Lækjarutstyr for øyre og nase

Skattejakt på museet

Frå "Årbok for Sogn" 2010

Digitalisering av gjenstandar i Primus….høyres ikkje det spennande ut? Kanskje ikkje så mange som veit korleis dette går føre seg, og kanskje det ikkje høyrest særleg spennande ut heller, men det kan eg lova deg at det er.

For ikkje berre handlar det om å registrere gjenstandar i ein database, men det handlar og i høgste grad om å få med historia rundt kvar og ein av desse gjenstandane. Og kvar einaste gjenstand vi har her på museet kan fortelje si eiga spesielle historie. Dei kan mellom anna fortelje om opphavet sitt, kva dei har vore brukt til og kven som har eigd dei. Dette er berre nokre av dei mange opplysningane vi må ha med i digitaliseringa, og det er særs viktige opplysningar for ettertida.

Historia til alle gjenstandane er sjølvsagt spennande, men inni mellom dukkar det opp ei historie som kan vere meir spennande enn andre. Eg har fleire oppgåver her på museet, men ein av dei eg set størst pris på, er å tolka og digitalisere Gjert F. Heiberg sine gamle handskrivne katalogar. Rett som det er finn eg opplysningar som får hjartet til å banka fortare og som gjev historikaren i meg eit stort ”kick”. Slike stunder tenkjer eg ofte at dette må eg fortelje vidare, ikkje berre til dei her på museet, men og til andre ute i verda. Til alle som ikkje veit kor spennande det kan vere å arbeide på eit museum, og kor viktig dette arbeidet er. Om du heng med, skal eg fortelja deg om ein av desse gongane eg fekk både hjartebank og eit ”kick” utanom det vanlege. Men fyrst har eg lyst å fortelja litt om korleis vi går fram når vi registrerer gjenstandane, eller digitaliserar dei, som det heiter no i dataverda.

Som ein kan tenke seg er gjenstandane ”hovudpulsåra” til eit kvart museum, for utan gjenstandane vart det ikkje rare greiene. De Heibergske Samlinger har meir enn 50 000 gjenstandar, samla opp gjennom dei vel hundre åra museet har eksistert, og det kjem stadig inn nye. Museet har gode rutinar når ein tek i mot nye gjenstandar, og slik har det vore heilt sidan Heiberg si tid. Alle vert nøye registrert i katalogar, arkiv og seinare digitaliserte i eit eige dataprogram, med bilete. Ingen gjenstandar vert overlete til tilfeldigheitene, og mykje arbeid ligg bak før registreringa er fullendt. Kvar av gjenstandane får fyrst eit eige unikt nummer, så vert det registrert kva gjenstanden er, kva den vart brukt til, kven som har laga den, utsjånad, fargar og dekor, og til slutt kven som har eigd den og gjeve den til museet.

Heiberg var alltid svært nøye med å notere ned alle opplysningane han kunne få av kvar gjenstandane han fekk hand om, og desse skreiv han sirleg inn for hand i protokollane sine. Dei fleste av gjenstandane her på museet er frå Sogn, men her er og nokre som kjem utanfrå. Heiberg hadde mange kontaktar rundt om, både i fylket og i landet elles. Desse kontaktane samla gjerne inn gjenstandar til museet frå andre stader, slik at dei kunne samanliknast med liknande gjenstandar frå Sogn. Samanlikninga gjaldt både utsjånad og bruk. Nemningane kunne og vere svært forskjellige frå distrikt til distrikt, og frå landsdel til landsdel.
Ut frå Heiberg sine nedteikningar kan ein lese og finne mykje av historia til dei fleste gjenstandane, men ofte må ein i tillegg ta Internett til hjelp. Og mange spennande tilleggsopplysningar kan ein finne på ”nettet”.

Som nemnt har alle gjenstandar ei eiga historie knytt til seg. I seg sjølv er alle interessante og lærerike, men stundom dukkar det altså opp gjenstandar som har ei meir spennande historie enn andre. Ein av desse skal du få høyra om her:

I digitaliseringa av Heiberg sine katalogar er eg no komen til året 1939. På denne tida var Dr. Ludvig Trædal fylkeslege i Sogn og Fjordane og busett i Sogndal. Den 15. november dette året har Heiberg registrert ein del gamle legeinstrument som Dr. Trædal har gjeve som gåve til museet. Mellom desse gjenstandane dukkar det med eit opp ei øskje med legeutstyr som peika seg ut som særs interessante. Om denne gåva har Heiberg skrive følgjande: ”Øre og nesebestikk, der har tilhørt Dr. Svendsen, som hadde det med på Sverdrups Framekspedisjon til Nordre Grønland. I bestikket er 8 forskjellige instrumenter”.

