dhs-sf

Norsk Spælsau

Vår viktigaste kulturlandskapspleiar!

LITT OM SAUEN

Den første tamsauen, som likna spælsauen, kom til Skandinavia for om lag 6000 år sidan. Før var ulla meir verdt enn slaktet, og mjølka var viktigare enn kjøtet. I Frankrike er framleis sauemjølk eit viktig produkt. Roquefortosten er til dømes laga av sauemjølk.
I Noreg har det vorte færre sauebruk, men mengd sau på utmarksbeite har ikkje endra seg så mykje. Dei seinare åra har talet vore på rundt 2 millionar sauer og lam (SSB).

KULTURLANDSKAP

Korona og museet

Musea i Sogn og Fjordane vil innføre gode smittevernreglar, slik at det skal vere trygt å besøke musea. Nærare opplysningar om desse reglane vert lagt ut her på heimesida. Følg med..

Sjå og endringar i opningtidene denne sommaren..

Førjulskveldar på museet 2019

Onsdag 4. og måndag 9. desember!

Velkomne til dei tradisjonsrike førjulskveldane på museet.
Ta med deg vener og familie, og finn den gode julestemninga hjå oss.

- Gå med graut til fjøsnissen kl. 16, 16.30, 17 og 17.30
- Kos dykk med julegraut, kaffi og kaker i kafeen
- Gå på julehandel i museumsbutikken og hjå dei lokale handverkarane

Gratis inngang.
Me gler oss til å sjå dykk her!

Nye utstillingar

KISTER, SKÅP OG SKRIN

I kafeen og innover utstillinga viser vi eit utval av museet si store samling av framskåp, hengeskåp, kister og skrin. Dei er rosemåla og vakkert utskorne, og viser det fremste av folkekunst frå bygdene våre.

UTSYN FRÅ AMLA

Lars Asle Vold er mellom anna kjend for dei vakre fotografia i Levd liv, boka om museet. Fotoutstillinga viser møtet mellom det trygge Amla og det harde livet som fleire av vennene hans i Romania opplever.

Haugastova

HAUGASTOVA

Den tømra og bordkledde stova er bygd på garden Haugen i Krundalen i Jostedalen tidleg på 1800-talet. Ho har to etasjar, med loft og kjellar. I fyrste høgda er det tre rom: stove, kammers og gang med trapp til andre etasje.

Årbok for Sogn 2018

Presentasjon av forfattarane:

    Kåre Hovland: Kongevegen over Filefjell "Frå geitestig til Europa Nostra-pris".

    Torunn Løne Vinje: Den eldste Dølevegen.

    Hermund Kleppa: Dampskipet «Gudvangen», ein pioner i rutefarten i Indre Sogn 1866—1873.

    Terje Eggum: Det lange tunneleventyret i Sogn.

    Aage Engesæter: Ferdsla over Loftesnessundet.

    Oddmund L. Hoel: Forretningsmannen og målmannen Henrik Krohn.

    Henrik Krohn: Til fjells.

Familiedagen 2018

DE HEIBERGSKE SAMLINGER SOGN FOLKEMUSEUM

Søndag den 9. sept. k 12-17

Tema: «Eventyr, segner og overtru»,

Aktivitetar i husa med eventyrforteljing, flatbrødbakst, handverk, musikk og omvisingar - Gardsarbeid - Föring av dyr - Hesteskyss - Verkstad for barn - Eventyrskogen -

Aktivitetar med speidarane i Kaupanger og Ung husflid - Veteranbilar - Eventyrfigurar i vev og tre m.m.

Kafé: Sal av betasuppe, hellekaker m.m.

ALLE ER VELKOMNE!

Vanlege billettar, gratis inngang for alle med årskort

Sider

Subscribe to RSS - dhs-sf