Sogn Fjordmuseum

Sogn Fjordmuseum er ei eiga avdeling av De Heibergske Samlinger. Fjordmuseet ligg ved Kaupanger ferjekai, fem minuttars biltur borte frå museets hovudanlegg. Her har museet samla dei delane av samlingane som har direkte tilknyting til fjorden og livet ved fjorden. Her ligg også Glaværstova ei gamal skjenkestove frå Glavær i Gulen, med Sogns eldste bar!

Fjorden var livsnerva til sognebygdene i eldre tider. Fjorden var både hovudveg og stabbur og biletet av livet i bygdene kring Sognefjorden vert ikkje komplett utan den opplevinga som eit besøk på Sogn Fjordmuseum vil gi.
Sogn Fjordmuseum er eit moderne museum, som gir ei flott oppleving av fjordkulturen.

SOGN FJORDMUSEUM - GRATIS INNGANG

Sogn Fjordmuseum ligg ved Kaupanger ferjekai. Tlf. 47 45 29 33 / 57 67 82 06

Opningstider Sogn Fjordmuseum: Juni, juli, august alle dagar kl. 10 – 17
• Eineståande samling av båtar frå Sogn
• Båtbyggjarverkstad og reiskap for båtbygging
• Fiskereiskap og anna utstyr knytt til den gamle fjordkulturen