Eg måtte lese ein gong til…dr. Svendsen?, Sverdrups Framekspedisjon? Her var med eitt fleire opplysningar som var ukjende for meg, sjølv om eg for ikkje lenge sidan var innom ”Frammuseet”. Eg skulle kanskje brukt meir tid når eg fyrst var der…!

Fleire spørsmål dukka opp i hovudet mitt på ein gong: Nansen sin Framekspedisjon til Grønland kjende eg til. Eg kjende og til at Sverdrup var med på den ferda. Og denne lærdomen hadde eg altså for ikkje lenge sidan fått friska opp att ved mitt nemnte besøk på ”Frammuseet”. Men at Sverdrup hadde sin eigen ekspedisjon med Fram til Nordishavet hugsa eg ikkje, verken frå skulen eller frå mitt besøk om bord i den vidgjetne skuta. Og kven var dr. Svendsen som var med på ekspedisjonen? Og hadde verkeleg desse legeinstrumenta Heiberg fekk i gåve i 1939 vore med denne dr.Svendsen på ekspedisjonen til Nordre Grønland? Og kor var desse instrumenta no? Låg dei i utstillinga, eller i magasinet? Eg kunne ikkje i farten hugse eg hadde sett nokre slike legeinstrument nokon stad.

Trongen til å finne ut av dette vart større og større jo meir eg tenkte på det. Her måtte det forskast. Det fyrste eg no måtte finne ut var om det verkeleg hadde vore ein slik ekspedisjon til Grønland, og om kven denne dr. Svendsen var. Her kom Internett inn som ein uvurderleg hjelpar. Eg søkte på ”Framekspedisjonar”, og fram kom ei lenke til heimesida til Frammuseet. Sjølvsagt måtte dette vere rette staden å leite, og ikkje berre fann eg informasjon om Sverdrup og hans ekspedisjon til Grønland, men her var og særlege opplysningar om dr. Svendsen.

Mannskapet på Fram måtte vere i svært god form på alle måtar og klare til å takle alle dei utfordringane som måtte komme i eit slikt ”brutalt og ugildt” landskap som ekspedisjonen skulle til. Difor måtte alle gjennom ei nøye medisinsk undersøking før dei mønstra på. Ikkje veit eg om det var dr. Svendsen som sjekka ut mannskapet, men det kjem tydeleg fram i omtalen av ekspedisjonen på Frammuseet si heimeside at den godaste dr. Svendsen var den einaste av mannskapet som ikkje vart sjekka på førehand. Det var nok ei tabbe, for det skulle vise seg at dr. Svendsen var avhengig av morfin. Om det var morfinen eller mangelen på denne som gjorde utslaget veit eg heller ikkje, men medan Fram låg innefrosen i isen sommaren 1899 skaut dr. Svendsen seg.

I artikkelen på Frammuseet si heimeside som omtaler denne turen, står det eit utdrag frå Sverdrup si dagbok, der han omtaler hendinga: ”Den satans tosk av en doktor som skulde gå hen og skyde sig, fan forstå hva han skulde her om bord efter for at skyde sig(…) Jeg ergrer mig gal at jeg lot mig således lure på af ham”. Historia om Framekspedisjonen og dr. Svendsens lagnad gjorde at det vart svært spennande og verdfullt for vårt museum å eige desse legeinstrumenta. Min neste tanke var difor: Visste dei andre her på huset om denne skatten? Eg tok ei utskrift av artikkelen frå Frammuseet og av nedteikningane til Heiberg, og starta ei runde på museet. Det viste seg at dei eg spurde visste om legeinstrumenta dr. Trædal hadde gjeve til museet, men at der blant desse var instrumenter med ei slik spennande historie bak var ukjend for alle. Vi vart straks einige om at denne skatten måtte vi hente fram. Men kor var denne øskja med desse historisk viktige instrumenta? Mest truleg i magasin 1, fekk eg høyre…

