Kjørnes camping, Sogndal

Sognablo

(Bilete over syner huset på Kjørnes i Sogndal, der Bolette C. Pavels Larsen var fødd og oppvaksen. Fotosaml. DHS Sogn Folkemuseum.)

Av Bolette C. Pavels Larsen

I Sogn, dar eg e fødde, hadde eg inkje vore pao fleire aor, so kom eg tile ein somarsdag, te Sogndal.

Eg skulde aoverland te Solvodn. Eg glædde meg sværande te dinna turen. Da skulde fudla verta morosamt te sjao atte no, dao eg va ei store jenta vorti, dessa bøgdadn, dar eg va so godt kjende dao eg va badn. Dinna vegen hadde eg fore naor eg skulde i somarsbesøk, hadde tridla vegen fram i karjol, me' borken vaor føre aa han Sølfest, drengjen, bakpao, aa her hadde eg saate i breisle-e om vinteren, naor eg skulde kjøira te julagjestabaa, eg hadde saate inbadla i adle slags plagg aa kaope, so eg va so stive, da va me' nøne eg kunde lea pao meg.

No va eg i Sogndal atte, sat her pao gjestgivargaren so' eit fremmande menneskje aa venta pao skjyss. Men da va morosamt da ogso, tøkte eg. Bonden, so' va skjysspligtige dan dagen, budde øvste oppe i dalen. Eg fekk venta, tenkte eg. Men dao da lei øve dauger, kom skjyssen lel. Aa fælande gla aa utaolmodige gjekk eg ut før te sjao pao greiedn.

Dar sto ei fine, litte stolkjerra me' fjøre aa adle slags herleheit. Lite traonge va ho i sete, men plassen va telaga aot tvo. Attme' kjerrao sto ein velklædde, høge, hærabreie sogndøl, ein aoversle hurtige kar. Dao han haurde døri gjekk, snudde han seg i tudn pao hælen - so raskt so' skulde han gjera eit hadlingkast — skaadde pao meg aa tok te hatten. Men han laut snu seg om atte pao timen, før han fekk si møia me' te halda øjken. Aa no skaadde eg pao øjken. D'e meste nødvendigt atte eg her me' da sama gje ein førklaoring pao, atte eg e fælande glupe me' aa vande me' hesta. Ja, eg e gla i dei ogso.

Far min va ein utifrao meistar te kjøira, han lærde me tile te styra ein øjk. Aa pao morsiao e eg ao eit folkaslag, so' inkje ha vore noke anna elde kongens kara aa krigsmenn aa kafteina aa styggedom i ei heile rekkja utette, so eg ha vore pao hestaryggjen ifrao eg va ein neve store. Eg va soleis eit bel oppe i Nordland, i Lofoten. Dar rei eg te dess eg vart vidgjeten. Naor eg skulde syna dei adle merkjelegaste konstedn mine, so sette eg øve torvgrøfte so djupe aa breie, atte nokelunde sindige hesta inkje va huga te bøgsa øve, men snudde beint om atte. Da va berre sleke, so' inkje hadde røint veri, eg fekk te lya meg. Skulde dao inkje eg ha vet pao ein øjk! Eg skaadde pao skjysshesten. Da va ein store, mørkebrune gamp, pao skap nokelunde dan finaste, eg ha set. Han bar hove høgt, sto aa trakka me' føttn, aa han va kje greie te halda. "Men," sa eg, "e da kje faorle te kjøira sleke vege me' ein hingst?" Trast laut eg skryta tao, atte eg hadde vet pao hesta, maota. Gjestgivaren va ogso utkomen, han sto dar raue aa feite, me' nevadn laongt ne'i lommadn pao broki."Aa, naor han Sølfest kjøire sjøle, so staor da kje pao. Heite han Sølfest, tenkte eg. Da va skjikkele vel te høira, atte han 'eitte Sølfest. Drengjen vaor, so' jamt laut kjøira os bodni, kvis atte han far skulde vera trygge, hadde sama nabne. Da gjore meg godt te høira, atte guten 'eitte Sølfest.

Han Sølfest snudde seg rundt i tudn atte aa saog pao meg. "Nai," sa han, "du behøve kje vera rædde; eg ska nok tvinga karen, eg. Eg laut sjao pao dinna Sølfest'en. Han va so omtrintle tredive aor, tenkje eg. Aa han va, so' sagt e, godt vaksen, gjilde aa sterke, men — nasen sto beint op i lugti pao han, Eg kan før mit liv inkje lika, atte naasi staor ende tevers pao folk. Eg veit, atte dar e dei, so' seie, da ska bety godt hove, da pla vera littliva folk, aa meira slikt. Men da hjelpe inkje. Eg tykkje, atte da lyte vera nokelunde folkaskap pao nasen ogso.

