Soga om Beint Berge

For å få tak i gjenstandar til museet var Gjert F. Heiberg ofte på samlarferder i Sogn. Ut i frå registreringar i gjenstandskatalogane kan vi sjå kor han har vore til ulike tider. I august 1925 har han tydelegvis vore på samlarferd i Fjærland, då det er registrert ei mengd gjenstandar derifrå. Ein av dei han vitja var Beint Berge på Berge i Fjærland. Frå han fekk han med seg 29 ulike gjenstandar. I hovudsak er dette gjenstandar knytt til handverksarbeid. Beint var kjent som ein god korgbittar og han hadde lært seg kambmakarkunsten. G. F. Heiberg fekk m.a. med seg to korger, ein bunt bjørketæger og eit ukløyvd «taag då han vitja Beint Berge. Den eine korga var ei halvferdig «vombakorg» laga for museet for å vise tilverkingsmetoden. Den andre var ei ferdiglaga «vombakorg».

korger
Beint-korgene på museet (foto: Lars Asle Vold)

I katalogen skreiv Gjert F. Heiberg om desse at «Slike kurver har i mands minde været laget som husindustri i Fjærland. For tiden er der kun en igjen som lager slike, nemlig selgeren av denne kurv». I den følgjande artikkelen får vi ein nærare presentasjon av Beint på Berge og vi let han vere representant for dei mange som gjennom museet si historie har bidrege til museet si samling.

Beint Berge Beint Berge. Bilete er truleg frå slutten av 1880-talet. (utlånt av Atle Myking>

Utdrag av heftet Beint Berge, av Noralv Distad 2009

HAN BEINT UNDER BERGE

I mine barneår snakka mange om han Beint under Berge. Den flinke fiskaren, jegeren og handverkaren som budde på Berge og hadde Fjærlandsfjorden som næraste nabo. Han som nesten ikkje ville ha betaling for utført arbeid og som ikkje ville ha mat i selskap.

Kvart år slo me Beintåkeren på Hamrum og bar høyet på gammalt vis opp til vegen, men kven var han Beint som ein gong hadde potetåkeren sin der? Ein gong måtte eg finna ut meir om denne karen. No er det gjort etter beste evne. Alle eg har spurt har hatt noko å fortelja, og heile tidi vert det stadfesta at han har sin plass mellom dei mest solide og særmerkte karane som har levd i Fjærland.

TRAGEDIEN SEPTEMBER 1869 – FAR TIL BEINT MISSER LIVET

Den 21. september 1869 hadde Jon Bjåstad ein del arbeid som skulle gjerast i utmarki sør for husi, ved Silestokken ikkje langt frå Kvitafjedlet. Eit par av borni var med, Beint var ein av dei. Brått losna det fleire steinar oppe i fjellsida, ei steinskreda kom mot dei med stor fart. Dei prøvde å berga seg unna so godt dei kunne, men Jon vart råka. Borni skunda seg bort til far sin. Det var noko han vil fortelja dei, men han makta ikkje å få fram eit einaste ord og han døydde der med gutane ved sida av seg. «Eg vart aldri lik meg etter dette», sa Beint som var 12 år då dette hende. Det vart tunge tider for den unge enkja Anna som kom frå Skrøyvane i Feios, og borni, den yngste berre 3 år gammal. Jon Bjåstad sa at han hadde funne sylv. Ingen fekk vita den nøyaktige staden, ein slik rikdom var sjølvsagt ikkje verdt å dela med andre. Kanskje ville han fortelja om sylvgruva då han vart treft av steinskreda? Men Jon tok løyndomen med seg i gravi, og ingen har seinare funne skatten.

