utstilling

Melheimshuset

Melheimshuset vart bygt vinteren 1939-40 på garden Melheim på Indre Hafslo i Luster kommune. Det er eit såkalla midtpipehus på om lag 60 m2, bygt i halvannan etasje med ark, på ein kjellar i gråsteinsmur.
Med røyr inn til skorsteinspipa i midten vart huset oppvarma av ein vedomn i kvart rom.
Huset er lafta, med liggjande bordkledning utanpå, og det har ein blandingsstil med trekk frå både sveitser- og jugendstilen.

Huset var opphavleg bygt som kårhus, men vart aldri brukt som det. På museet er det innreidd slik vi kan tenkja oss at ein ung lærarfamilie budde i tida rundt 1940.

Leitehuset frå 1960-åra

Leitehuset på DHS-Sogn Folkemuseum

Har du sansen for 60-talet og vil oppleva glimt frå denne tida, er Leitehuset noko for deg.

Huset er teikna av arkitekt Per Lingaas og vart bygt i bustadfeltet Leite i Sogndal i 1964. Det er 76 m2, bygt i éin etasje med brunbeisa panel og såkalla husmorvindauge. Det er innreidd som ein tidsriktig heim med «moderne» kjøken med oppvaskbenk av stål, varmt og kaldt vatn, elektrisk komfyr og kjøleskåp. Stovemøblane er av teak, og fjernsynsapparatet er det naturlege midtpunktet. Klede, anna innbu og utstyr avspeglar også tida.

Subscribe to RSS - utstilling