Fresvik

Skogbruket i Fresvik i eldre tid

JON BØTUN:

Skogbruket i Fresvik i eldre tid, (Eit utdrag av særoppgåva til Anne Marie Bøtun ved Sogndal Gymnas 1970).

Fresvik ligg innan det beltet av fureskog som strekkjer seg over indre Sogn. Difor har Fresvik-bygda alltid vore ei skogbygd.
Skogen var ryggstødet og det som gav kontantar også i gamle dagar. Den gamle soga vår ligg ofte i myrke, så også her, det er helst lite ein finn om skogsdrifta i skrift eller bøker, men noko finst det slik at ein kan laga seg eit bilete frå dei siste 300 åra, sjølv om det kan verta nokre kvite flekker på kartet.

Dei sikraste opplysingane finn me frå ei skogdeling i 1680 mellom prosten Iver Eriksen Leganger som då åtte 4/5 av Fresvik-åsen og Prestebolet som åtte 1 femtepart. Her er då nemnt at det då var 4 vass-sager oppe i skogen og ei nede ved sjøen. I tingboki frå 1674 er det nemnt at Hauglum sag hadde skift eigar i 1641, og var truleg då ei eldre sag, slik at ein vel kan rekna med at dei fyrste vass-sagene var bygde i byrjinga av 1600-åra, ja kanskje ei tid før. Ein veit at vass-sagene (oppgangs-sagene) kom til Vestlandet før 1550-åra.

Om hogst og drift i skogen veit me i grunnen ikkje så mykje frå eldre tider, men sidan det var godseigar og kyrkje som åtte all skog den tid, kan ein finna ei lita rettesnor i sag-bevillingane som sagene måtte ha, dei måtte betala skatt for kvar tylvt bord dei skar. I 1781 var sagbevillinga til godseigaren på 200 tylvter, 4 alner tømmer, og av det kunne han skjera 9600 bord. Kor mykje dette ville verta i kbm kan ein berre gissa seg til. Men om ein reknar desse 200 tylvter, som sikkert var grovt tømmer, til 79 350 kbm og resten av treet som vart skore til anna, til 250 kbm, so kjem ein fram til ca. 600 kbm.

Prestebolet sin skurd på dei mindre sagene kan ein truleg rekna til 150 kbm. Tek ein så med det som leiglendingane skar til eige bruk, som truleg gjekk utanom det skattlagde kvantum, så kjem ein fram til eit tal kring 8-900 kbm hogst i skogen for ca. 200 år sidan.
Samanliknar ein dette med oppgåver frå Frønningen til same tid, så skulle det passa bra. Ein kan vel og rekna med ein del anna hogst, slik som hogst av mastretømmer og til sine tider noko stavkløyving. Ein del sal av rundtømmer var det nok og, serleg i den eldste tida, det hang vel og att litt av den gamle driftsmåten med å hogga borda.

Framdrifta i skogen var vel den gamle primitive måten sommar og haust med drettekøyring.
Ein kan vel rekna med at dette var einerådande til sagene oppe i Åsen, sameleis til framkøyring av løypetømmeret. Tømmeret til den store saga nede ved sjøen vart nok delvis køyrt or skogen, men vegen var lang og dårleg. Her bruka dei truleg slede til ein del av denne køyringa sidan størsteparten var 4 alner, men sikkert vart mesteparten køyrt på drog, med fleire hanker etter ein annan, då det her var mykje unnankøyring. Likevel så vart nok det meste av tømmeret til denne saga løypetømmer.

Dei mange løyper langs austsida av bygda og inn etter Aurlandsfjorden talar sitt tydelege språk her. No er dette arbeidet omlag slutt, men i fleire hundre år var dette einerådande for store parti av skogen. Dei gamle skilde mellom harde og mjuke løyper. I dei harde løypene var det som regel snøgt å løype tømmeret ned, men så fekk det og mykje slag, for slike løyper var bratte med hamrar og ufser der ein god del av tømmeret vart sundslege. Når ein bruka desse løypene måtte ein passe på korleis veret var. Tømmeret var rundbarka og sommarsfelt, så når løypinga tok til var tømmeret tørt. Ein måtte då byrja løypinga i ein tørrversbolk. Då var tømmeret «håst», det fekk ikkje slik fart ned dei harde løypene. I dei mjuke løypene var dette arbeidet seigt og tungt.

