friluftsmuseet

Eventyrskogen på museet

Eventyrskogen på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

I eventyrskogen finn du Bukkane Bruse, Oskeladden, små og store troll og mykje anna spennande. Kom til museet og sjå sjølv..

I resepsjonen kan du få eit ark som syner litt av kva du finn i eventyrskogen, Fyll ut punkta på arket og sjå kor mange poeng du greier å få.
Bileta her syner korleis skjema for evenyrskogen ser ut. Du kan og henta det i vedlegget her på sida.
Lykke til..

opplev eventyrskogen

Velkomen til museet

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

I sommarsesongen har vi ope kvar dag heile veka, også på laurdagar og sundagar. Opningstida er frå 10 til 17 kvar dag. Husa på friluftsmuseet er og opne. Vi ynskjer alle velkommen til museet for ei god oppleving med spennande utstillingar og god mat i kafeen.
Frå og med onsdag 14. juni og kvar onsdag framover sommaren vil lokale gjestekokkar servere sine favorittar i kafeen. På heimesida vår og på Facebook kan du finne ut kven som serverar middagane dei ulike onsdagane. Dei vert annonsert etter kvart..

Audioguide

Når du er på museet kan du låna ein mp3-spelar med audioguide på Norsk, Engelsk eller Tysk, slik at du kan lytte til ein guide som fortel om husa på friluftsmuseet. Kvart hus er merka slik at du finn det i audioguiden og kan spela den av..

Har du eit nettbrett eller ein «smarttelefon» finn du audioguiden på desse lenkene:

Subscribe to RSS - friluftsmuseet