Lærdalsøyri 1846

Til Lærdal for «god fortieneste»

Jord var makt og velstand.

Bortimot hundre prosent av folket både i byar og på landsbygda levde av jorda eller det jorda gav på 1600-talet. Ryddingsarbeidet etter Svartedauden gjekk for fullt framover mot 1660 og jordeige var den viktigaste målestokken for velstand. Reformasjonen i 1537 gjorde at kongen i København fekk hand om, eller sagt på ein annan måte, røva til seg, mykje kyrkjeleg jordeigedom, også i Lærdal. Etter kvart som han fekk bruk for meir og meir pengar til dei mange krigane han førde, selde han unna jordeigedomane han hadde fått hand om (krongodset) til adelsfolk, kongelege embetsmenn som futar og prestar, og velståande jordeigarar og byborgarar. Dei fleste budde utanom bygda og hadde jordeigedomar i mange bygder rundt om. Innbyggjarane sjølve rådde eigentleg lite over eigne verdiar.

Utanbygds spekulantar.

Utover på 1600-talet ser me at det er slike utanbygds rikfolk som sit på det meste av verdiane i Lærdal. Me finn namn som Vincens Lunge, Borge Juul, Iver Wind, Axel Mowatt, Gjøde Pedersen, Blixenkrone, Nils Hess, Dominikus Nagel, Peder Lem og mange fleire. Desse eigedomspekulantane hadde kjøpt opp gardpartar, skogeigedomar og sagbruk, med andre ord, det som var verdfullt i dei dagar. Dessutan, mange skaffa seg kongeleg løyve, eller privileger med monopol på å driva sagbruks-, handels- og gjestgjevarverksemd. Sjølv om det var oppgangstider på mange område og auke i folketalet på 1600-talet, var det såleis ikkje lokalbefolkninga som fekk nyta godt av oppgangen og velstanden, men dei utanbygds «kapitalistane».

Rike ressursar, men fattige bønder.

Lærdal var då som no ei god jordbruksbygd, her fanst furuskog og sagbruk i fjordbygdene, trafikken på fjorden og gjennom dalen var aukande, og ikkje minst, her var gode tilhøve for lukrativ handel. Bøndene i Lærdalsbygda eigde i liten grad jorda; dei var for det meste leiglendingar eller bygselsbønder på sin eigen gard og måtte betala jordleige til dei rike jordeigarane.
I Borgund var det litt på ein annan måte. Denne fjellbygda var vel kanskje ikkje så attraktiv for jordspekulantane. Midt på 1600-talet eigde bøndene i Borgund sjølve så pass som ca. femti prosent av jorda si. Kyrkja, prestar og utanbygds jordeigarar eigde resten. Som oftast vart leiga til jordeigaren, landskylda, betalt i naturalia som huder, skinn, korn og smør. I tillegg var det mange slags skattar til kongen og kyrkjelege avgifter. Samla kunne tyngslene vera harde for mange. Desse inntektene vart førde ut or distriktet, ja i mange høve, ut or landet til Danmark. På slutten av 1600-talet brukte kongen i København opptil 90 prosent av skattane til militære føremål.

Griske prestar.

Det var ikkje berre mektige utanbygds jordeigarar i Lærdal. Prestane hadde tidleg vist at dei kunne tena pengar på bøndene. Alt på slutten av 1500-talet er det klage i eit kongeleg dokument på dei griske prestane i Bergenshus Len. Dei dreiv med ulovleg skattlegging, kjøpmannsskap meir enn Gudsord, drukkenskap og misbruk av sakramenta. Presten Roersen i Lærdal var eit godt døme på det. Seinare kom fleire jordhungrige prestar som Hr. Hans Leyrdahl på slutten av 1600-talet, for ikkje å snakka om sonen, Hr. Jonas, som var den største jordeigaren Lærdal har hatt i nyare tid. Slik velstand verka sjølvsagt forlokkande på andre og.

Lærdalsmarknaden.

