eg? sa eg, eg har vore i Sunnfjord på gardsarbeid og ska heimatte. So blei da stilt lite vetta, so sa han:

- Eg veit alt om deg, eg.

Eg blei heit om øyradn, da ska eg ærleg innrøma. Eg tenkte, kå ska ditta bety? Men so sa han ikkje meir, eg sette på hjuli, sette meg inn i bilen, og so køyrde me. Då me hadde køyrt ein måle, so seie han.

Då du va på Lunde, so fekk du eit kart, og på det kartet so va da eit raudt strek. Da va eg og doktor Bydal og hotellvert Skrede so kom i saman og fann ut at me ville prøva å hjelpa deg. Eg heiter ingeniør Skår, men eg har alder sett deg og du har alder sett meg.

- Da stemme, da., sa eg.

Og no ska du få følgje, sa han. Me ska oppover i Viksdalen og sjå etter.

Da va ei heil måle darifrå, men so skulle me møta lensmannen like etterpå, dei skulle undersøkja om da va lagt underminering under bruadn.

Lensman, sa eg, han er eg ikkje mykje interessert i å treffa, før eg har ikkje pass.

- Ja, da ska du ikkje bry deg om, sa han. Og han ut te lensmannen og preikte om at han hadde ein passasjer med seg, og eg haure ikkje noko til lensmannen. Men då me kom lenger bortover, då haurte eg lensmannen snakka, men då var ikkje ingeniøren på staden.

Eg har so dårleg bil, sa han. No trur eg me set oss inn i bilen til ingeniøren adle. So tenkte eg, ja då får eg vel seia adjø, for eg var klar over atte då kunne ikkje eg få vera med. Javel, eg reiste bort til ingeniøren då han var åleine.

- No får du leva vel, sa eg, før no blir ikkje eg med lenger.

- Å, kåfør da?

- Nei, lensmannen sa at du måtte køyra dei, og då blir da ikkje plass til meg.

- Jo, da ska bli plass te deg, sa han. Du må berre stoppa.

Det enda då med atte eg fekk setja meg på igjen, men da vart ikkje so veldig langt oppom dan siste brui dar, so måtte eg ta føtedn fatt igjen. Eg gjekk oppover Gaularfjedlet og va kommen opp te øvste garden. Heitt og godt va da om dagen, so eg fekk gå inn dar, og dar kvilte eg meg ei stund og fekk meg mat. Men so starta eg oppigjen då, om kveldingen, og skulle gå over, eg hadde no alder vore uti dar før, men da gjekk godt. Eg fann ski då eg kom opp på fjedlet, før da va mange rømlingar so hadde gått over fjedlet ifrå Voss og gått over te Vetlefjorden og so over Gaularfjedlet te Viksdalen, utav sunnfjordingar som hadde vore på Voss. Difor låg da ski oppetter adle haugar når dei hadde kome so langt att dei hadde fått av seg skiedn og kunne gå på føtedn.

Eg har tenkt på da no ittepå, dar e ikkje so godlendt frå Gaularfjedlet og ned imot Vetlefjorden, og datta va sovidt eg veit før da kom veg dar, i alle fall såg eg ikkje teikn te veg dar. Men da eufatteleg kå godt da kan vera te ha kjennskap te fjedlet når ein ska gå dar.
Eg va heilt åleine om natti då eg gjekk, og da gjekk veldig godt, men eg blei trøyttare og trøyttare, og når eg kom so langt at eg var kommen ned i flatdalen i Vetlefjorden, då va da vorte so ilt unde føtedn mine, da va nestan so da va varme laust unde dar, og eg hugsar eg la meg neti veggrøfti og sette føtedn oppitte ein gjerding og låg ei stund slek, før eg trudde da skulle sprikka unde fotsoladn mine. Men eg krekte meg no so eg vann heim, men so torde eg ikkje vekkja dei på pensjonatet, for eg visste ikkje om da va tyskarar eller nåken ting, so eg tenkte eg får reisa nedåt sjøen, og da gjorde eg. So vann eg inn på eit båtnaust, på loftet dar. Dar la eg meg med ryggsekkjen unde hove, og eg va so trøytte at eg sobna. Da va nokså kjøleg og, men sobna gjorde eg.

