Søk i samlingane
Museet sine samlingar er på om lag 50.000 gjenstandar og om lag 50 antikvariske bygningar. Reiskapssamlinga på museet er mellom dei største i landet.
På Digitalt Museum kan du søke i gjenstandskatalogane våre
Her kan du søke i gjenstandskatalogane til Musea i Sogn og Fjordane.
Her finn du fleire tusen gjenstandar, mange med bilete:
Museet har dessutan eit bibliotek, med om lag 50.000 band, m.a. mykje lokalhistorisk og slektshistorisk litteratur, og med ei lang rekke "klassiske" norske tidsskrift.
Katalogen til delar av boksamlinga ligg på Internett, som ein del av Bokbasen i Sogndal
Mykje artikkelstoff i samlinga er registrert i basen Fjognedok - Lokalhistoriske artiklar. Den søkbare katalogen vert stadig utvida:
Museet har også fotosamling og eig mykje arkivmateriale
Arkivmaterialet er deponert i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Museet sitt fotomateriale er under digitalisering, og mykje av det er søkbart på den fylkesomfemnande fotodatabasen på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.