Snus i snogen, tromf i bogen

Snus i snogen, tromf i bogen

Velkomen til eit spanande føredrag om, og syning av, ølkjenger mandag 28 september klokka 18:00!

Tidlegare i år gav Sverre Strandens ut ei praktbok om ølkjenger. Det omfattande verket «Snus i snogen, tromf i bogen – en bok om kjenger» presenterar kring 500 kjenger frå perioden 1600-1900, hovudsakleg frå Hordaland og Sogn. Kjengene kjem frå både private og offentlege samlingar.

Strandenes kjem til Heibergske Samlingar for å fortelja om kjenger og deira plass i kulturhistoria. Ølkjenger reprenterar saman med ølet både sosiale og seremonielle rollar, og Strandenes synar korleis dei reflekterar både folketro og levemåte i perioden. Me får møte kjenga i mellom anna bondekulturen, folkekunsten og drikkekulturen. Strandenes tar og med seg eit utval foto og kjenger.

Velkomen til ein lærerik og spanande stund!

Sverre Strandenes

Sverre Strandenes, født i 1956, har utdannelse fra Universitetet i Bergen med hovedfag i geofysikk. Han har hele sin yrkesaktive karriere jobbet i oljebransjen, først i Norsk Hydro og senere i PGS. Etterhvert har han opparbeidet en sterk interesse for bondeantikviteter generelt, og drikkekar spesielt. Denne interessen har kulminert i hans første bokutgivelse, «Snus i Snogen, Tromf i Brogen – en bok om kjenger».