HUSMANN PÅ DISTAD

Beint gifte seg i 1878 med nabojenta Sigrid. Dei flytte til Distad der dei hadde husmannsplass. Beint hadde slått på Fureholten. Det vanlege er å gå opp på Midtholtane og so til Bakkaskredgjelet og ein smal stig på tvers der. Eller dei kunne gå opp den bratte Fureholtstigen, der berre mannfolki fekk gå. Beint gjekk opp nokre andre skorar. Desse har den dag i dag namnet Beintskorane og vert rekna som svært vanskelege å gå.
Frå Fureholten hadde Beint ei hampaline som han rende høyet på. Beint brukte truleg hampaline fordi det var ein god del rimelegare enn rennestreng. Det var i 1870-åri løypestrengen kom og dei byrja å renna eller fira høyet. Dette letta arbeidet mykje. Før måtte dei bera det på ryggen eller velta det i meisar (høynett) vinterstid.
Beint fortalde om kameratskapen med Endre Distad (1855 – 1942): «Han Endre og eg fann på mykje rart. Me reiste heilt ut til Balestrand for å fiska. Fyrst måtte me få tak i sputa (blekksprut) til agn, det var i Tenningafjorden. So rodde me forbi Veganeset og til Sandflaten der me fiska sei.» Dei overnatta under båten og salta fisk i ei skor på Veganeset.

BEINT VART STRANDSITJAR PÅ BERGE

Sigrid og Beint flytte etter kvart frå Distad til Berge og kalla seg strandsitjarar. Plassen nede ved sjøen var ikkje so stor, levebrødet var mest knytt til fjorden, jakt og handverk. Men dei hadde og nokre husdyr og litt åkerland. I1896 fekk Sigrid ein betennelse og døydde berre 53 år gammal. I 1898 gifte Beint seg opp att med Guro Andersdotter Engum som vaks opp på sjølve Kvamsøyna.
Med den fyrste kona hadde Beint dotteri Anna som reiste til Amerika, med andre kona hadde han dotteri Sigrid som flytte til Bergen. Det er stor etterslekt etter begge døtrene. Beint hadde alle dagar stor interesse for jakt og fiske. Han var kjend i alle marker og han visste alt om Fjærlandsfjorden og kva som levde i djupet. Det var hard konkurranse både om viltet og fisken. Då kom det vel med å ha lang røynsle, innsikt i korleis dyr og fisk oppfører seg og høvelege reiskapar.

JAKT PÅ OTER

Beint var ein svært ivrig og dugande oterjeger. Ein gong skulle han til Torsnes for å reparera ein båt og på vegen skaut han heile 5 otrar. Han måtte snu og ro heimatt for å flå otrane og få dei på tona. Ho Guro var oppe på Berge og bakte flatbrød. Beint sende bod om at han var komen heim. «Det var det eg visste at han hadde gløymt noko,» sa ho Guro. Men sjølvsagt skjøna ho kva som hadde hendt. Mange år seinare fortalde Beint om denne vellukka jakta. Han fekk god pris for skinni og nok til å kjøpa den vedkomfyren dei hadde i huset.

garden Berge
Sigrid og Beint budde på plassen nær fjorden til høgre, under Berge. (bilete utlånt av Atle Myking).

Ein gong fekk Beint auga på ein oter på eit sva like innom nausti på Berge. Han skaut, men oteren for mot vatnet og han Beint bykste til for å få tak i fangsten. Det var eit sleipt svad og han Beint for uti. Ikkje kunne han symja og djupt var det, no var han i livsfare. Nils Hatlestad høyrde rop om hjelp, han rodde straks over fjorden. Erik Svad kom og roande og saman berga dei han Beint. Det høyrer elles med til soga at han klarte å halda fast i oteren.
Beint jakta ikkje berre i Fjærland. Han selde handverkskunsten sin både i Hafslo og på Veitastrondi. Ved Hafslovatnet skaut han 5 otrar og segni seier at han skaut oter ogso i Veitastrondvatnet.

JAKT PÅ NISE

Nisene har godt tilhald i Fjærlandsfjorden der det som regel er bra tilgang på fisk og sild. Nisene vert kring 1,5 meter lange og hoene som er størst kan vega kring 75 kilo. Namnet nise kjem forresten av eit gammalnorsk ord for den lyden som vert laga når dei trekkjer luft. Det var litt av eit kunststykkje å fella ei nise og ein måtte få inn eit treff like etter at ho hadde fylt lungene med luft. Skaut ein på feil tidspunkt, kunne ho søkkja. Beint var ein solid nisejegar og felte mange dyr, ofte medan båten var i fart. Kjøtet var etande, men det var levri Beint var ute etter. Den kokte han lyse av.

