dhs-sf

Helgheimstova

Helgheimstova på DHS-SF museum

Das Haus wurde 1875 erbaut und diente als Schule und Unterkunft für die Lehrer der Sogndal Folkehøgskule. Die Schule war 1871 gegründet worden, als eine der ersten heute für den skandinavischen Raum typischen examensfreien Internatsschulen in Norwegen. Im ersten Jahr wurde ein Gebäude gemietet. Als jedoch das Haus in Nes am Loftesnessund fertiggestellt war, zog die Schule um und befindet sich auch heute noch dort.

Helgheimsstova

Helgheimsstova, dhs-sf museum

Huset vart bygt i 1875 som skulehus og lærarbustad på Sogndal Folkehøgskule. Skulen vart grunnlagd i 1871, som ein av dei fyrste folkehøgskulane i landet.

Fyrste åra leigde dei lokale, men då dette huset vart bygt på Nes ved Loftesnessundet, vart skulen flytt dit, der han framleis er. Staden fekk namnet Helgheim, fordi grunnleggjaren Jakob Sverdrup og etterfølgjaren Henrik Mohn Dahl ville dette skulle vera «et hellig hjem for vor ungdoms haab som skulde vække en aandens daab.»

Årbok for Sogn 2017

Årbok for Sogn 2017

For 500 år sidan, den 31. oktober 1517, sette Martin Luther opp 95 tesar mot avlatshandelen på kyrkjedøra i Wittenberg og utløyste dermed reformasjonen.
I år blir reformasjonsjubileet markert over heile verda, og det er også hovudgrunnen til at vi har valt kyrkje og kristenliv som tema for denne årboka.

Til slutt i årboka trykkjer vi årsmelding 2016 for De Heibergske Samlinger — Sogn Folkemuseum, og gjev nokre fotoglimt frå aktiviteten på museet i 2017.

Handarbeidskafè

Handarbeidskafè

HANDARBEIDSKAFÉ MED ADVENTSSTEMNING

På den nest siste dagen i november inviterer De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum til handarbeidskafé på museet.

Onsdag 29. november kl. 19.00 – 21.30 er alle velkomne til å finna nokre timars ro før advent tek til. Kanskje du rekk å byrja på den julegåva eller julepynten du har tenkt på, men ikkje kome i gang med?

REFORMASJONSJUBILEET I SOGN

Martin Luther og Reformasjonsjubileet i Sogn

Tysdag 31. oktober er det 500 år sidan Martin Luther slo opp 95 teser mot avlatshandel på kyrkjedøra i Wittenberg. Dette vart rekna som starten på den lutherske reformasjonen, og derfor er denne datoen sett som offisiell markering av reformasjonsjubileet – ikkje berre her i Sogn, men over heile verda.

Velkomen til museet

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

I sommarsesongen har vi ope kvar dag heile veka, også på laurdagar og sundagar. Opningstida er frå 10 til 17 kvar dag. Husa på friluftsmuseet er og opne. Vi ynskjer alle velkommen til museet for ei god oppleving med spennande utstillingar og god mat i kafeen.
Frå og med onsdag 14. juni og kvar onsdag framover sommaren vil lokale gjestekokkar servere sine favorittar i kafeen. På heimesida vår og på Facebook kan du finne ut kven som serverar middagane dei ulike onsdagane. Dei vert annonsert etter kvart..

Årbok for Sogn 2016

Årbok for Sogn 2016

Velkomne til årboka!

Denne årboka handlar om jordbruket, sjølve Modernæringa.

Jordbruket gjev oss ikkje berre dagleg brød, men har også definert grunntrekka ved samfunnet vårt sidan forfedrane og formødrene våre tok til å dyrka jorda og bli bufaste. Ordet bonde kjem da og av det gammalnorske büandi, fastbuande.

Sider

Subscribe to RSS - dhs-sf