utstillingar

Lysthuset frå Alværa

Lysthuset frå Alværa

Lysthuset stod opphavleg på futegarden i Alværa i Lavik, der futen Simon Hansen og kona Christine Finden Harberg flytte inn i 1773.

Dei flytte då med seg hovudhuset frå Bjordal, og det det står i Alværa den dag i dag.

Eit stykke vest for tunet og hagen bygde dei også dette lysthuset, truleg noko seinare i 1770-åra. Da dottera Karen Sofie i 1812 gifta seg med kaptein og seinare eidsvollsmann Ole Elias Holck og dei overtok futegarden i Alværa, flytte dei lysthuset inn i hagen, nærare hovudhuset.

1814 - DET UTRULEGE ÅRET, SETT FRÅ SOGN

1814 - DET UTRULEGE ÅRET, SETT FRÅ SOGN

Museet si utstilling til grunnlovsjubileet i 2014, følgjer dei dramatiske hendingane i året 1814, men set også søkelys på Sogn og Fjordane og våre eigne utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll våren 1814.

Kven var dei fem representantane frå Nordre Bergenhus amt? Korleis vart dei valde, og korleis var reisa til Eidsvoll? I utstillinga kan ein sjå mange gjenstandar frå tida rundt 1814, også ting som har tilhøyrt eidsvollsmennene våre.

1814 - det utrulege året, sett frå Sogn

1814 - det utrulege året, sett frå Sogn

I fjor feira vi 200-årsjubileet for Grunnlova vår.

Tek du turen innom museet kan du framleis sjå utstillinga om 1814.

Utstillinga tek for seg ei spennande soge om opphavet til noko av det mest verdifulle vi har, fridom og demokrati.

Utstillinga følgjer dei dramatiske hendingane i 1814 på nasjonalt plan, men illustrerer heile vegen med gjenstandar og bilete frå Sogn.
Her blir ein kjent med dei fem Eidsvollsmennene frå Sogn og Fjordane. Kven var dei? Korleis reiste dei til Eidsvoll? Kva åt dei, og kva sa dei?

Biletalbum frå museet

Biletalbum frå museet

På museet vårt finn du mange spanande ting. På biletbanda du finn på denne sida syner vi berre eit lite utdrag av noko av det som finns innan dei ymse emna i utstillingane og på friluftsmuseet.

Kjem du til museet får du sjå dette og mykje anna...

Ei tru med alt

Ei tru med alt

Utstilling av gjenstandar knytte til folkemedisin og overnaturlege fenomen.

Det er meir mellom himmel og jord

Utstilling av gjenstandar knytte til folkemedisin og overnaturlege fenomen.

Leitehuset frå 1960-åra

Leitehuset på DHS-Sogn Folkemuseum

Har du sansen for 60-talet og vil oppleva glimt frå denne tida, er Leitehuset noko for deg.

Huset er teikna av arkitekt Per Lingaas og vart bygt i bustadfeltet Leite i Sogndal i 1964. Det er 76 m2, bygt i éin etasje med brunbeisa panel og såkalla husmorvindauge. Det er innreidd som ein tidsriktig heim med «moderne» kjøken med oppvaskbenk av stål, varmt og kaldt vatn, elektrisk komfyr og kjøleskåp. Stovemøblane er av teak, og fjernsynsapparatet er det naturlege midtpunktet. Klede, anna innbu og utstyr avspeglar også tida.

Utstillingar

Faste og skiftande utstillingar

Museet har omfattande faste utstillingar: Jordbruk og folketru, handverk og husflid, helg og høgtid, bondekunst og tekstilar, mat og drikke, jakt og fangst, krambu og strandstad, barneutstillingar og veghistorisk utstilling.

Ei anna spesialutstilling ber namnet ”Helg og høgtid”. Den formidlar kunnskap om dei ulike høgtidsdagane våre.

Sogn Fjordmuseum i Kaupanger

Sogn Fjordmuseum

Sogn Fjordmuseum er ei eiga avdeling av De Heibergske Samlinger. Fjordmuseet ligg ved Kaupanger ferjekai, fem minuttars biltur borte frå museets hovudanlegg. Her har museet samla dei delane av samlingane som har direkte tilknyting til fjorden og livet ved fjorden. Her ligg også Glaværstova, ei gamal skjenkestove frå Glavær i Gulen, med Sogns eldste bar!

Subscribe to RSS - utstillingar