HÅGYLLING, LYSE OG EIN FANGST UTANOM DET VANLEGE

Hågylling er ein liten hå. Dei fleste kastar desse fiskane over bord. Men han Beint tok alltid vare på levri og kokte lyse. Lyse er ein slags tran. Dei kokte levri frå hågylling og brukte den blanke lysa til lampeolje, smurning eller utvortes medisin mot sårskadar på folk og dyr. Lammi vart smurde inn før dei vart slepte på beite, då unngjekk dei den farlege flåtten. Brita Hamrum (1872 – 1955) brukte alltid lysa hans Beint når ho smurde rokken sin. Håkjerring er ein hai i håfamilien. Dei kan verta fleire hundre år gamle og vega over 600 kilo. Dei lever på djupt vatn og et det meste dei kan koma over. Beint fanga Håkjerring i Fjærlandsfjorden, i alle fall ein gong. Det er sagt at han fekk 7 tønner med lever berre frå ei håkjerring. Kjøtet er giftig, so det er berre levri som kan nyttast til å laga olje eller lyse av.

FISKE ETTER KVEITE

Kveita held seg helst der fjorden er djupast. Men av og til om våren og sommaren søkjer ho inn på grunnare vatn. Det var dette fiskarane venta på med kveitetogi sine. I enden hadde dei en stor krok med levande agn, aller best var det med ein liten steinbit som var svært seigliva. So gjekk det ei line eller eit tog inn til ein trekagge som låg på land. Når kveita tok agnet, for kaggen på fjorden og fylgde med på ferdi til kveita. Beint fiska mykje med kveitetog og fangst vart det.
Ein gong kom eit par personar frå Lidal roande på veg mot Mundal. Ute på Bjåstadstrondi fekk dei auga på ein kagge som flaut i vatnet. Dei trudde kaggen var komen på rek og ville ta han inn i båten. Brått rykte det kraftig til og nede i vatnet fekk dei auga på ei kveita. No vart alt kasta over bord og dei såg seg forskremde omkring. Det viste seg seinare at det var han Beint som hadde fått ei kveita på kroken, ho hadde drege kaggen utover i retning Lidal.

«LETT Å FA TAK I EIN PREST, VERRE Å FÅ TAK I EIN BEINT»

Beint kunne reparera det meste. Han kveste sager, han laga sager og fann alltid ei råd om noko var øydelagd. Hjalmar Solberg var dreng på Bjåstad og var so uheldig å bryta av eit stuttorvskaft. Om kvelden gjekk han til han Beint. Men Guro og Beint la seg alltid tidleg, so han fann dei i sengi inne i stova. Det vart ein heil prat med dei to i sengi, ærendet vart framført og neste kveld hadde stuttorven fått nytt skaft.
Åmund Mundal (1883 – 1971) sa dette då dei skulle byta sokneprest: «Det er lett å få tak i ein ny prest, men verre å få tak i ein Beint.» Det er ein nokso treffande karakteristikk av ein uvanleg dugande handverkar. Beint var varsam, men likevel alltid open for nye ting. Han skal mellom anna vera den fyrste i grendi, og kanskje i bygdi, som brukte dynamitt. Det meste Beint laga var til praktiske føremål, men alltid kunstnarisk utforma.