Men so tenkte eg pao, atte da va no plent hoggande da sama før meg, skjyssguten min kunde gjedna ha ei naas, so' sto likaso høgt i lugti so høgaste Skagastølstinden, før min del. Dao laug eg før meg sjøle, likavel, før da vakje nett plent da sama. Eg ha da so, atte eg tykkje d'e vent te sjao pao vene folk. Aa eg skulde kjøira hal'onnor gamadl norsk mil me' sogningen, me skulde sitja jamsies, klint oppi korandre. Men da førstaor seg, eg kunde trefft te fao ein skjyssgut, so' kunde ha set mykje værre ut enn dinna karen gjore.

Kuforten min batt dei fast bak pao kjerrao han Sølfest hellt taumadn stramt meao eg kom meg pao plass, øjken sto pao tvo føte berre, aa da va me' slet aa bet, guten fekk svinga seg op att me' meg. Iveg bar da. Da gjekk so' ein dans, nett so' ein dans. Dan blaonke, glinsande, ledige øjken bøigde høvedn aa kneleadn so fint, atte da va ei hugna te sjao. Da saog ut nett so' føttn inkje kom aot marki. Eg hadde litevetta hjerteklapp, dar eg sat. Eg kom ihug Kvamsstrondi, dar fjoren gaor gansje i vegakanten.

Men rjukande fort gjekk da. Han Sølfest laut passa taumadn aa eg torde inkje seia eit einaste or, eg berre sat aa skaadde pao brunen. Eg vænde meg ao me' te vera rædde, lel, før da gjekk makalaust. Eg tok te skaa-a kringo meg, eg likte meg væl. Aa han Sølfest saog tesies pao meg, han smadl me' svøipao, aa ettekort tok han te prata aa gjera seg kjende.

"Du e dotte has Lind, so' va pao Kjeldnes førtele dei. Eg hugsa kje te, eg saog deg nokesinde. Aa nai, da va vel so da, meinte eg; me budde pao hi siao fjoren, aa han va laongt oppe ifrao Sogndalsdalen. "Eg e frao Stødiabø, eg. Eg kom ihug nabne ifrao gamalt. Aa lite om senn tok han te førtelja om seg sjøle. Han va einaste son, hadde teke garen. Han kasta pao hove, raskt, so' sogningadn pla gjera, dao han sa ditta. Han fløtte seg godt in te meg, pratte om hingsten, førtalde, kem so' va far aa mor te han, ga meg greia pao dei hine hestadn sine, pao kor maonge naut, han fødde, kor store bøling han hadde i da heila.

"Du e jagu noke te glupe jenta; du ha vet baade pao hesta aa inkort anna. Han fekk meg ogso te aa snakka, maota. Eg visste inkje ore ao, før eg hadde gjort greia pao baade kor gamadl eg va, kor eg hellt meg, kor eg hadde etla meg ao no, kem søstredn mine va gifte me'; eg laut lesa op, plent so' or ei bok. Han vart likaso meira aa meira mannskapfudle, trudde seg meira. Men inkje so te førstao, atte han pao noken maote kom meg før nimma. Naor øjken va om aa vilde gjera før vie sprett, va han Sølfest nøidde te stansa me' prata, han laut passa taumadn. Dao stal eg meg te sjao pao han. Hadde inkje danna nasen vore, so kunde han jamisannt ha vore ein haole kar. Han hadde kaote, levane auge, da va plent so' dar skaut varme or dei, naor han brukte dei skjikkele. Aa so hadde han fint ljøst haor aa ein aoversle sterke, gjilde nakke. so naor eg hadla meg tebakers i kjerrao aa saog karen i ryggjen, kunde eg nok stao da ut, tenkte eg. Ettedi eg inkje e fødde i byn, pla eg sjao pao bønde so' pao menneskje. Difør so likte eg meg væl no. Øjken hadde helde inkje gjort noke slag, so' kunde skræmma meg. Eg sat aa tøkte, da va berre ei glea te sjao kor fine han va. Aa so va da no sagta noke te herleheit ditta, te fao kjøira herinne me' fjoren atte, pao dan gamle, skompete vegen, inunde da bratta fjedle, so' ga ljom ette kjerrehjuli aa ette hesten sine hovslag. Eg sete jarnt, naor eg fære sleke stadn, aa likaso lengta aa bevra ette atte dar ska ramla ei skrea neøve meg, elde atte hesten ska skvetta, avdi ei gamadl heks te kjering kan koma fram or ei ur, elde inkort slikt. Aa so kjenne ein snøken ao taong ifrao fjoren, ao lyngen ifrao fjedle, aa berre ein einaste liten klokkeblom so' kan stikka aleina op or steinadn attme' vegen, kan fao ein te sjonga invortes ao glea — naor ein e onge dao, aa friske.