Slike løyper låg oftast i ei slett halvbratt li. Her måtte ein mange gonger dra tømmerstokken fram. Difor burde ein helst bruka desse løypene i regnver, for då var stokkane våte og sleipe så dei gleid lettare.
Løypetømmeret var for det meste 4 alen i dei harde løypene. I dei mjuke løypene kunne det nok vera større lengder, men då var det oftast eit fælt slit. Då det ikkje var veg langs stranda der tømmeret kom ned, måtte alt tømmeret flotast på sjøen fram til sagbruket i bygda.

Dette kunne ofte verta 7-8 km. Ein samla då tømmeret anten i «bom» eller «hank». Når ein flota i «bom» hekta ein saman ein ring av stokkar, i den fyrste tida med vidjer. Inne i denne ringen samla ein resten av tømmeret. Dette var nok eldste måten. Seinare tok dei til å hanka saman ein del stokkar i 4—5 hanker etter kvarandre. Dette vart helst bruka etter ein fekk lekkjer i staden for vidjer. Å få ein slik tømmerflote til sagbruket i bygda var det tyngste arbeidet av alt. Dei måtte ro flotane fram med ein eller to båtar. Dei hjelpte til frå land der dei drog floten med liner.

Enkelte stader langs stranda kan ein enno sjå merke etter korleis dei har freista å rydja veg for dei som drog. Var det lang veg til bygda, måtte dei ofte overnatta, sjølv om sommarsdagen var lang. Desse overnattingsstadene har framleis slike namn som Timmerviki og Timmerlægje. Mang ein flotekar har nok overnatta her når storm og uver kom, eller dagen var for kort.

Utover våren og sommaren skar dei tømmeret. Dei måtte ha løyve til dette frå kongen. Kongeleg sagbevilling, som det heitte. Sagene var primitive og enkle oppgangssager som regel med berre eitt blad. Somme av sagene vart kalla flaumsager. Det var dei sagene som berre hadde vatn ei tid på sommaren når det var flaum i elvane etter snøsmelting eller uver. Andre sager kunne ha sagvatn nok heile sommaren.

Dei skar for det meste hustømmer og bord. Saga hadde løyve til å skjera visst mange tylvter for året. Då gjekk dei ut frå 4 alner bord, ein og ein kvart tomme tjukke. Ofte tinga dei bort materialen til ei grannebygd som ikkje hadde skog sjølv, eller dei tinga det bort på hausttinget, der det alltid var samla mykje folk.
Var det eit større parti dei hadde å selje, kunne dei tinga seg eit fraktefarty, ei jekt til å føra det til Bergen, Det var helst større skogeigarar som hadde råd til det, ofte presten eller ein annan embetsmann som hadde store skogeigedomar.

No er dei gamle driftsmåtane mykje endra. Etter 1910 byrja ein å bruka motorbåtar i staden for robåtar når ein flota, men både floting og løyping er so å seia slutt no. Skogsvegane som er bygde, tek tømmeret frå heile flatåsen. Det som veks nede i liane og i vanskeleg lende tek ein no fram med vinsj og taubaner. Det er over 30 år sidan den fyrste større taubana kom i bruk.
Det vart ogå dreve anna skogsdrift i eldre tid, mellom anna vart det hogge ikkje så lite mastetømmer. Det var berre store utvalde tre ein kunne bruka til master i jekter og større farty. Dei måtte bruka fleire hestar og mann for å få fram eit slikt tre, men så vart dei og godt betalte.

Stavkløyving med øks dreiv dei og mykje med. Her sløsa dei ofte fælt med skogen, for dei tok berre den finaste, kvistreinaste kubben. Resten av treet låg att i skogen. Dei brukte breie biler til dette arbeidet.

Eit anna årvisst arbeid som vart dreve frå langt attende i tida, var tjørebrenning. Kor viktig dette var for summe gardar ser me, at då me fekk ny matrikkel i 1863 var tjørerøter teke med under verdsetjingi. (Bøtun og Skau). Dette arbeidet vart oftast dreve av husmennene, dei var då som regel 2-3 stykke om arbeidet.

Dei tok til å grava ut røtene om hausten. Rotgreinene kalla dei «tegler», og når dei hogg av røtene rundt stuven, kalla dei det å «tegla». Når røtene var oppgravne og samla på plass, tok dei til å «støkkja», det vil seia å storkløyve veden, Seinare måtte dei «saksa» finkløyva eller finhogga. Til det hadde dei ei spesiell lita Øks som dei kalla sakseøks.

