Vestlandsk Fjordfe

Storfe

VERN AV GAMLE STORFERASAR

På 1990-talet heldt fleire av dei gamle storferasane på å verta utrydda. Norsk Landbruksmuseum og nokre bønder har teke vare på dei, og du ser nokre av dei her på museet.

Vestlandsk Fjordfe var den opphavlege kurasen på Vestlandet. Den har stor variasjon i farge, teikning og horn/kolla. Telemarksfeet har og lang tradisjon her i Sogn. 1 1887 var det starta alsstasjon for telemarkskyr på Stedje i Sogndal.

Vestlandsk raudkolle har sitt opphav i sør Rogaland og Vest-Agder. Rasen oppstod på 1700-talet og er ei blanding av Lyngdalsfe og Jerseyfe. På byrjinga av 1900-talet vart det selt mange avlsoksar til fjordfedistriktet, og såleis oppstod det raudkollebesetningar heilt nord til Møre. Rasen var ein god mjølkerase. Alle dei gamle rasane var lette til beins og nøysame på fôret, ein føresetnad for dei gamle driftsformene her på Vestlandet. I sommar har vi kalvar av vestlandsk raudkolle her på museet.

KULTURLANDSKAP

Storfehaldet har sett sitt preg på kulturlandskapet gjennom beiting, trakk, gjødsling og frøspreiing. Kua et helst gras og urter som ho samlar med tunga og "riv" av. Kyrne var viktige for stølsdrifta. Beiting, fôrsanking og ikkje minst vedhogst til ystinga gjorde at liene hadde mykje mindre tre enn i dag.
Stølsdrifta hadde størst omfang kring 1850, då det var 53 000 stølar i drift her i landet. I dag er mindre enn 2000 stølar i aktiv drift

HISTORIA OM AUDHUMLA - URKUA FRÅ SAGATIDA

«Den norrøne gudelæra fortel at det frå opphavet fanst ei ku som heitte Audhumla.
Ein dag slikka Audhumla så ivrig på ein saltstein at den gjekk sund, og ut av holet kraup det fram ein mann med namnet Bure. Bure fekk tre søner, og det var dei som skapte jorda».