friluftsmuseum

Henjasanden

Henjasanden på DHS-Sogn Folkemuseum

Strandsitjarplassen låg ved fjorden på Hermansverk i Leikanger kommune og var ein av fleire husmannsplassar under garden Henjum. Han vart kalla Jørondstova, etter Jørond Jonsdatter Henjum, som var gift med møllar Anders Olson Gjerde. Dei var besteforeldre til syskena Kari og Anders Henjesand, dei siste som budde her - til 1974 og 1980.

Folket på Henjasanden var husmenn med jord. Attåt gardsdrifta var Anders tønnemakar som faren, og Kari arbeidde på saftfabrikken.

Subscribe to RSS - friluftsmuseum