Sogn Fjordmuseum i Kaupanger

Svein Volds museum

Etter G. F. Heiberg si tid vart det Svein Vold, som hadde vore Heiberg sin assistent, som skulle koma til å styra museet i ein mannsalder, frå 1945 til 1980.

Vold innsåg etter kvart at det ikkje var rom for vokster og utvikling for museet i Amla, og han lanserte derfor den visjonære tanken om at museet måtte flyttast.

Planlegginga av eit nytt museumsområde på Vestreim tok til i 1960-åra, og i 1970-åra vart dei fyrste husa flytte. I 1981 vart museumsanlegget på Vestreim med ny hovudbygning opna for publikum.
Kong Olav V stod for den offisielle opninga i 1984.

Utanom museumsområdet på Vestreim har museet også ei avdeling ved fjorden i Kaupanger, Sogn Fjordmuseum.
Museet eig også nokre mindre anlegg som ligg på sine opphavlege stader, eigedommen Elvhaug i Sogndal sentrum, småbruket Eidet, Stedje mølle og Tingastadsagi.