Skogbruk

Skogbruk

Her på Kaupangerhalvøya finn vi nokre av dei mest drivverdige skogane på Vestlandet. Verkeleg stordrift av skogen kom med vassaga. Oppgangssaga vert teken i bruk her i området sist på 1500-talet.

Furuskogen dominerer, og det er den som har stått for den mest kommersielle skogdrifta. Frå denne har ein fått skipstømmer, hustømmer, plankar og bord. Det er nokre få gardar som har ått skogen på Kaupanger, men mange har vore sysselsette i skogen. Det trongst arbeidskraft til felling av skog, frakting av tømmer og sagarbeid.
Godseigarane overlet tjørebrenning av fururøter til leiglendingar og husmenn, som her fekk ei viktig inntektskjelde. Dammen på museet er ein gamal sagdam, og nedetter elva hadde fleire gardar sagene sine. Nokre ser ein framleis spor etter.

Vatnet var ein viktig ressurs, og sagene kunne berre brukast når det var flaum. Ein bygde demmer for å regulera vatnet. Somme tider måtte vatnet her i bekken stoppast og leiast til Kaupangerelvi.

Trass i mindre kommersiell interesse, har lauvskogen vore utruleg viktig. Spesielt viktig har den vore som ved. Ved måtte ein ha til oppvarming, matlaging og i smiene der dei smidde sine eigne reiskap. Noko har og gått til sal, m.a. til Bergen.
Lauvskogen har også gjeve materiale til reiskapar og andre nytteføremål. Eit døme er never som ikkje minst er brukt til å tetta og isolera tak, men også til å laga ulike korger o.l. Lauvskog har og vore brukt til fôr.

Furuskogen på Kaupanger vert ofte omtala som den beste og betydelegaste skogen på Vestlandet, og det heiter at her var det største sagbruk i Bergens stift i 1830— åra.

Framfor fjøsen i Indre Sogn-tunet kan du prøva å saga ved.