Stedje Mølle, Sogndal

Stedje Mølle - ei bygdemølle med tradisjonar

Av Kari-Bjørg Vold Halvorsen.
Frå "Årbok for Sogn" nummer 28, 1982

På Øvre Stedje i Sogndal, tett ved vegen og delvis uti Sogndalselvi, står ein stor, 3-høgds trebygning, Ei røyrgate fører vatn frå elva og inn i 1. høgda, til ein turbin. Det er Stedje Mølle, ei bygdemølle med både Sogndal og distrikta ikring som kundegrunnlag.

Bygdemøllene representerer eit steg på vegen mot full industrialisering av kornforedlinga. Forgjengarane var gardskvernane, som skulle stå for malinga for eit eller nokre få bruk. Ved sida av dei mange gardskverner som var nytta til langt inn i vårt hundreår, vaks det frå siste del av 1800 fram møllebruk basert på leigemaling. Møller som var meint å dekka trongen for leigemaling i eit eller nokre få bygdelag er dei såkalla bygdemøllene. Noko vidare går handelsmøllene, som dreiv handelsmaling for eit større oppland.

Stedje Mølle er og i bokstavleg forstand direkte arvtakar etter ei gardskvern. 11893 kjøpte Erik Stedje d.e. ei gardskvern (kallkvern) med dei rettar som høyrde til. Han sette i gang med å riva ned kverna, og bygde ei moderne mølle. Erik vaks opp på Granden, lenger nede ved Sogndalselvi, i ein syskenflokk på tolv.
Sidan han ikkje var odelsgut måtte han finna seg eit anna levebrød. I sine yngre år dreiv han mykje med gardsarbeid, og må i denne tida både ha fått røynsle som møllar og forståing for trongen av ei leigemølle i bygda, sidan han våga å setja i gang med ei slik investering.

Mølla var i full drift heilt til ut i 1960-åra, og vart heile tida driven av same familie, - son tok over etter far i 3 generasjonar. Både Erik d.e., sonen Anders Stedje (f. 1882) og sonesonen Erik A. Stedje d.y. (f. 1914) hadde møllebruket som hovudleveveg. Erik A. Stedje overtok bruket i 1946, og hadde då i mange år teke del i arbeidet saman med faren. Frå 1960-åra var møllearbeidet ei attåtnæring, på grunn av den sterke tilbakegangen i korndyrkinga i distriktet.
I heile den tida mølla har vore i drift har det ikkje vore større utskiftingar av det tekniske utstyret. Det er i hovudsak dei opphavlege installasjonane som har vore nytta, og dei er framleis i brukbar stand. Sjølve huset er bygd i reisverk. Mølla vart driven med vasskraft. Ei røyrgate fører vatnet inn til ein turbin, eit maskineri av svensk tilverknad. Tre kvernar er installerte i mølla. Alle hadde opphavleg såkalla Selbustein. (Selbu hadde stor produksjon av kvernsteinar, og leverte til heile landet). Kvernane 1 og 2 vart mest nytta til maling av fôrmjøl - "beistamjøl" og malt. Som oftast var det kvern 1 ein mol malt på. Kvern 3 nytta dei til å mala finare mjøl - matmjøl, spissa (skala) mjøl.

Ved bruk av Selbustein måtte kornet malast 3 - 5 gonger, alt etter kva det skulle nyttast til, og kor fint male ein ville ha det. 1 1930-åra skifte dei til støypestein på kvern 2. (Støypte kvernsteinar - av flint og smergel - kom i bruk etter 1900). Med støypestein var det tilstrekkeleg å lata kornet gå ein gong gjennom kverna. Dette tydde såleis ein lette i arbeidet.

For kvar kvern kunne ein regulera, innstilla kvernsteinane etter kva grovleik ein ynskte på mjølet. Reguleringa føregjekk ved å stilla eit ratt plassert ved kvar einskild kvern. Mølla har også skalemaskin - "grynstein" - frå byggeåret. Her vart kornet skala av (spissa), og elles reinsa for det som måtte finnast av små halmstubbar og liknande.
Maskina kan innstillast etter ynskeleg malingsgrad. Men for å få kornet meir eller mindre grundig skala måtte kornet gå gjennom frå ein heilt opp til ti gonger. Korn til byggmjøl - grynmjøl - laut gjennom grynsteinen heile åtte til ti gonger, spissa korn to til tre gonger. Alle kvernane og skalemaskina er plasserte i 2. høgda. Herfrå regulera ein også luka for opning og stenging av vatnet til turbinen. Mellom etasjane er ei heiseordning for å få kornsekkene opp til tredje høgda. Her er nemleg teinane både til dei tre kvernane og til skalemaskina.

