Segner frå Fresvik

Segner frå Fresvik

Desse segnene er samla inn av Gudrun Simlenes. Museet har fått dei hjå Olav Otterhjell, Fresvik

Huldene på Otterhjell

Det var ei julafta det kom ein mann over fjellet frå Dyrdal. Han hadde med seg ein stor, kvit hund. Han kom ned på Otterhjell og møtte han Per på tunet.
- Kan eg få hus her i natt, spurde han.
- Å, me har ikkje hus sjølve, me i natt, svara han Per. Me må ned på Fletegardane og få oss hus for natti. For her kjem så fullt av hulde i kveld at me kan ikkje vera her.
- Du får lata meg få hus likevel. Eg er heilt utmasa etter turen over fjellet, sa mannen.
- Ja, for meg kan du vera. Men eg vil ikkje ha noko ansvar for deg, sa han Per.
- Neidå, sa mannen og takka til at han fekk hus.
So byrja folki på garden å bera på bordet alt dei hadde av mat og drikka. So for dei til bygdars.

Mannen la seg uppå halvlemen og hunden krabba under omnen. Litt etter vart det slikt bråk ute på tunet. Det var huldene som kom. Nokre reid, nokre køyrde og andre gjekk. So kom dei dragande med ein utgamal kall og sette i høgsetet. Det var hovdingen deira. So byrja dei å eta og drikka. So var det nokre av huldeungane som tok ei pølse og gav hunden.
-Kjetta vil ha kurv, sa dei, for dei trudde det var ein katt. Men hunden brende seg og glefste og beit etter dei, so dei vart redde.
- No skjenkar eg deg, Tore, sa dei til gamlingen og drakk han til.
Han på halvlemen tok ein sylvknapp or skjorta si og togg ihop til ei kule. So ladde han geværet.
- No skjenkar eg deg og, sa han. So skaut han gamlingen med sylvkula. Då vart det eit felt leven av huldene. Dei trudde det var hunden som hadde drepe han. So for dei utdragande med han.
- Stokke til jol på Otterhjell i år, sa dei, med same dei for ut døri.

Året etter var han Per framme i marki og hogg seg joletre. Då ropa det burte frå ein haug.
- Per, sa det, - Per.
- Ja, kva er det no? sa han Per.
- Har du kvitapus endå? sa det.
- Ja, svara han Per, og no har ho fått tre ungar som er enda større og sintare enn ho.
Trøyste oss da, no kjem me aldri til Otterhjells meir. Stokke te jul på Otterhjell, sa det burte i haugen.
Sidan fekk dei vera i fred for huldene på Otterhjell.

Nes-ulven

Det var ein gong gamle Ola låg sjuk. Ho Marta skulde ned i kjellaren etter poteter. So sette ho døri opi so sola skulde skina inn. Best det var kom ein stor ulv inn. Han stod og gliste framfor sengi, og vilde glefsa etter han.
- Marta, Marta, du må koma fort, her er ein stor ulv som vil ta meg, ropa gamle Ola.
Ho Marta kom springande upp kjellartroppi. So hivde ho potetbytta inn på golvet so potetene skvatt um ulven. Då vart han so redd at han la til sprangs ut døri og like ut på Middags-haugen. Der sprang han seg lukst utyver og ned i Middagshaug-urdi og slo seg i hel.

So var det ei tid seinare. Han Joans skulde upp etter geitene.
Dei vilde ikkje koma nedatt sjølve. Då såg han det låg ein stor dunge med ull der. Det var ham etter ulven. Då han kom nedatt, gjekk han inn til ho Kari.
- Du Kari, som er so flink å spinna og veva. No må du ta med deg ein sekk og gå upp i Middagshaug-urdi. Der ligg det ein stor dunge med ull. Ja, ho Kari reiste til Otterhjell og fekk henne Anna med seg. So stappa dei full kvar sin sekk. Og so nedatt til ho Kari. Dei karda og spann der og farga garn og rende upp vev'. Og vov seg kvart sitt spilateppe til å ha på sengene sine. Teppi er nok i bruk den dag i dag.

Segni um storesteinen

Det var eingong det budde ei gygr i Nonhaugen. So var ho bedi i barnsdåp i Eingjafjellet.Ho tok då ein stor stein i forkledet sitt og skulde ha til faddergåva. So skulde ho hoppa frå Nonhaugen og burt på Eingjafiellet. Men so rauk forklebandi og steinen datt ned. Gygri klarte so vidt å koma seg over dalen. Ho sette knei so hardt i Engjafjellet at det vart tvo store holer.

Ein som heitte Gulbrand skulle vera ein sprek kar. Han er den einaste som har klart å kliva upp til holene. Men no er dei attvaksne med skog og syner ikkje. Steinen datt ned midt millom selet og fjøsen til Skauen, tett attmed stølsvegen. Der ligg han den dag i dag. Han vert kalla Storestein. Det skulle og visa etter fingrane til Gygri uppe på fjellet der ho hogg seg tak med hendene.

Skomakarnipa

Det var eingong ein mann som hadde gjort eit brotsverk som han var dømd til dauden for. Men viss han kunde sitja ytst på ei høg fjellnipa og sauma eit par sko utan å missa noko ned, so skulde han få behalda livet. Ja, mannen hadde ingen ting å tapa, so han gjekk med på det.
Han sat då der og sydde skorne. Nett då han skulde sy siste stinget, miste han sylen. Han tøygde seg fram og skulde gripa den. Med same stupte han utfor og slo seg ihel. Sidan vart nipa heitande Skomakarnipa, til minne om skomakaren.

Katten og musi

Det var ein gong ein katt som hadde fanga ei mus.
- Spar livet mitt, so skal eg fortelja deg eit eventyr, sa musi.
- Få høyra då, sa katten
Det var ein gong eg sopa mitt golv, sa musi.
- so var det ikkje rusk hjå deg, sa katten.
- so fann eg ein toskilling, sa musi.
- so var du ikkje pengelaus, sa katten.
- so kjøpte eg ein bite flesk, sa musi.
- so var du ikkje fleskelaus, sa katten.
- so la eg det på gloa og steikte det, sa musi.
- so åt du det ikkje rått, då, sa katten.
- so la eg det på taket og vilde kjøla det, sa musi.
- so åt du det ikkje varmt, då, sa katten.
- so kom det ei skjor og snabba det vekk, sa musi.
- Og so snappa eg deg, sa katten.
Snipp snapp snute, so er eventyret ute.

Gjenta som hjelpte Huldra

Ei gjente som skulde til støls att ein kveld høyrde det ropa innifrå ein haug.
- Mari, sei til Gjø at han Tore er død.
Ja, gjenta kom til støls. Men kven ho skulde seia det til, visste ho ikkje. Hadde eg enno visst kven denne Gjø er som eg skulde fortelja at han Tore er død, sa ho høgt med seg sjølv.
Då byrja det å gråta under skotgolvet. Han Tore er mannen min det, sa eit mål. Eg må heim, vil du mjølka kyrne mine
- Ja, men kvar finn eg dei, då? sa gjenta.
- Når du er ferdig med dine, står mine utanfor skotdøri. Mjølki siler du ned attmed gruesteinen.
Ja, gjenta lova det. Om morgonen stod det ein fin bøling ut for døri. Gjenta mjølka og sila som huldri hadde sagt. Kvelden etter høyrde ho at huldri kom att.
Om morgonen låg det ei fin sylje i mjølkebøtta hennar. Det var frå huldri med takk for hjelpi.