Lærdalsøyri hadde, i alle fall frå 1590-talet, avløyst marknadsplassen i middelalderen, Lusakaupangen (Kaupanger), og vorte den viktigaste marknadsplassen i Indre Sogn med stor handel av alle slags varer. Strandstaden vart den naturlege møteplassen for dei som kom over fjellet frå innlandet med sine varer, og dei som kom sjøvegen vestfrå med sine.
«Her på Lærdal foregaar betydelig omsætning av fiskevarer, salt, hør, hamp, jern kornvarer, lin, taugverk, kolonialvarer, glassvarer, kobber, mølle- og slibestene, fiskeredskaber, tobak og brændevin saavel med Indre – og for en del med Ytre Sogn som Østlandet, viss beboere hidfører fedevarer, talg, smør,huder skind, tjære, næver, trekar og møbler…» heiter det i ein uttale frå ein regjeringskommisjon to hundre år seinare, rundt 1840. Handelen høyrde marknaden til. På 1600-talet og fram til langt utpå 1800-talet var det strenge restriksjonar på varehandel. Handelsmennene måtte ha byborgarbrev og fekk då kongeleg privilegium til å driva handel.

Innfallsport for byborgarar.

Marknaden var ikkje berre ei kulturutveksling mellom bygdene, men og mellom by og land; fyrst og fremst Bergen og Sogn og dei næraste bygdene aust for fjella. Lærdal vart på ein måte ein innfallsport for byborgarar med nase for pengar til landdistriktet her i Sogn og austover. F or å driva sagbruk og handel laut du ha kongeleg løyve, men stod du på god fot med kongen og embetsverket, så det gjekk som regel greitt.
Dei fyrste av «kondisjonert stand» med dansk eller annan utanlands bakgrunn som slo seg ned i Lærdal for å driva forretningar, var på ein måte «pionærar i øydemarka». Prestefamilien vart gjerne dei fyrste dei tok kontakt med. Presten var som oftast av dansk herkomst og av «kondisjonert» stand, og prestegarden vart gjerne fyrste staden dei nye familiane besøkte.
Før det vart ein fast ordning med gjestgjevarar, hadde prestane plikt til å ta seg av reisande. Deira husvære var vel truleg dei einaste ved sida av enkelte skyssgardar som var nokolunde eigna i dei dagar til å ta inn reisande og framande. Husstandar og levesett i Lærdal elles var truleg ikkje betre enn i andre bygder på 1600-talet.
Utanom forretningane heldt dei nye innflyttarane seg mest med sine eigne og gifte seg for det meste innan sin eigen stand. Dei skapte etter kvart eit fellesskap som seinare innflyttarar kunne ha nytte og glede av. Her møtte dei kanskje slekt og kjenningar og var det næraste dei kom bymiljø og sin eigen kultur så langt unna Bergen.

Møtet med Lærdalsøyri.

Kva møtte byborgarfamiliane i Lærdal på 1600-talet? Korleis kunne deira fyrste møte med strandstaden Lærdalsøyri arta seg på den tida? Me kjenner ikkje til at nokon har skildra det, så det må bli rein gjetting basert på noko fakta om tilhøva generelt. La oss tenkja oss korleis møtet vart for ein komande kjøpmann og familien i året 1665. Namna er reelle, men resten er dikta opp:

Etter ei lang og strevsam reise i open båt frå Bergen med alt sitt og sine kom den framtidige kjøpmann Peder Ottosøn Lindenow endeleg til Lærdalsøyri i april året 1665. Her skulle dei slå seg ned. Inst inne i ein fjordarm ser dei nokre grå, låge naust ved sjøkanten. Inn i mellom nausta ligg ei og anna lita og skeiv strandsitjarstove utan vindauge med røyk opp gjennom ljoren. Dette er stover med berre eitt rom der alle bur, et og søv. Åren er midt på golvet og tek opp det meste av plassen. Over varmen heng ei gryte som dampar. Rundt om er det sengebenker med halm og nokre fillete teppe. Det er mørkt og kvalmt inne, røyken frå den rå veden ligg tjukk, nesten på golvet. I dei kolsvarte veggene er det skore ut ein og annan glugge du kan sjå ut.