"Da va skrot, atte farsgaren din skulde koma i fremmande hænde, " kom da dættande frao han Sølfest. No va da eg, so' skvat, aa inkje hesten. Kaa i guds nabn skulde han nebna da føre? Aa meinte eg, da va fudla kje noki rao me' da. "Du kan jagu ta garen atte sjøle me' odel. No ha kvinfolki odelsrett likaso vel so' karadn. Ein garamann tykkje fudla, atte ein gar e heila veri, tenkte eg. Kaa skulde eg me' garen gjera, sa eg. Dar skulde penga te, baade før te kjøpa han aa driva han. Eg va lika gla me' te sitja darinne aleina aa styra gar. "Aleina, kom naigu ikkje du te sitja lengje, " sa han aa flein meg in i augedn. Eg vart stupande raue. Me' da sama kom me igjøno eit tun. Dar sto ein klottrete øjk me' sele pao, botten aotaot ein stabursvæg. Brunen vart vidle. Eg sat aa venta pao, atte eg skulde verta ut or kjerrao kasta. "Ptruu - u!" sa han Sølfest. Aa brunen laut gje seg trast. "Jagu oa da noke te skapa seg føre, sa han, saog pao meg aa flein atte me' glinsande auge.

Men eg sat aa tenkte pao atte eg va fudla so mykje farisæar, atte eg takka før da, eg inkje va so' andre kvinfolk: eg gripe aldr kringo taumadn, naor dar e noken faore. No gjekk da nefør bakke i strjukande trav. Han Sølfest va fælande kry utao øjken sin; brunen fekk lov te fara aot nett so' han vilde no; han Sølfest sat berre aa la hove pao siao aa skaadde pao han. Han saag ut so ein reiale odelsbonde, dar han sat. Aa sognabloe va da fudla, so' gjore, atte han va so raske. so sterke aa stolte, so' han va. Egta fjor'race va da, baade hest aa kar - aa jentongen, so' vart skjyssa ogso, naor da korn an pao da. Me' Aorøi-elva va dar sleke dur or fossen, atte augedn sto snupt stive i hove pao meg. D'e kje før inkjevetta, dei kadla han Helvetesfossen, tenkte eg. Men da va frikst te fao skomspruten in i ansigte pao seg; eg sat me' aapen munn aa let da perla pao tongao mi.

"No ska du fao kjøla skjinne dit, sa han Sølfest te øjken. Ei stund bakette kjaurde me in i fureskogen aovaføre Aorøiadn. Her let han da gao sagtare, her va ingjenting te vera raedde føre. Vegen liggje flate inimødlo de' gamle, strake furestammadn. Lugti va so stidle aa opheta, atte dar sto eim ao skogen; da va rao te dætta i svima. Han Sølfest let taumadn hengja slakke aa han snudde seg te meg. "Da ska sagta verja ei rao me' te styra garen, sa han, "kvis atte berre du teke han atte me' odel. Han skræmde meste vete or meg. "Penga e da uvant te skaffa, " hellt han pao. Eg vart stupande raue atte. D'e førargele te verta so snøggt raue. Aa berre før ein sleke sognagut si skuld, tenkte eg — skulde gjera meg krye, maota. Men korleis skulde eg fara aot no? Eg kunde sagta gjera meg høgmodige, naor eg Vilde. Da klokaste va kansje te læ aot han.

"Du Vilde no sagta gjedna koma atte pao garen? " Han saog pao meg. Da va noke te sut, du ha før meg, tenkte eg. "Danna fan's Per'en!" sa han. "Hugsa du te kor mykje timmer far din hogde før aore?" «Nai, " sa eg so aalvaorsle eg kunde. Men kaa slag va da, han vilde, skatru? Eg laut seia inkort no. Han hadde vel ein gjilde gar, sa eg. Han fekk kansje gar me konao si ogso? Eg førsto so væl, atte han inkje va gifte. "Noki kjering ha eg inkje. Eg ha kje vaoga meg te førlova meg te dess. Bondejentedn kan vera før da, dei e, men … Nai, no e du toskete, tenkte eg.

