Friluftsmuseet på DHS-SF

Trådlaust internett på friluftsmuseet

Museet kan no tilby gratis internett på deler av friluftsmuseet. På kartet her kan du sjå kor du finn dei beste punkta med dei starkaste signala.

På desse punkta finn du og ein plakat med QR-kodar som du kan nytte til innlogging på museet si heimeside med oversikt over dei husa du stort sett kan sjå frå der du står.

Lista over husa finn du eit stykke nede på sida dersom du nyttar mobiltelefon. På kvart av desse kan du lese om husa eller høyre ein audioguide som fortel om dei.