Tomling

Støyping av Tinntomlingar

STØYPING AV TINNTOMLINGAR.

Artikkel frå "Årbok for Sogn" 1982
Av Svein L. Vold.

I 1904 kjøpte G.F. Heiberg av blikkenslager Heggelund, Lærdal eit velbrukt sokalla "tomlingstøyp" av massing. Formi har katalog nr. 563: "Standsen i to halvdele, innvendig forsiret. Modelhalvkuglen av træ mangler".

tomlingform

Tinn og bruk av tinn til ymse føremål var kjent og nytta alt i oldtidi, t.d. foliering, legering og fortinning. Her til lands tok støyping med tinn i noko større omfang først til på 1400-talet, samstundes som det og vart importert tinnsaker frå utlandet. I hovudsaki gjaldt det gjenstandar nytta til servering av mat og drykk. Etter spreidde funn under kyrkjegolv å døma, førekom ogso støyping av prydnadsting, m.a. knappar, maljer o.a. i siste halvdel av millomalderen. Lenger fram i tidi fekk tinnsaker både av norsk og utanlandsk opphav meir innpass i by og bygd.

Reint tinn smeltar ved 231,89 grader Celsius og kokepunktet er på 2.2600. Under støyping må ein m.a. ta omsyn til om metallet smeltar ved "låg" temperatur, om det i smelta tilstand er tuntflytande og når det storknar ikkje etterlet luftblærer i godset Det er og ynskjeleg at metallet utvidar seg i den korte tidi medan det storknar slik at dekoren (siseleringar) i formi kjem tydeleg fram på den gjenstanden ein skal støypa. Formene skal ha eit holrom som tilsvara dei tingi ein ynskjer å laga, og dei (formene) må vera samansett av so mange deler at desse kan takast frå kvarandre utan at dei tingi ein støyper vert skadde.

Den eldste framgangsmåten ein kjenner å støypa tinntomlingar på var:

1. Å støypa tomlingen kompakt. Det vil segja at berre utsida av tomlingen fekk den form og dekor som var tiltenkt, men for å få den uthola innvendig, vart den svarva /dreia inntil ein fekk den tjukkelse på sidene ein ynskte tomlingen skulde ha. Under støypingi vart formi då sett opp-på eit slett underlag t.d. ei skiferhelle, støypejarn- eller "sota" treplate. Det tok forholdsvis lang tid før tinnet storkna når ein støypte tomlingane "kompakt", og arbeidet med å dreia ut tomlingen innvendig tok og si tid, so nokon "masseproduksjon" av tomlingar ved bruk av ovannemnde framgangsmåte vart det ikkje.

2. "Modell-halvkule av tre". Då ein tok i bruk "modell-halvkula" som var dreia av "tett" trevyrke, gjekk arbeidet med å støypa tomlingar både lettare og fortare. "Halvkula" (underdelen) tilsvara det innvendige holromet tomlingen skal ha. "Halvkula" var festa til ei plate av tre, og for å kunna plassera den midt i formi (overdelen) vart det slege ned nokre metallstifter i ring i høvande avstand i treplata. (Sjå fig. nr. 1.)

Før ein byrja støypingi måtte ein sota den aktuelle halvkula av tre og sameleis dei to siselerte delane av formi (overdelen) godt inn med osen frå eit brennande talgljos. Trevyrke toler i lengdi ikkje slike høge temperaturar som det smelta tinnet må ha. Formi av tre skrumpar inn, sler sprekker eller rett og slett morknar opp etter ei tids bruk, med den fylgje at ytterflata vert ujamn og ru slik at innsida på tomlingen vert deretter. Først når underdelen av støypeformi vart laga av massing og ytterflata av den sokalla "halv-kula" polert, var ein kome fram til ei teknisk brukbar form som kunde nyttast til serieproduksjon av tinntomlingar.

Framgangsmåten ved støyping av tinntomlingar:

A. For å kunna støypa feilfrie tinntomlingar måtte ein passa på å sota godt inn dei 3 delene formi var samansett av: 2 overdelar og 1 underdel. (Sjå foto nr. 2 og 3.) Deretter var det å pussa formdelane med ein mjuk klut/fille for so enno ein gong å gje den eit nytt sotlag. Til det nytta ein logen frå eit talgljos.