Dei hadde og saksebenk, ein stokk eller stabbe som dei hogg på. Den rotne veden skilde dei ut. Dei kalla han «kas» eller «kasaved». Til å tørka veden måtte dei ha «tjørevedhes». Ho var som ei vanleg hes, ein famn i kvart golv. Eit golv tjøreved var ei tunne tjøre.
På den eine sida av hesa hadde dei «skaringa», en stabel av sakseved. Den skulle vera så breid som frå alboge til alboge når ein sette hendene i sida. Så bar dei 'i «saksetrauet» og tømde mellom «skaringi» og hesa. Hesa skulle alltid vende mot sola, for då vart veden lettare tørr. Veden skulle stå og tørke til fram mot jonsok.

Det første dei gjorde når dei skulle setje opp ein tjørehjell, var å setja opp «hodnloi», to murstolpar i eit bakkehall, attved ein bekk. Så la dei tverråsen, ein stokk frå det eine «hodnlae» til det andre. Rommet under tverråsen vart då hjellopninga. Heile framsida av hjellen kalla dei «hjellbrystet». Så la dei «hjedlstiki» eller «stiki», som dei ofte sa. Dei kløyvde ein stokk og la stykka ved sida av kvarandre frå tverråsen og inn i hjellbakken. Dei måtte halla passeleg innover.
I desse «stiki» hogg dei so eit hol der dei sette «disken», eit utgrave trestykke som likna eit auskjer med hol i. Så la dei «sidestiki» jamsides «stiki» så langt tverråsen rakk, og etterpå la dei lyngtorv oppå «stiki». Deretter jamna dei til med aur. Heile hjellen var då som ein tallerken med halling inn mot midten. «Fint hjedlefadl», kalla dei gamle det. Så måtte dei finne furebork, helst av «gulberkjer». Den tok dei med borkeskei som dei helst laga av tørr furu eller einer.

Når denne borken var komen på plass, måtte dei tekkje hjellen. Dei byrja innmed «disken» og la borken rundt den, så lag på lag utover. No var hjellen tekt, og ein kunne til «å bera i». Den fyrste veden dei la på kalla dei «kaopaveden». Det var flate vedskier, omlag ei alen lang og tilspissa i endane, seinare bruka dei bord eller hun til dette. Der etter reiste dei «hjedlakrossen». Det var ein stokk som dei sette på «hjedladisken» og rett opp gjennom hjellen. I enden på stokken, som stod på disken, skar dei ein stor kross.
Det gjorde dei for at tjøra skulle leidast inn i disken. Så måtte dei bera «sakseveden» i «saksetrauet» og inn i hjellen. Dei måtte no rekne ut kor vid dei ville ha han, og etter på måtte dei «skara att» rundt om. «Skaringi» kunne vera ca. ei halv alen breid. Når veden var lagd på, måtte dei ha «brodd». Det var simplare ved, men helst turr. Den «skara» dei rundt tjøreveden. Etterpå fann dei torv. Dei bruka helst blåbærlyngtorv, for den var best.

Lyngtorva vart lagd med lyngen ned utanpå veden så det tetta godt til. Ofte kunne det bli brendt hol på hjellen, og då hadde dei alltid «vartorv» liggjande til å tetta med.
Til torvinga brukte dei eit spesielt grev, torvgrev. Oppå torva hadde dei aur. Aurlaget skulle vera så tjukt at når ein sette handa inn i auren, skulle det nå opp i grepen (ca. 12 cm). Så fylte dei saksetraua sine med «kasaved» og la i ring rundt «brodden». Det var i denne dei kveikte.

Tjørevedriva, «hjedlekara» stod ferdig til bruk. Så laga dei ferdig tjøretønna og la henne i tønnehola. Frå «disken» og ned i tønna laga dei ei renna som dei kalla «dælao.» I diskeholet hadde dei ein tapp, og denne tok dei ofte or for å sjå om tjøra tok til å renna. Tappen sette dei i att når all tjøra var komen, for det skulle ikkje koma trekk opp.

Tjøreolja kom fyrst ut or hjellen. Det var ei blanding av meisk og vatn. Etterpå kom tjøra. Dei brukte ei lita renna til å leida tjøra frå den store ned i tønna. Under den store sette dei ei bøtte. Når dei skulle skifta tønne, tok dei den vesle renna vekk, og tjøra rann so ned i bøtta til tønna var komen på plass. Når tjøra var slutta å renna og dei hadde «prøvd» hjellen så dei visste at det ikkje var att meir, så dekka dei alt til og heldt vakt eit samdøger.