Men beste da va tok han te førtelja, atte han va ao stormannsslegt pao mors-siao. Eg laut fudla fao agtelse før karen, no. Eg tokte kos som er, atte da va skrot, han skulde øileggja dan goe tanken eg hadde om han ifrao da adle føsta. Han kjende te slegti si, lel. Han laug inkje, da førsto eg. Han nebnde ei utao dei gamle gromme slegtedn, so' hadde grassert i Indre Sogn før maongfaldige aor siao. Eg kom ihug noke, mor mi hadde førtalt. "Eg tykkje no, atte ei bondeslegt e fregare, eg, sa eg. Men gu' hjelpe meg, va no inkje eg ogso toskete? "Ja kaa da, angaor, so e eg no bonde ogso dao sa han aa smadl me' svøipao. Eg laut stao te før meg sjøle, atte eg tok te koma i ulag. Her skulde eg kjøira dinna vegen før da eg vilde sjao atte dei gamle tomtadn; eg hadde tenkt, da skulde verta reint ein plassertur ditta, aa no va eg nøidde te sitja her aa passa pao kvart ore, eg sa te skjyssguten min.

Men eg ha da pao dan maoten, atte naor noken vil leggja tauma pao meg, naor eg inkje faor lea meg fritt so pla eg verta so hoggande galen, atte eg slite meg laus inkorleis. Aa da etla eg meg te gjera no ogso. Lat han berre prata, tenkte eg. Eg bry meg inkje da værdiga tære om prate has. Dao tok han me' ein einaste gaong — men han høgra handi mi aa ga seg te for varsamt aot kjenna utanpao handsken. "Du e kje førlova du helde, ser eg, " sa han.

Nai, no gjekk da før vidt! Han øilagde heile dinna gjilde turen før meg, fyren, dinna turen, so' eg hadde glædd meg te nett so' ein onge. Om ei stund teke han deg om live, tenkte eg, aa kaa ska eg dao gjera? Atte ein kar tok ei jenta om live, da va no nokelunde da ulikligaste, eg kunde tenkja meg. Eg va onge. Her sete me tvo aleina i ei traonge stolkjerra, inne i ein tjukke skog han kan so indale væl ta meg om live, kaa ti han vil, ja da kan han. Men eg va kje nett so fælande rædde helde; da sveiv meg likaso, atte han va ein gromme kar; han vilde inkje skjemma seg ut pao noken maote. Men te ta meg om live, da tøkte han no sagta ikkje va noke gale, da. Bøndedn va so løgne soleis, da visste eg, so eg kunde inkje vera hugheile føre da, tenkte eg.

Eg sat aa talde dei aohogne stubbadn attme' vegen. Kvis atte me kom te dan aa dan stubben aa han endao inkje hadde teke meg om live, so gjore han da kje helde, sa eg før meg sjøle. Aa kvis atte me her inne i skogen trefte inkon kjøirande, so vilde han inkje snakka meira om garen helde, tenkte eg. Men trefte me noken gaoande, om da inkje va anna 'lde ein larkete tiggaronge, so kunde eg inkje vera urædde før noke.

Øjken gjekk i mak no. Aa han Sølfest tagde; siao eg inkje vilde svara han, ventele. Eg sat aa tenkte me' meg, atte ditta va jamisannt ein løgen kar. Statru han bar seg soleis aot jamt, naor han skjyssa onga jente. Da hadde meste vore høvele te skreve i skjyssboki: "Sølfest S. ska verja førbaaen te skjyssa onga jente. " Men kaaføre skulde eg no tenkja soleis; han hadde dao vore ein glupe kjysskar, aa han hadde inkje gjort meg noke. Eg likte han eg, ja, da gjore eg. Hadde han berre vilja teke te plystra! Da hadde vore velsiga! Sogningadn e so aoversle glupe te plystra. Eg kom ihug drengjedn heima. Dei tok os smaojente op aa let os stao pao føttn sine, meao dei sat pao forsete; aa so hellt dei os i hændedn, huska os op aa ne', aa plystra. Ditta sat eg aa tenkte pao, aa me' da sama kom eg te sjao ne' pao sogningen si vinstre haand, so' laog dar attme' meg. Da va ein gagnale arbeisneve. Eg ha jamt likt da, atte karadn kan arbeia me' nevadn. Dan vinstre haandi has laog dar so ledige, aa da sveiv mag, atte no - no teke han deg om live.