I første høgda er uttaka for mjølet, kvar kvern har sitt uttak - "sup". Frå skalemaskina er her fire ulike supar, ein for grove og to for finare såer, og ein for det ferdig skala kornet. Her kan ein og heva og senka kvernsteinane ved hjelp av tre mindre ratt, eitt for kvar kvern. Drivakslingen for alle kvernane er plassert i sentrum, han har samband gjennom alle høgdene frå akslingen og opp i tredje høgda, der han også står i samband med heisen og driv denne. Ved mottaking av kornsekkene køyrde ein dei inn i første høgda, og sende dei opp med heisen til tredje. Her var lagerplass. Tidlegare, medan det framleis var god tilgang på korn frå bøndene i distriktet, lagra ein også korn i første høgda.

Med så mange kvernar å passa på var det uråd for ein mann å greia arbeidet åleine. Møllaren hadde alltid ein fast medhjelpar med seg. Ein mann kunne greia ei kvern, men i den tida møllebruket var i full drift var det sjeldan at ikkje alle kvernane gjekk samstundes. Dei to hadde kvar sine faste arbeidsoppgåver.
Møllaren sjølv arbeidde "oppe", det vil seia i andre og tredje høgda. Han styrde kvernane og fylte teinane. "Nede" - i første høgda - arbeidde den andre, som sende opp kornsekkene, tok mot mjølet frå supane frå kvernane, og sende det opp att til ny maling til det hadde gått tilstrekkeleg mange gonger gjennom kverna. Veging av kornet og av det ferdigmale mjølet vart også gjort av medhjelparen.

Han som arbeidde "oppe" og han som arbeidde "nede" måtte heile tida fylgja einannan i arbeidet, og dei ulike arbeidsoperasjonane måtte koma der dei skulle. Om ein ikkje var merksam kunne ein skapa forviklingar. Mest alvorleg var det kanskje om ein ikkje passa på å fylla etter i teinane, slik at kvernsteinane gjekk tomme. Når steinane gnura mot einannan slo sei gnistar, og det kunne lett fata eld. Ved dei ulike uttaka - supane - frå kvernene og frå skalemaskina måtte ein opna for lukene og fylla sekkene i tide, elles vart kanalane fulle, og innhaldet byrja å tyta ut ved kvernane i andre høgda. Noko som gjorde arbeidet meir oppstykkja og tungvindt var regelen om at kvar kunde skulle ha att mjøl av sitt eige korn.
Av di kvaliteten på kornet frå stad til stad kunne variera mykje var dette viktig. Dei som skulle skala kornet fekk også igjen såene av sitt eige korn. Ved hjelp av eit enkelt signalsystem, møllaren banka i golvet når han var ferdig med kornet til ein person, visste medhjelparen når han skulle snøra for sekkene til dei ulike kundane.

Frå den tida Erik A. Stedje minnest var arbeidstida vanlegvis frå klokka åtte morgon til åtte kveld. Men under første verdskrigen mol ein så og seia heile døgeret. Og under siste krig ofte til tolv- eitt om natta. Også utanom krigsåra hende det at dei laut ta kvelden og natta til hjelp. I periodar fekk dei innlevert så mykje korn til maling at det var uråd å få det unna med vanleg arbeidstid. At møllaren og medarbeidaren hans då kunne verta både trøytte og leie er lett å skjøna. I margen på ei kladdebok (med liste over kundane, innleverte kornmengder og betaling for maling) har ein av dei gjeve tydeleg uttrykk for det gjennom nokre hjartesukk nedskribla med blyant:

«September 1902: "Dette er eit håske liv, timarne er so lange so dagar. No er klokka halv fire".
Oktober same året: "Me mæle om nættna no, eg skal segja deg det er ei tøygjing".
Og februar 1903: (kanskje etter fleire døger med kvelds- og nattarbeid?): "Tusind og ei nött!!"
Når det var mange kundar som samstundes bad om å få kornet sitt male straks, kunne det verta lange økter. I eit brev til Stedje Mølle sendt frå Marifjøra i november 1927 skriv ein kunde:
"Eg hev tenkt aa koma ut aa male ein dag i denne vika, du faar vera snild og taka det naar eg kjem. Det er umlag 1 1/2 sekk som skal sammales. Eg kjem torsdag eller fredag vert det fint ver.

Ærbødigst
N.N."