Robåtar og nokre få større fartøy med mast og rigg ligg fortøydde i strandkanten, andre er dregne opp på land. Noko skikkeleg bryggje finst ikkje. Det er ikkje lett å koma i land. Elva breier seg ut her nede ved fjorden, og på flo sjø kan det sjå ut som fjorden går enno lenger innover.
Rundt om den flate dalbotnen reiser stupbratte fjell seg mot himmelen som i dag er dekt av gråe skyer. Det er litt regn i lufta, men ikkje slik det var i Bergen då dei for. Halvnakne og fattigslege ungar leikar i strandkanten, hundar, griser og høner spankulerer i dei gjørmete geilene mellom husa. Nokre karar ordnar med båtane og nøtene sine framfor nausta, medan konene vaskar klede i sjøkanten.

Ei ram lukt av fisk, gris og sur røyk ligg over det heile. Etter det dei har høyrt skal det bu om lag 60 menneske i dei små hyttene innafor nausta, for det meste fattige strandsitjarar og husmenn. Inn i mellom dei låge nausta er det to–tre litt større naust eller noko som liknar på sjøbuer. Eitt skal tilhøyra kjøpmannen, det andre gjestgjevaren, og det største er presten er sitt. Dei betalar båtskyssen, stig i land og ser seg rundt.

Mismodet stig ved det dei ser. I fyrste omgang skal dei ta inn på gjestgjeveriet. Kvar bur gjestgjevaren, Peder Kramer? Dei ser ikkje teikn til eit «anstendig» borgarhus nokon stad. Det vart sendt bod, og etter ei stund kom ein halvvaksen gut med ein mager hest spent føre ei langvogn.
Det er berre plass til bagasjen på vogna. Den komande kjøpmann med kongelege privileger, Peder Ottosøn Lindenow av dansk opphav med kone og tre små born må gå til fots etter vogna oppover den gjørmete gata på Lærdalsøyri denne grå aprildagen året 1665. Dei fornemme bykleda av mørk fløyel med kvite silkekragar skil seg ut her blant grå vadmål og illeluktande filler.

Innbyggjarane glaner der dei skrid oppover blant dei røykspyande grå og brune låge stovene. Dei høghæla skorne vert fort dekt av søle og skit. Vogna stansar etter nokre hundre meter framfor eit noko større, men likevel typisk tømra «bondehus» som ligg inne i eit tun med nokre mindre uthus rundt. Dei er komne til gjestgjevargarden og gjestgjevaren, Peder Kramer, sjølv Bergensborgar, tek i mot dei på trappa og ønskjer dei velkomne på dansk iblanda noko plattysk.
Endeleg møter dei eit nokolunde «anstendig menneske med dannet bakgrunn», tenkjer den framtidige kjøpmannen på Lærdalsøyri, sjølv om Kramer ikkje er den mest «anstendige» ein kan tenkja seg. Han ber preg av å ha budd på staden ei stund. Slitne og skitne, noko gamaldagse byklede og «gjestgiveriet» hans er ikkje av det mest eksklusive heller. Han er likevel av deira eigen stand og snakkar deira eige språk. Inne er det to stover, den eine utstyrt med nokre små vindauge med grøne glasruter og til og med «kakkelomn». Kjellaren har brennevin- og ølutsal.

Etter ei stund framfor «kakkelomnen med ein god og varm punsj, ser Peder Ottosøn Lindenow lysare på framtida som privilegert kjøpmann på Lærdalsøyri. I morgon skal han sjå på hus og han har høyrt det skal vera god «fortieneste i disse egne». (Sjølv om me trur at Peder Ottosøn Lindenow, fødd ca. 1602, kona og dei tre borna var i Lærdal rundt midten av 1600-talet, vart ikkje han handelsmann lenge her, for det er svært få opplysningar å finna her om denne familien.)

Dei fyrste Bergensborgarane i Lærdal.

