80 talet

Stellahuset

Typehuset Stella på DHS-Sogn Folkemuseum

På 1980-talet sette museet i gang eit pionerprosjekt og bygde eit nytt, moderne ferdighus for å dokumentera samtida.
Ein valde ferdighuset Stella frå Nordbohus, eit typehus som mange sogningar bygde på denne tida, og det vart oppført i 1987. Innreiinga byggjer på dokumentasjonen av korleis ein informantfamilie budde i eit identisk hus.
Sidan skilsmissene på denne tida vart vanlege også i bygde-Noreg, var dette ein familie med ei fråskild kvinne og hennar to barn.

Subscribe to RSS - 80 talet