Hogging av tømmer til Kvammeloftet
Prosjektet vårt på Kvammeloftet går sakte men sikkert framover.
Me har fått analysert prøver frå Kvammeloftet som viser at huset sannsynligvis er bygd omkring 1590. Handverkarane har vore fleire tura på skogen for å finna høveleg material til prosjektet.
Først hadde me ein dag kor me fann fram emnet til einerkroker og torvhaldskroker, som brukast nedst på taket for å hindre at torvtaket sklir ned.
På bilete over ser vi korleis ein finn slike krokar..