Sognafæringen

Sognafæringen

Sognebåten er ein fjordabåt som var lett både å ro og ta på land. Færingen var vanlegast. Han vart, som namnet seier, rodd med fire årar, altså to årepar. Sognebåtane kunne også seglast. Dei vart då rigga med råsegl, som dei gamle vikingskipa.

I utstillinga ligg ein færing, ein åttæring og ein føringsbåt attmed kvarandre. Desse tjørebreidde og svarte bruksbåtane vart nytta av bønder, fiskarbønder og husmenn langs Sognefjorden til å frakta folk og fe, fôr og andre varer. Som nemnd var Sognafæringen den vanlegast, og her kan ein sjå korleis båtbyggjar Svein Henjesand lagar ein slik færing frå a til å: