publikasjonar

Årbok for Sogn 2009

Årbok for Sogn 2009

 Til lesarane

I 2009 var det hundre år sidan godseigaren og samlaren Gert Falch Heiberg gav samlinga si av hus og gjenstandar til det nyskipa Historielaget for Sogn. Dette vart starten på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. I årboka markerte vi jubileet med å sjå tilbake på museet gjennom desse hundre åra.

Årbok for Sogn 2006

Til lesarane

Femten artiklar fekk vi plass til i årboka i år. Nær halvparten av artiklane høyrertil under hovudtemaet, kulturmøte. Utgangspunktet for val av tema er tilflyttinga og innvandringa til Sogn, i både nyare og eldre tid.

l dei siste tiara har flykt-ningar og asylsøkjarar frå delar av verda med krig og ufred, komme til Sogn. Nokre for kortare periodar, andre har fått sin nye heimstad her.

Boka "Levd liv"

Boka "Levd liv"

fortel soga om sogningane frå steinalderen til i dag. Korleis levde vi, og kva levde vi av? Kva arbeidde vi med, og kva trudde vi på? Gjennom ord og bilete skildrar boka hus og gjenstandar på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og dei kulturhistoriske samanhengane dei høyrde heime i. De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum fylte 100 år i 2009, og soga om museet er skildra i siste delen av boka.

Boka gjev nyttig bakgrunnskunnskap til eit kvart museumsbesøk. Ikkje minst til føre- og etterarbeid til fleire av skuleopplegga vil ho vera til stor nytte.

Årbok for Sogn 2007

Årbok for Sogn 2007

 Til lesarane

l 2007 vart Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand konsolidert med De Heibergske Samlinger —Sogn Folkemuseum. Framlegg om eit norsk reiselivsmuseum vart første gong teke opp i reiselivskrinsar i 1980, og i 1987 kom det framlegg om å knyte reiselivsmuseet til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Men det skulle gå tjue år før dette vart ein realitet. Som ei markering av samanslåinga av desse to musea synest vi det høver godt å velje reiseliv som tema for årboka i år.

Årbok for Sogn 2008

Årbok 2008

Til lesarane

l år har poteta fått mykje merksemd, etter at FN-organisasjonen FAO peikte ut året 2008 til poteta sitt år. Poteta, har ei lang historie her i landet, og saman med silda har ho berga befolkninga frå svolt og elende i dårlege tider og uår. l årboka vil også vi ære poteta, med ein omfattande artikkel om poteter og potetdyrking i Sogn, frå dei første knollane kom til Sogn for ca 250 år sidan.

Årbøker

Årbøker frå museet

Bli tingar av Årbok for Sogn!

Då får du

  • Årbok for Sogn, fritt tilsendt, i tillegg får du
  • gratis inngang på museet
  • 50% rabatt på nedfrysing av gjenstandar mot utøy

Pris kr. 300,- for enkeltperson og kr. 350,- for familie

Publikasjonar

Levd Liv

Museet har gitt ut ei rekke eigne publikasjonar. Den siste og kanskje mest kjende er boka "Levd Liv", om sogningane og museet si historie, rikt og vakkert illustrert med foto frå museet. Les meir om boka...

Årbok for Sogn:

Den tradisjonsrike "Årbok for Sogn" kjem ut kvart år i desember, og kvar bok har eit eige tema.

Tema for 2009 var museet sitt 100-års jubileum. Ein nærare omtale av denne og andre årbøker finn du her...

Subscribe to RSS - publikasjonar