Smia frå Haugen

Smia frå haugen

Smia var eit lite, men viktig hus på den gamle garden. Her reparerte dei gardsreiskapar og køyredoningar, og ekstra hendige gardssmedar kunne også smi ny reiskap her. Denne smia er komen frå garden Haugen i Jostedalen, og ho er bygd om lag 1850. På eine veggen kan ein sjå gluggar eller hol der dei smette inn sledemeiar eller andre ting som var for lange til å ta inn i smia.