B. Tinnet vart smelta i glørhaugen i peisen / grua / essa. Som smeltedigel brukte ein ei langskafta jarnause med "utrennstut" til to sider. (Sjå foto nr. 5.) Det smelta tinnet burde ha ein temperatur på 300 til 350 grader Celsius då det skulde fyllast i formi. For kaldt eller varmt gav mindre bra resultat. (Sjå foto nr. 6.)

C. Straks tinnet storkna var det å skilja / løysa underdelen av formi frå dei to samansette overdelane. Ein brukte å setja odden av tollekniven mellom over- og underdelen av formi samstundes som ein vrikka med kniven for å løysa formdelane frå kvarandre. Same framgangsmåte vart nytta til å skilja dei to overdelane frå einannen. (Sjå foto nr. 7 og 8.)

D. Når tomlingen var løyst frå formi måtte ein sjå nøgje etter om den var utan støypefeil, t.d. luftblærer, gjennomgåande hol i godset eller om den hadde storkna so fort at den var "sprukken". I tilfelle feil var det å ha tomlingen i smelteausa i von om feilfritt resultat ved neste støyping.

E. Var tomlingen fri for støypefeil kunde ein gå i gang med "pussingi". Først klipte ein av den traktliknande "tappen" som vart i i-slaget på formi. Til det arbeidet vart nytta ei hov- eller knipetang. (Sjå foto nr. 9.) so var det å skjera reint med ein kniv der den avklipte "tappen" hadde stått for å få undersida / stetten glatt og plan, og til slutt fekk kanten/ randi av tomlingen ein finpuss med ei dertil høvande småtanna fil. (Sjå foto nr. 10 og 11.) Og dermed var tinntomlingen ferdig for sal eller gåve.

Frå naudsåri i byrjingi av 1800-talet har ein tradisjon om at det til Sogn kom arbeidssøkjande m.a. frå Valdres og Hallingdal. Som oftast lyder forteljingane slik: Ein dag kom ein framandkar til gards og spurde etter arbeid. Bonden på garden syntest han hadde nok av munnar å metta og meir arbeidsfolk enn turvande var, men ettersom framandkaren la ut om sers dugleik i det eine eller andre handverket, skulde han få ein sjangse og syna kva han dugde til.

Frå Vik i Sogn har me ei forteljing om ein valdris som i naudsåri i førre århundre kom til ein gard der i bygdi og spurde etter arbeid: Fekk han låne smia, skulde han prova han kunde både smi og støypa. Framandkaren vart då beden om å støypa eit pungelås og ein ljosestake. Gardbrukaren tykte so vel om arbeidet at han let valdrisen få ein plass under garden og dertil rådvelde over gardssmia.

Det vart ikkje berre med det eine pungelåset og ljosestaken. Valdrisen vart ein mykje nytta gjørtlar som sette si ære i å laga vakre og solide ting: spenner, maljer, pungelås, ljosestakar og dessutan tomlingar,

I dei fleste bygder i Sogn fann ein heimelaga gjenstandar støypt av tinn eller massing t.d. sko- kne- og beltespenner, maljer, knappar, syljer, fiskepilkar. Formene ein nytta var enten av kleberstein, metall eller trevyrke, Kunsten å støypa i sandformer var ogso kjent og brukt.
For det meste var støypeformer av metall by-arbeid laga av ein fagmann og kjøpt av interesserte landsfolk som var på bytur. Derimot former av kleberstein, sand eller tre var gjorde av meir og mindre hendige bygdefolk til eige bruk. Rett nok fanst det ein og annan som dreiv støyping av ymse bruksting for sal både i og utanom si eigi bygd, men desse var det få av i forhold til handverkarar og andre som dreiv litt støyping av tinn- og massinggjenstandar som attåtnæring i tillegg til sitt faste yrke.

Meir krevjande arbeid so som fortinning av brygge- yste- og kaffikjelar og støyping av ljosestakar vart utført av fastbuande eller omreisande blikkenslagarar.

Tomlingar - anten laga av sølv, massing eller tinn, alt ettersom ein hadde råd/ pengemidlar - var vanleg å finna på kvar gard i eldre tid. Dei vart nytta til å skjenka dram av og hadde sin faste plass ved sida av brennevinsflaska i kråskåpet. I festleg samvær tok ein ofte tomlingen og brennevinsflaska med for å skjenka slekt og vener, og ikkje å forgløyma når ein avtale var inngått - det vere handel eller byte - å drikka kjøpskål,

På YouTube kan du sjå ein liten film om støyping av tinntomlingar