Kaa han vilde gjort nett dao, e kje godt te veta. Han litta just pao haandi. Men i da sama sette brunen i te kneggja so grovt, atte me skvat høgt i lugti beggje tvo. Han Sølfest laut triva taumadn me' beggje sine neva. Da va før mykje te løgna fagte, brunen hadde. Me va ut or skogen komne, vegen gjekk tvert øve eit stykkje utmark, so' soli skjein pao. Dar va so silande sterkt eit ljøs, atte da skar i augedn. "Aa fan, d'e dan svarta merri aot Aokleviken, sa han Sølfest arge. Han kjende sagta te dan "svarta merri"; ho laut vera eit trodl rat, før han spraong or kjerrao aa ga seg te halda brunen. "Ska eg ogso springa or?" spurde eg. Aa nai, vert berre sitjande; eg ska no vel fao merri ifrao os." Men dan svarta merri kom kneggjande aa travande beint imot os. "Nai, so rispande gale, du lyte bøgsa or, koss som er, aa sjao du faor jaga merri. Eg va fudla snøgge i snuen, eg spraong ne' fann fat i ei buska, so' eg sleit laus, aa so ga eg meg te skrika aa jaga, eg for i tudn, eg sette ette merri so laongt eg berre torde, aa so tok ho dao endele te tvibøgsa in i skogen. Men pao vegen gjore ho ein boge, ho trefte te koma in i ei solstrima; da blaonka, svarta skjinne hinna skjein i soli; da va so fint te sjao; eg gløime aldr, kor eg tøkte ho va Ijøsande.

Men dao dar ingjen faore va meira, laut eg læ før meg sjøle aa tenkja pao, atte no skulde byvenedn mine ha set meg. Brunen fekk smaka svøipao, han ettepao. Eg laut be føre han. Aa eg minnest inkje, atte eg nokesinde, i noki kjøiregreia, ha kjaurt so brennade, rennade fort, so' me kjaurde dan dagen neøve Aokleviksbakkadn. Da va snupt so' eg skulde møssa pusten. Han va sinte pao brunen vorten, han Sølfest, aa no vilde han fudla syna meg, atte hesten dugde te kjøira me', atte han inkje nett berre gjore fantastykkje. Men naor eg ska seia da, so' sannt e, so likte eg fælande godt dinna farten. Ditta va dao noke - da kridla i adle sena pao meg. Naor me fauk førbi snuadn i vegen, bøigdes skrotten min hart attenda, aa eg veit inkje te seia, kem so' va dan kryaste utao os, han Sølfest ao hesten sin, elde eg ao skjyssen. Sogningadn, so' me trefte ette vegedn, fekk inkje føra haandi hal't op te huao eingaong, før me va laongt førbi komne. Skomme draup or siedn pao brunen, dao me stanste framføre gjestgivargaren i Solvodn, aa da va noke kor stolte han Sølfest saog ut, dao han hjelpte meg ne or kjerrao aa kommederte in te gjestgivaren: "Sei te skjyss øve fjoren – trast!

Ein braate me' gapande onga samla seg kringo os, men han Sølfest ga kje meira agt pao dei, enn om dei hadde vore høns elde kvelpa. Han litta litevetta pao foten - da vart inkje te noke skjikkele spark helde - naor dei kom altfør nimma han, meao han sto dar aa gjore laus kuforten min. Han føl'de meg ne pao bryggjao aa skulde sjao meg væl i baoten. Han litta hatten ao seg aa vart staoande berrhovda, meao han tok meg i haandi aa sa meg farvel. "Kjeme du dinna vegen tebakers, kan eg henta deg, likasovel so' du teke skjyss her, " sa han aa saog pao meg. "Takk, " sa eg, "da va fudla snilt da. Sleke skjyss faor eg nok inkje her;" aa eg laut læ. Augedn has skjein, han sa raskt: "Aa so e me no inkje skjikkele førlikte vortne helde endao, dao. Me lyte rettleia datta me' garen. — Eg ha vore huga pao han, lengje -" Dar kom da, tenkte eg, dar ha du førklaoringi! "men han Per ha kje vilja rikka seg.

Eg skulde høira meg føre, sa eg, om da inkje let seg gjera, atte odelsretten min kunde bli transportert pao han. "Naigu! — No ska jagu garen, aa jentao føljast aot!» Eg sette i ein skradlelaot aa spraong i baoten. Da va kje noke hjelp i te gjera seg stolte her. Han snudde seg pao hælen aa gjekk bortøve bryggjao. "so skjikka du meg baa dao?" skreik han ne te meg.

Seinare, naor eg kom ihug dinna reisi, visste eg inkje te seia, kem so' hadde voldt meg haraste hjerteklapp, hingsten elde sogningen.