museumshistorie

Svein Volds museum

Sogn Fjordmuseum i Kaupanger

Etter G. F. Heiberg si tid vart det Svein Vold, som hadde vore Heiberg sin assistent, som skulle koma til å styra museet i ein mannsalder, frå 1945 til 1980.

Vold innsåg etter kvart at det ikkje var rom for vokster og utvikling for museet i Amla, og han lanserte derfor den visjonære tanken om at museet måtte flyttast.

Planlegginga av eit nytt museumsområde på Vestreim tok til i 1960-åra, og i 1970-åra vart dei fyrste husa flytte. I 1981 vart museumsanlegget på Vestreim med ny hovudbygning opna for publikum.
Kong Olav V stod for den offisielle opninga i 1984.

Gjert Falch Heibergs museum

Gamlemuseet i Amla

FRÅ MUSEUMSSOGA

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum har fått namnet sitt etter grunnleggjaren, Gert Falch Heiberg (1871-1944). Han var godseigar i Amla i Kaupanger og dessutan ein pasjonert samlar, og i åra rundt 1900 tok han til å samla bondeantikvitetar frå Sogn og reiskapar frå heile Noreg. Denne innsamlinga skulle visa seg å bli både starten på eit samlarlivsverk og eit folkemuseum i Sogn.

Subscribe to RSS - museumshistorie