born og unge

Aktivitetar for borna

Eventyrskogen

Forutan ein "vanleg" leikeplass, med enkle leikeapparat, gamaldagse stylter, og ekte laftetømmer, slik at ein kan byggja seg eit eige tømmerhus, har museet ein flott naturleikeplass i skogen nedanfor hovudbygningen.

Her har vi lagt til rette for ulike former for leik i naturen. Ein kan klatra og huska, eller finna seg ein fredeleg plett for rolegare syslar. Det er spennande i skogen!

I tilknyting til naturleikeplassen er det også ei spennande naturleikeløype for borna!.

Barnehagar

Born og unge på museet

Tilbod til barnehagar

Barnehagar er alltid velkomene til museet. Vi har fleire leikeplassar, og om sommaren er også dyra på garden spennande å sjå på. I juni kvart år arrangerer museet eigne Barnehagedagar, der ungane kan få køyra med hest og vogn, høyra eventyr i ei av dei gamle stovene, og elles leika seg på friluftsmuseet. Alle barnehagane i distriktet vert inviterte til desse dagane.

Barnehagedagane i år vert 13, 14 og 15. juni.

Andre tilbod til born og unge, som ein kan finne på museet om ein vil gå på eiga hand

Skuletilbod

gamaldags skule

Museet tilbyr undervisningsopplegg frå barnehage til høgskulenivå.

For skular i desember:

8. des. Jul, tru og tradisjon. Skuledag for grunnskulen og vidaregåande skule. Påmelding

9. des. Jul, tru og tradisjon. Skuledag for grunnskulen og vidaregåande skule. Påmelding

10. des. Jul, tru og tradisjon. Skuledag for grunnskulen og vidaregåande skule. Påmelding

15. des. Jul, tru og tradisjon. Skuledag for grunnskulen og vidaregåande skule. Påmelding

Born og unge

Born og unge på museet

Skuleopplegg våren 2018!

Ved starten av eit nytt år, ser me no fram mot ein vår med mange innhaldsrike skuledagar her på museet. Me håpar mange av dykk vel å bruka ein dag (eller fleire) hjå oss!

De får her det nye vårprogrammet frå De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

Subscribe to RSS - born og unge