jubileum

REFORMASJONSJUBILEET I SOGN

Martin Luther og Reformasjonsjubileet i Sogn

Tysdag 31. oktober er det 500 år sidan Martin Luther slo opp 95 teser mot avlatshandel på kyrkjedøra i Wittenberg. Dette vart rekna som starten på den lutherske reformasjonen, og derfor er denne datoen sett som offisiell markering av reformasjonsjubileet – ikkje berre her i Sogn, men over heile verda.

Leik, dyr og eventyret om 1814

Friluftsmuseet

I år feirar vi 200-årsjubileet for Grunnlova vår, og på desse skuledagane formidlar vi soga om det spennande som skjedde i 1814 til dei yngste.

Med utgangspunkt i utstillinga 1814 - det utrulege året, sett frå Sogn fortel vi «Eventyret om 1814», der vi særleg festar blikket på dei fem karane frå Sogn og Fjordane som skulle heilt til Eidsvoll for å vera med og laga Grunnlova.
Og tenk, dei vart ferdige på 17. mai, og slik fekk vi både vår eiga Grunnlov og vår eigen nasjonaldag!

1814 - det utrulege året, sett frå Sogn

1814 - det utrulege året, sett frå Sogn

I fjor feira vi 200-årsjubileet for Grunnlova vår.

Tek du turen innom museet kan du framleis sjå utstillinga om 1814.

Utstillinga tek for seg ei spennande soge om opphavet til noko av det mest verdifulle vi har, fridom og demokrati.

Utstillinga følgjer dei dramatiske hendingane i 1814 på nasjonalt plan, men illustrerer heile vegen med gjenstandar og bilete frå Sogn.
Her blir ein kjent med dei fem Eidsvollsmennene frå Sogn og Fjordane. Kven var dei? Korleis reiste dei til Eidsvoll? Kva åt dei, og kva sa dei?

Subscribe to RSS - jubileum