Rundtur på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

I museets store hovudbygning finn ein utstillingar knytt til jordbruk, handverk, tekstilar og klede, mat og drikke, og ei utstilling knytt til høgtidsdagane våre. Ein kan sjå gamle handverkarverkstader, gå på besøk til det gamle tannlegekontoret eller kika inn i den gamle krambua.

I denne filmen kan du bli med på ein liten rundtur som kanskje freistar til eit besøk. Du er hjarteleg velkommen..