Eg vakna plutseleg av at eg haure eit skot, klokka va vel ein 4- 5, kanskje 6-7, då såg eg ein mann dreiv på uti ein båt, kjidna på motoren. Då hadde motoren slege eit slag, da va skotet eg haure! so ropa eg bort te han:

- Kest ska du?

- A, eg ska te Holmen, sa han.

- E da langt darifrå te Balestrand, spurde eg. So sette han i å skratla.

Nei, me kadla da Holmen me, Balestrand, sa han.

- Får eg bli med?

- Ja, vent ein augneblink, eg ska komma bort og henta deg.

Då hadde han fått starta motoren, so kom han bort unde brygga dar eg va. Eg steig uti te han, følgde han te Balestrand og steig i land. so skulle eg venta te båten kom frå byn.

Da va ikkje lengje eg venta i Balestrand før båten kom, og han va nestan fudle me tyskarar. Det versta va atte dei stilte seg opp attmed landgangen og kontrollerte adle so gjekk både ifrå båten og ombord, og eg hadde ikkje pass! Eg sto midt i lag med folki, so eg sto trygt då, te bjønda med. So tenkte eg at dei må no vel bli leie av å stå dar, tenkte eg heile tida, dei må no vel stikka seg vekk lite vetta og. Plutseleg forsvann dei litt, so eg ikkje såg dei.
Eg tok fart da felaste eg va god te og for opp landgangen og opp på dekk, bakitte rekka, opp troppi og opp på øvste dekket og rende bortåt ein livbåt, tok opp luka, smette meg oppi og la luka atte. Men da må ha vore nokon so hadde sett meg, for då eg hadde lege ei stund, so beste da va so bjønte da å lysna, og då gjekk da heite ilingar igjenom meg. Men plutseleg såg eg ei bok, ho seig innover båtripi, og so haure eg ei stemma so sa:

- Denne treng du.

Eg tok imot boka, sidan har eg ofte angra på at eg ikkje gøymde ho, eg veit ikkje kest da vart av ho. Eg trur eg va so oppkava atte sjølv om eg prøvde å lesa i ho, so hugsa eg i alle fall ikkje noko tå innholdet.

Men eg låg dar, og dar måtte eg liggja. Og båten, han för.
Dei so hugsar dei gamle båtadn, dei hugsar at dei dreiv på att og fram i adle dei plassane so fanst, so eg trur da gjekk nestan to døger før me var komne te Lærdal. Han fér innom Flåm og han va adle stad. Og tyskaradn herja so eg haure dei skreik. Og so lengje eg haure denna skriken og datta sirkuset, so visste eg at da va ikkje råd før meg å komma meg oppor. Men då me kom te Lærdal, då vart da stilt, so då tenkte eg no får eg no ut og høyra kå ditta hengde saman, og so trefte eg ein mann itte eg va kommen på dekk. so seie eg:

- E da tyskarar ombord?

Nei, dei e reiste adle saman i Lærdal, svara han.

Eg må testå, atte då datt da tå meg ei bør, då fekk eg no komma meg ned atte.
Frå Lærdal gjekk me, men me kom ikkje te Marifjøra før neste morgon, for då hugsar eg han Jakob Eikum. Han kom ned på kaia og bøygde seg over rekka, og so spurde han:

Kå gjekk da med dei du reiste med?

So tenkte eg, kå i all verda ha du rede på ditta dar? So såg eg opp på han, og so sa eg:

No, Jakob, ska eg seia deg ein ting. No må du slutta å tru på alle løgnedn so fere. Å, han blei altso so løgen i andletet, eg gløymer aldri da andletet, før han visste da so vel atte da va ikkje løgn.
Men eg kunne no ikkje testå eg helde, eg va no ikkje nåken særleg bra mann i dan tidi helde, da får no vera so, da.