Dette var ikkje noko unnatak. Det hende det stod mange bønder med hest og kjerre eller slede og venta på å få koma til i mølla utetter dagen.
Heile vinteren gjekk som regel mølla for fullt med alle kvernane. Men i sumarmånadene juli og august stod ho stille. Denne tida bruka dei å kvessa opp att kvernsteinane. Maleflatene på kvernsteinane må vera ruglete og skarpe for å bita under malinga. Etter nokre månaders bruk var flatene nedslitne. Til hogginga vart det nytta ei skarp hakke - kvernpikke. Dei hakka med hand, med tette slag. Nå dei kveste dreiv dei på mest dag og natt for å bli ferdige. Om sumaren passa dei også på å reparere der det trongst på mølla. Elles gjennom året gjekk mølla jamt, men det hende dei måtte fara over steinane og kvessa dei om vinteren og.
Møllearbeidet kunne ofte vera slitsamt, med mange tunge løft. Serleg handteringa av sekkene med korn og mjøl var hardt. Dei gamle jutesekkene tok omlag 100 kg, ofte kom folk med sekker på opptil 130 kg. "Men då me gjekk over til papirsekker vart det fint arbeid", seier siste møllaren. Papirsekkene tok 50 kg, dei kom i bruk i slutten av siste verdskrigen. Farleg kunne arbeidet også vera, dersom ein ikkje var tilstrekkeleg varsam i omgangen med dei tekniske innretningane. Erik d.e. fekk øydelagt ei hand ein gong han smurde tannhjula i heiseordninga.

Mølla har ikkje hatt noko oppvarming. Varmen heldt ein ved å hanga i og arbeida. Vintradagen kunne det likevel bli "hustre", med den rå gufsen frå elva som forsterka kulden. Det hende ein sjeldan gong at dei måtte gje beit for kulden, slik som ein dag
" gamlemøllaren" Anders har notert i glaskarmen:

"I dag 26. jan. 1942 notera me 26 grader kulde. Me mol berre til middag, det var so kaldt".

Til Stedje Mølle kom bøndene med korn til maling, ikkje berre frå Sogndal, men frå grannebygdene og. I midtre og indre Sogn var rett nok nokre få andre bygdemøller, i Offerdal, i Erdal og to i Vik. Men med unnatak av mølla i Erdal, vart dei andre nedlagde i perioden frå 1. til 2. verdskrigane Såleis mol dei i Anders si tid også for Hafslo og Lustrabygdene, for Systrond, Fjærland og etter siste verdskrig frå Vik. Og møll'a kunne gjera unna ein del i løpet av eit døger, når ein mol med alle kvernane hadde ho ein kapasitet på 1400-1500 kg korn. Betaling for malinga var etter vekt og etter kva slag maling. Tidlegare hende det ofte at nokre kundar betalte med naturalia, - smør, ved, poteter og anna.

oppslag ved mølla

Ved sida av leigemaling av bøndene sitt eige korn dreiv båe dei to første møllarane med kjøp og sal. Det vart kjøpt inn korn frå faste leverandørar i Bergen. Så vart det male her, og møllaren selde det ferdige mjølet til folk i bygda.
Under 2. verdskrigen vart dei som dyrka korn pålagde av styresmaktene å levera alt det kornet dei ikkje nytta sjølve til Staten. Stedje Mølle kjøpte igjen (av Staten) det kornet som skulle leverast frå Sogndals distriktet, mol det, og leverte til forretningane til vidare sal.

I tre mannsaldrar spela mølla ei viktig rolle i næringslivet i Sogndal og grannebygdene, som ein lekk i produksjonssystemet i jordbruket. Etter siste krig har det minka med korndyrkinga i distriktet, frå midten av 60-åra har kvernane gått berre no og då. Og no er den før så livlege arbeidsplassen stille. Dermed oppstod spørsmålet: Kva no? Skal bygningen stå der på det uvisse ei tid, - og dela skjebne med så mange andre kulturminne, eit forfall som snart overstig grensa for mogeleg istandsetjing? Eller burde ein freista å ta vare på ho? Er ho i det heile teke verneverdig?

I seinare år er museumsfolk og andre kulturvernearbeidarar vorte meir og meir merksame på verdet av dokumentasjon utover det før industrielle jordbruket og inn i nyare tid. I det heile har interessa for teknikkhistorie og tekniske kulturminne auka sterkt. Stedje Mølle er verd å verna, på den eine sida som eit eksempel på eit teknisk utviklingssteg mellom gardkverna og industrialisert kornforedling, og sett frå ein annan synsvinkel fordi ho synleggjer ein del av lokalhistoria.

Og Stedje Mølle vil verta verna. Den siste som eigde og dreiv mølla - Erik A. Stedje - gav i 1980 mølla til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, som har forplikta seg til å verna og halde ved like mølla på staden. Når så ein del naudsynt reparasjonsarbeid er gjort, vil museet vonleg - ved hjelp av møllaren - ein gong imellom greia å skapa liv i mølla att.

Kjelder:

Jahnsen, Oskar: Norske mylnor og kvernar, Utgreiingar frå Statens Kornforretning,
Oslo 1936.
Skansen, Johs. P.: Bygdemøllene i Norge, Oslo 1958.
Handskrivne kjelder frå Stedje Mølle:
Utval av malingsjournalar, 1905 - 1969
Utval av rekneskapsbøker, 1909 - 1951
Kassabøker, 1894 - 1901
Kladdebøker, 1907 - 1912
Div. notat, bestillingar og brev.
Munnlege kjelder:
Erik A. Stedje, Sogndal.