Steinkrossen i Krossteigen i Eivindvik

Steinkrossen i Krossteigen i Eivindvik

Biletet til venstre viser krossen i Krossteigen før opprettinga. Til høgre ser vi krossen etter opprettinga.
(Foto: Arthur Fasteland. Eigar av foto: Bergen Museum).

Ein artikkel frå Årbok for Sogn 2000

Av Arthur Fasteland

Etter at Gulatingsstaden vart utpeika som Sogn og Fjordane sin tusenårsstad, har naturleg nok dette emnet på nytt kome sterkt i framgrunnen. Ein observasjon og eit praktisk arbeid som eg fekk ta del i i yngre år, og som hittil berre har vore tilgjengeleg i Bergen Museum sine arkiv, kan følgjeleg ha allmenn interesse. Difor denne vesle artikkelen i Historielaget for Sogn si årbok.

I juleferien i 1961, nærare bestemt den 22. desember, på skamdagen, som dei gamle sa, dvs. årets kortaste dag, hadde eg ærend ute på prestegardskontoret i Eivindvik hjå sokneprest Johannes Holten. Under vitjinga mi der la eg merke til at presten fleire gonger var bort i glaset og såg oppover i bakkane ovanfor prestebustaden. Til slutt vart dette så påfallande at Holten ba om orsaking, men du skjønar det, sa han, at ho Pernille i Austgulen, som no bur oppe på Gamleheimen, har fortalt meg at sola aldri går ned over steinkrossen i Krossteigen.

Historisk interessert som eg var, tok også eg til saman med Holten å observera krossen. Vinterdagen var strålande med høg blå himmel og litt etter litt tok sola til å skina lenger og lenger ned over krossen til dess heile krossen stod innhylla i bleik vintersol, men så snart solskinet nådde overgangen mellom krossfoten og grasbakken tok sollyset til å krypa oppover krossen att. Dette var både ei interessant og sterk oppleving. Krossen var nok ikkje plassert tilfeldig kvar som helst i Krossteigen!

Førstundes var dette ein observasjon som berre vart bytt mann og mann imellom munnleg, men etter at eg tok til på arkeologistudiet på Universitetet i Bergen og kom i nærare kontakt med fagfolka på museet der, nemnde eg denne observasjonen for førstekonservator Per Fett, som mellom anna var sterkt interessert i solobservasjonar i samband med fornminne. Etter denne samtalen finn vi følgjande skriftlege melding i museumsarkivet dagsett februar 1968:

Eivindvik, Gulen. Krossen på Krossteigen:
Sola 22. desember rekk nett ned om foten på krossen, slik at han står bada i sol med berre skugge nedanfor. Per Fett etter Arthur Fasteland.

Dermed var observasjonen som sokneprest Holten og eg hadde gjort, blitt skriftfest og ein del av det offentlege rommet.
Eit par år etter avslutta utdanning hamna eg sjølv som konservator ved museet med arbeidsoppgåve å stå for fornminnevernet innan museumsdistriktet. Neste gong eg møtte krossen i Krossteigen vart difor som tenestemann med ei i høgste grad praktisk oppgåve å løysa. Då arbeidet eg var med på, er lite kjent utanom museumsarkivet og blant dei mest interesserte kommunale tenestetilsette i Gulen kommune, gjev eg att rapporten, eller i arkeologisk språkbruk innberetninga, som eg skreiv i november 1974 for museet om arbeidet:

Oppretting av steinkross 4/10-74

Ved synfaringar var ein vorten merksam på at krossen i Krossteigen i seinare år hadde teke til å halla meir og meir framover. Årsaka var truleg jordsig og det var difor rimeleg å tru at krossen ville koma endå meir or lage etter som tida gjekk med fare for at det kunne oppstå direkte skade.
Etter kontakt med distriktsantikvaren for Vestlandet, kom ein fram til at Historisk museum skulle freista å få retta krossen opp att. For å makta denne oppgåva økonomisk, vart det den 17. april sendt søknad til Gulen kommune om eit tilskot, stort kr. 700,- til arbeidet. Den 20. juni løyvde Gulen kommunestyre dei søkte kr. 700,-.

Arbeidet vart utført fredag den 4. oktober av Torleif Henriksbø og Johannes Kidøy saman med underteikna. Etter at krossen var vorten bardunert med tog, opna vi eit område på ca. 3x 3m kring krossen. Nærast kring krossfoten låg det øvst under torva ei samling av småsteinar, truleg åkerstein som var kasta inn til. Elles var dei øvre 20—30 cm samansett av svart mold. Under moldlaget kom vi ned på eit hardpakka sand- og gruslag, ei aurhelle. Her var det grave ei ca.1m vid nedskjering der krossen stod utan noko form for skoring. Bortsett frå eit par steinar inntil krossfoten, stod han nemleg berre i sand og grus.

I og med at krossen halla framover, grov vi oss først ned på baksida av han. Etter å ha berrlagt heile krossfoten på denne sida, synte det seg at krossen halla så mykje framover at det djupast nede hadde danna seg eit holrom mellom framsida av krossfoten og sand- og grusveggen som han hadde stått inntil.
Ved hjelp av bardunane fekk vi fylgjeleg retta krossen heilt opp ved å pressa krossfoten inn til denne sand og grusveggen att. På denne måten oppnådde vi også å få krossen til å stå på nøyaktig same plass som tidlegare. Nettopp dette var nemleg eit vesentleg poeng under arbeidet, då tidlegare observasjonar har synt at sola den 22. desember (skamdagen) skin akkurat ned til krossfestet. Ved opprettinga synte det seg at krossen hadde sige om lag 1 m i toppen.
Krossen vart så skora omhyggeleg med steinar, steinheller og blokker på baksida. Deretter grov vi oss ned på framsida og på både sidene av krossen. På framsida var nedgravinga godt 1m vid. Heile dette utgravne området frå aurhelleveggen til krossfoten vart så pakka med steinar, steinheller og blokker.
Til slutt vart det fylt på med grus, sand og mold til ein kom i høgd med grasbakken omkring. Her skal det så til våren såast grasfrø.
Som nemnt var det kasta på åkerstein kring krossfoten, slik at krossen før arbeidet tok til stod nærast i ein liten haug. Frå dåverande overflate stod krossen 1,30m djupt. No når overflata går i eitt med grasbakken omkring står han om lag 1m djupt.

Tidlegare biskop Fridtjov Birkeli har i boka si "Norske steinkors i tidlig middelalder": et bidrag til belysning av overgangen frå norrøn religion til kristendom, utgjeven i 1973, ein grundig gjennomgang av dei to steinkrossane i Eivindvik.
Han seier der at krossen i Krossteigen er som type ein anglisk kross, medan krossen ved kyrkjegardsmuren er ein keltisk kross.

Dette at krossane har ulik utforming kan mogelegvis tyda på både ulik alder og ulik tradisjonsbakgrunn, utan at eg skal gå vidare inn i desse spørsmåla her. Reisinga av krossen i Krossteigen nett på staden der sola aldri går ned, må derimot tolkast som eit klårt vitnemål om at denne krossen vart sett opp i ei tid då heidendomen framleis var noko meir enn eit bleikt minne.
Etter opprettinga av krossen i Krossteigen og utjamninga av dei påkasta småsteinane kring krossfoten, er denne krossen no 2,65m høg, medan krossen ved kyrkjegardsmuren er 2,85m høg. Dei representerer såleis verkeleg to markante og karakteristiske kulturminne frå den gamle tida i Gulen.