Hjellen måtte vera så godt tildekka at det ikkje kom opp røyk. Så reiv dei hjellen. Torva vart teken bort, og dei raka kola i ringar med tjørevedriva. Var det glør att, kunne dei bruka litt vatn, eller helst plukka glørne burt. Dei måtte vera varsame med vatn, for elles ville nok smeden merka det på kola. Så fylte dei saksetrauet med kol og bar til kolhytta. Ho var bygd av bar og einer og tekt med hjellbork. Tjøretønnene rulla dei saman og tekte over med hjellbork og torv. Når hausten kom, meiska dei. Nede ved logga på kvar tønne var ein tapp. Den vart teken or og meisken tappa ut. Han låg under og var dyraste vara.

Om vinteren køyrde dei det heim. Dei brukte som regel eit slag drette til det. Dei kalla det for «tjøreskaok». Ein vanleg tjørehjell var ofte på 10—20 tønner tjøra, og i tillegg kom så ein del kol. Husmennene som mest dreiv denne tjørebrenninga, eigde ikkje skogen og måtte difor svara skogleige.

Eigaren skulle vanleg ha fjerde eller femte kvar tønne. Ei tønne tjøre og ei tønne korn vart rekna likt i pris. Dei rekna prisen for ei tjøretønne til fem riksdalar. Arbeidet i skogen skifter, driftsmåtane blir nyare og betre. Slitet for folk og hestar vert mindre. Traktoren har teke over det meste av tungarbeidet no. Ofte kan vi synast at romantikken og eventyret heilt er blitt burte.
Vi ser dei gamle tuftene etter tjørehjellar og skogshytter. Vi ser den gamle tufta etter han som rudde Svegarden. To store steinar som han murte kring og tekte over, det var hans heim dei fyrste åra. Eventyret vert litt onnorleis når den grå kvardagen stig deg i møte frå gamle segner og gulna blad.

Vi les om husmannen frå plassen der oppe i skogen. Han sleit for heim og barneflokk på den magre staden, men ein dag tok mastretreet han med seg i fallet. Amerika tok kona og barneflokken.

Vi les om gutungen, berre 12-13 år, som skulle vera i far sin stad. Han måtte svara bygsli til godseigaren så han og mor og syskin kunne få sitja på garden. Han fann dei att under tømmerlasset der bakken hadde kollkøyrt.

Litt meir romantikk er det over han Gulbrand som var tjørebrennar. Han stakk frå det heile då tjøra byrja å renna. Det var sommarsnatt, og jentene oppe på Skarsstølen lokka og drog. Litt mindre romantisk vart det då han saman med morgonsola såg eldslogane som dansa bort etter furutoppane.
Det vart ikkje berra tjøra som brann, nei, det vart den største skogbrann som har vore i bygda. Dette området ber framleis namnet Branden. Men det gror i dei gamle såra, i dag er Branden den grønaste staden i heile Fresvikåsen.

JON BØTUN.

Kjelder som er nytta.

1. Anne Marie Bøtun skreiv som særoppgåve til studenteksamen om
garden Bøtun, serleg om skogdrifti i eldre tid. Her er teke med det
som er meir ålment for bygdi.
2. Når det gjeld avsnittet om tjørebrenning, so er det meste oppteikna
av Per H. Bøthun etter Bendik Breilid og Ellend Bøthun.
3. Bygdeboki for Leikanger.
4. Gamal matrikkel og tingbøker.
5. Gamle dokument på garden.

Namn og nemningar ved tjørebrenning.

  • Hjellbrystet - Framsida av tiørehjellen.
    Hjellbakke - Motsett sida av brystet.
    Handlo - Framveggen i hjellen.
    Hjellstik - Stokkar som laga grunnflata.
    Hjellbork - Furubork til å tekkja hjellbotn med.
    Gulberkja - Kvistfrie furer ein tok hjellborken frå.
    Borkaskei - Reiskap til å flekkja hjellborken med.
    Hjelldisk - Eit uthola trestykke tjøra rann gjennom.
    Dælao - Renna frå disken til tjøretønna.
    Hjellkross - Ein stokk som stod frå disken og opp gjennom veden.
    Hjellfadl - Halling mot midten av hjellen.
    Kaopaved - Tunne vedskier som vart lagde oppå borken.
    Sidestiki - Til å jamna ut botnen under torvlaget.
    Brodd - Simplaste spikaveden (broddved).
    Kasved - Dårleg ved, helst rotaved.
    Hjellgang - All veden på hjellen.
    Meiska - Tappa meisken av tjøretønnene.
    Hjellkol - Trekol, til skilnad frå milekol.
    Hjedlakara - Rive til å raka kola med.
    Tjøreskaok - Eit slags drette til å køyra tjøretønnene på.
    Støkkja - Storkløyva veden.
    Saksa - Finkløyva veden.