Dette tenkte møtet med Lærdalsøyri kunne kanskje arta seg slik for dei andre utanlandske «innvandrarane» på 1600-talet og for alt me veit. Forutan Lindenow finn me i Lærdal handlande Bergensborgarar som Anders Jakobsøn Dischington og Lauritz Siffursen kalla «Lauritz Styrmann» som og hadde båt. Ei einsleg dame med det ærverdige namnet Johanne van der Felde, eller «Madam van der Felde», var her og på den tida. Kvar dei budde, veit me ikkje, men mest truleg lite standsmessig i små stover slik dei andre budde på Lærdalsøyri i dei dagar. Kanskje hadde dei litt ekstra luksus i den mørke røykstova som nokre grøne glasruter, ein sliten utskoren gyldenlærstol, lysestakar, tinnkrus og tinntallerkar. Til og med ein «kakkelomn» med skorstein kunne stova ha dersom ho var litt større enn gjennomsnittet. Desse var alle her berre ei kort tid og la att få spor for ettertida. Men dei neste familiane veit me litt meir om:

Petter Kramer (ca. 1612–ca. 1680) kom frå Bergen til Lærdal om lag 1648 med kongeleg løyve til å driva gjestgiveri som den fyrste på Lærdalsøyri. Han var gift med ei Margrete Kjellsdotter. Dei fekk eitt barn i Lærdal, Jochum, fødd om lag 1662. Elleve år seinare fekk han borgarskap i Bergen. Men kva som så skjer er usikkert, truleg vart det vanskelege tider for han; å vera gjestgjevar på den tid i Lærdal var ikkje det mest innbringande. Før han landar på Maristova som «stuemand» for fjellstova, vart han titulert som «strandsitjar» på Lærdalsøyri, og det ber ikkje bod om stor velstand. Sonen gifte seg «ned i bondestanden» og han og kona fekk mange etterkomarar i bygdi.

Ettermannen hans i gjestgjevargarden derimot, Peder Nielsøn Hiermann (ca. 1640–1709), hadde fleire og solide bein å stå på. Han kom til Lærdal som ungkar og byborgar av Bergen om lag 1673. I tillegg var han futen sin fullmektig. Han var av rik familie som hadde store eigedomar. Farbroren hadde kjøpt ein del av den store garden Stødno i Lærdal, noko Peder Nielsøn følgde opp med vidare. Stødno er slektsgarden for Hjermann-familien den dag i dag, meir enn 300 år etter. Eit strategisk giftarmål med dotter til den rike presten i bygda, Hr. Jonas Fanning, var heller ikkje å forakta. Ellen Jonasd. døydde likevel tidleg og Peder rakk å gifta seg to gonger til, begge gongene innan sin eigen stand og til meir rikdom. Han og dei tre konene fekk 12 born til saman. Då han døyr med eit rikhaldig skifte i 1709 ser me at det er velstand i gjestgjevargarden.
Etter at alt det jordiske godset var delt, fekk presten, Hr. Hans Leyrdahl, 10 dalar for to «ligpredikener» og «Lasse Tjenestedreng» fekk 1 dalar for å ha ordna med grava inne i kyrkja.

Gjestgjevargarden vart fyrste tilhaldsstad også for den neste innvandrar til Lærdal på 1600-talet som eg vil nemna, Claus Pedersøn Rumohr (1632- før 1707).
Etter tradisjonen skulle slekti hans koma frå Holstein, Tyskland, med samband til Ahlfeld. Sjølv var Claus Pedersøn fødd i Sønderborg på øya Als i Sør-Jylland. Han kom til Bergen og vart «overtoldforvalter» i 1663, sikkert eit innbringande embete på den tida. Han fekk «borgarbrev» av Bergen og med det i lomma kom han til Lærdal og starta opp som gjestgjevar på Lærdalsøyri. I 1685 fekk han seg handelsprivilegium og vart handelsmann i tillegg.
Samstundes hadde han sikra seg eigedomsretten til ein av dei største og finaste gardane i Lærdal, Rikheim. Han var fyrst gift med ei Maren Pedersdatter som døydde før han hadde etablert seg i Lærdal. Dei fekk tre born. Faren til andre kona, den rike Lauritz Rosenberg, hjelpte han med å sikre seg Rikheim. Etterkvart fekk han hand om mykje jord utanom Rikheim og.
Han budde truleg lite på garden sin og hadde gardsstyrar. Dei mange forretningane styrde han mest truleg frå Lærdalsøyri. Han var ofte på reise, og det seiest han døydde i København litt før 1707. Rumohr-familien er framleis på Rikheim.

Dei to siste familiane vart verande i Lærdal og fekk mange etterkomarar. Fleire av dei fekk mykje å seia for Lærdal i meir enn tre hundre år framover, men det er ei anna historie.