Eg la i veg ned i kjellaren og låste meg inn i magasinet. Eit historisk sus møtte meg i det eg opna dørene. Hundrevis, ja kanskje tusenvis av større og mindre gjenstandar låg trygt bevart i det kjølige, tørre og vanlegvis mørklagde rommet, og det var som om dei alle kjempa om å få fortelje meg si spesielle historie. Eg slo på ein brytar og svakt lampelys frå nokre nakne lyspærer i taket kasta gulaktige strålar ned mot reol etter reol. Dei nedste hyllene låg mest heilt i skyggeland, men likevel nok opplyste til at eg kunne sjå og lese nummera på gjenstandane der. Og det var nettopp der eg måtte leite. Med kvite hanskar på hendene løfta eg varsamt fram nokre øskjer som eg meinte hadde same storleiken som den eg var på jakt etter. Ikkje den…ikkje den, og heller ikkje den…men der, der var den! Med skjelvande hender og bankande hjarte løfta eg den varsamt fram i betre lys.
Eg sette den frå meg på eit lite bord på enden av reolen og opna lokket på den noko slitte øskja. Det var som eit gufs i frå Nordishavet slo i mot meg. Pelskledde, forfrosne menn kom ut frå dei mørkaste skuggane i magasinet, trampa av seg snøen, slo floke og pusta meg i nakken medan dei kika meg over skuldra, like nyfiken som eg etter å sjå om desse instrumenta framleis låg i øskja si….Og der låg dei, det som Heiberg hadde omtala som ”Øre og nasebestikk”, legeinstrumenta som hadde vore med den, i Sverdrups dagbok omtala ”satans tosk av en doktor” , på ekspedisjon til Nordre Grønland. Og innhaldet i øskja var komplett. Alle 8 instrumenta som skulle vere der var til stades, og i god stand så langt eg kunne sjå. Både eg og dei forfrosne mennene pusta letta ut….
Eg la lokket på igjen og tilskodarane mine klappa meg på skuldra, blåste på dei kalde fingrane sine og forsvann inn i dei mørke skuggane att. I magasin 1 er det ikkje serleg varmt, men eg kjende eg var fuktig både på hendene og i panna. Kanskje var det isen frå Nordishavet som hadde smelta? Eg kjende ein klump i magen av medkjensle med dei som kjempa for å overleve under slike ugjestmilde forhold, og utan doktor….

Eg rista av meg gufset frå fortida og med eit fast grep om øskja bar eg den med opp til vår eminente fotograf Lars Asle Vold. Der vart øskja med legeinstrumenta avfotografert frå alle kantar, før eg med eit like fast grep om øskja bar den attende til magasinet. Denne gongen var det berre mørkt og stille her. Mennene frå ekspedisjonen meinte nok at øskja med dei verdfulle legeinstrumenta var i trygge hender. Eg la øskja trygt på sin plass og merka meg særskilt nummeret både på reolen og hylla. Dette var viktige opplysningar som skulle vere med i dei interne opplysningane om gjenstandane. Viktige av den grunn at det skulle vere lett å finne attende til rette staden den dagen vi ville ta dei fram til ei utstilling.

Med ei kjensle av at eg hadde vore med på noko stort og historisk denne dagen, tok eg farvel med alle gjenstandane og dei mange andre spennande historiene som svirra i rommet. Eg lova at ein dag skulle eg gje meg tid til å lytte til dei og. Eg lukka døra, låste og sløkte lyset. Det trygge, kjølige og tørre magasinet var på nytt lagt i mørke. Mi oppdagingsferd kan nok ikkje samanliknast med den som Fram og mannskapet hadde vore på, men for historikaren i meg hadde dette vore ei stor oppleving. Slike opplevingar krydrar kvardagen og minner oss på kor viktig det arbeidet vi gjer her på museet er. Med denne vissheita gjekk eg attende til skrivebordet og datamaskina mi, ivrig etter å registrere alle dei nye, historiske opplysningane vi no hadde fått om ”Øre og nasebestikket” i databasen vår.

Kjem du på besøk til museet og vil sjå på dei mange gjenstandane vi har, og lære meir om historia deira, er det ikkje sikkert du vil sjå meg nokon stad. Kanskje er eg då på ei ny skattejakt i magasin 1…

Artikkelen er skreven av Helge Willy Røed