KORGBITTING

Beint batt korger av bjørketægjer. Tægjene er tunne røter som han fann på grunne stader, det vil seia på eit svad der røtene ikkje stikk so djupt. Tægjer frå fjellbjørk er dei seigaste eller sterkaste. Tægjene vart kløyvde til høveleg tjukn og breidde. Beint hadde då på seg ei bringefjøl av or, då kunne han spikka rett mot kroppen utan å skada vesten. Korgene vart fletta over spilar, ca. 25 på ei korg av vanleg storleik. Handtaket var ei tjukkare spil. Nokre korger var små og firkanta, andre ovale og store. Nokre hadde lok og vart kalla lokakorg. Korgene kunne og ha ei form som var smal på midten og so romslegare i kvar ende. Desse vart kalla vombakorg.
Store, runde korger vart nytta til flatbrød. Ovale korger vart nytta som sykorger og til å ha trådnøste i. Nokre store korger vart brukte til å ha ull i. Elles brukte dei korger til å ha nistematen i når dei arbeidde i utmarki. Og var dei på handel, hadde dei gjerne varene i ei korg. Beint rodde heilt til Nagløyri og selde korger der og på Hafslo. Han hadde då og med kammar, øskjer og tiner som han selde. Per Lidal «Horta-Per» (1847 – 1923) for rundt i bygdene i Indre Sogn og selde ting som Beint hadde laga. Det var smått med kontantar i dei dagar og det vart mykje bytehandel. Ofte bytte dei til seg korn. Eitt år var det eit dårleg kornår og når alt var omsett sat han Beint att berre med ei skjeppa mjøl (17,4 liter).

KAMBMAKAR

kambmakarreiskap
Kambmakarreiskap, foto Lars Asle Vold

Beint hadde lært seg kambmakarkunsten og skaffa eller laga seg alt nødvendig utstyr. Det var ein omstendeleg prosess der ein fyrst måtte få tak i eit godt emne av hardt horn. Hornet vart so kløyvd og oppheta. Deretter vart det pressa i ei form og tilskore. Kjembetindane vart skorne med ei spesiell sag med messingrygg slik at alle tindane vart like. Til pussingi av tindane brukte Beint ein pussduk av haospor (sporen frå ein pigghå). Tindane vart sette på plass ved hjelp av ei klemma og kilar. Kambane vart laga slik at dei gjekk inn i eit skaft og dermed vart dei ikkje so lett øydelagde.

LODDING

Beint hadde loddebolt. Alle i grendi kom til han Beint når noko skulle loddast, kanskje var det eit spann eller ein mjølkesil som måtte fiksast. Beint varma loddebolten i omnen inne i stova. Kona Guro skjente litt og sa at no ryk det fælt. «Å ikkje so gale, tykkjer eg», svarte han Beint. Ein annan spesialitet var lodding av rennestreng. Det var fleire som prøvde seg, men ofte vart det ein klump i skøyten og høybørane eller vedkubbane hoppa av. Det skjedde aldri med dei skøytane Beint laga. Han skråslipte endane og so var det det å lodda med boraks og eit lite pengestykkje eller messingtråd som smelta ved lægre temperatur enn strengen. Etterpå filte og pussa Beint skøyten slik at han vart perfekt.

BÅTREPARATØR

Beint reparerte båtar langs heile Fjærlandfjorden, heilt ut til Torsnes. Han hadde spesiallaga utstyr for å få den rette formi på bordi som skulle setjast inn. Han hadde og ein strekmått som var laga kunn for å få rett fasong på båtbordi. Beint hadde og fast jobb som reparatør av båtane på hotellet. Hans eigen båt var uendeleg verdifull for han og vart passa på etter alle kunstens reglar.

VARSAM OG SMÅLOTEN – «BOTN I VANGSNESFJORDEN»

Beint levde alle sine dagar i små kår. Han var uvanleg hendig og litt av ein arbeidskar. Men det var låge prisar og ofte bytehandel. Beint bad sjeldan om betaling. Det var oppdragsgjevaren som måtte finna ein høveleg sum. Ein gong han hadde vølt båten til Jens Aarskog, måtte Jens ro inntil båten hans Beint og hiva pengane om bord. Ein gong hadde han gjort eit arbeid inne i bygdi, spurde dei kva han skulle ha. Beint kvidde seg for å seia ein fast sum, det var no so lite han hadde gjort. Til slutt måtte han likevel seia: «Ja, kanskje ein 5-kronar då. Beint ville helst ikkje koma inn i husi der han arbeidde. Og han ville slett ikkje ha mat. Sameleis var det når han var i selskap, han åt berre noko heilt lite. «Det er no botn i Vangsnesfjorden og» sa han Beint ein gong dei tykte han åt for lite.