Melheimshuset på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Restaurering av Melheimshuset

Artikkel frå «Årbok for Sogn» 2004, av Aud Ross Solberg

I 1993 fekk museet tilbod om å overta eit hus frå garden Melheim på Indre Hafslo. Huset vart rive, lagra nokre år og i vår var det ferdig sett opp att på museet. Huset som vart bygd i 1939/40, skulle opphavleg nyttast som eit kårhus på garden, men det vart aldri teke i bruk som det. Kona til kårkaren døydde tidleg, og han vart buande hjå sonen til han sjølv døydde på byrjinga av 1960 talet. I den første tida vart huset brukt av ei søster av gardbrukaren, seinare brukte ein bror det som feriehus. Elles har huset ofte stått tomt, men det har og vore leigd ut i periodar til både barnlause par og barnefamiliar.
På museet vart Melheimshuset sett opp att i nærleiken av Stella-huset frå byrjinga av 1980-talet. Denne delen av museet, skilt frå husa frå det gamle bondesamfunnet, skal syne korleis folk budde og levde gjennom 1900-talet og korleis stilar og trendar endra seg gjennom tiåra. I denne samanheng skal Melheimshuset representere slutten av 1930- og byrjinga av 1940-talet. I ettertid har vi og fått eit hus frå 1960-talet.
I denne artikkelen vil eg fortelje om arbeidet med å setje opp att og innreie Melheimshuset. Med dette vil eg gi eit innblikk i korleis vi på museet arbeider, tenker og gjer ulike val når vi tek vare på gamle hus. Kanskje vi og kan bidra til at du som lesar kan få nokre tankar og idear dersom du sjølv skal restaurere og ta vare på eldre bygningar.

Midtpipehus

Melheimshuset er eit såkalla midtpipehus, den vanlegaste og mest populære hustypen blant bønder og andre av mellomsjiktet i samfunnet frå midten av 1800-talet og fram til midten av 1900-talet. Det er den typen eldre hus vi enno ser på dei fleste gardane, – og også i tettbygde strøk på landsbygda. Midtpipehusa er relativt breie og korte, med 3–5 rom i første høgda, dvs. gang, kjøken, stova og eitt eller to kammers, lagt omkring pipa i midten.
P.g.a. midtpipa var det mogelegheit for omn i kvart av opphaldsromma- og vedkomfyr på kjøkenet. Midtpipehuset tok over for dei gamle to–treromshusa med eldstad berre i stova, då folk fekk trong for meirdifferensierte husvære og då jarnomnen vart billigare og meir utbreidd.
Midtpipehuset kunne ha to fulle etasjar, men det vanlege var halvannan etasje. Av og til var loftet berre eit «råloft» og eit lite panelt soverom med skråtak, men det kunne og vere fleire rom, eventuelt nokre smale alkover eller kott langs langveggane. Utvendig vart midtpipehusa påverka av skiftande stilar og trendar. Mange av husa fekk sveitserstilens form, med forholdsvis bratte, side tak, utstikkande profilerte sperrer, ark og krysspostvindauger. Med jugendstilen følgde valmtak, karnapp og krysspostvindauge med småruta rammer øvst.

Eksteriør og planløysing

I stilutforming kan Melheimshuset seiast å vere påverka av både sveitsar- og jugendstilen. Det var eit lokalt byggelag som i si tid bygde huset. Dei hadde ikkje detaljerte teikningar å gå etter. Utgangspunktet deira var eit grovt riss, nokre tommemål og erfaringane deira frå tilsvarande hus dei hadde vore med og bygd før.
Huset vart opphavleg måla kremgult med brunt listverk. Seinare fekk det andre fargar. På museet fekk huset tilbake sin opphavlege farge. Huset har ei grunnflate på om lag 60 kvm, og er bygd i 1 1/2 etasje med ark, og kjellar i gråsteinsmur. Nesten heile første høgda har lafta kjerne, medan den øvste delen og loftet er i reisverk, av materiale henta i eigen skog. Huset har trefags- vindauge med store vindaugsfelter nede og eit felt med småruter øvst. Det er kledd med liggjande bord og har dråpeskifer på det halvvalma taket. Listverket er lett profilert. Innvendig har huset eit kjøken, eit like stort kammers og bestestove og eit mindre spisskammers. I tillegg kjem eit soverom på arka. Resten av loftet har aldri vore innreidd.
Sidan 1940 har det vore gjort fleire endringar på huset. Opphavleg var huset bygd med bislag på oversida og med dør rett inn på kjøkenet. Seinare vart inngangsdøra flytta og bislagsdøra vart brukt til kjellardør i staden. Også innvendig vart det gjort store endringar. Snikkarane på museet har ført huset mest mogeleg tilbake til det opphavlege, med omsyn til det bygningsmessige. Derimot stod vi nokså fritt i høve innreiing og møblering, då huset aldri hadde vore bebudd av fastbuande.

Fargeval

Det første vi måtte gjere av innandørs arbeid i Melheimshuset etter at snikkarane hadde gjort seg ferdig med sitt arbeid, var å velje farge på vegger, golv og tak. Vi hadde to mogelegheiter. Det eine var å prøve å finne ut kva for farger som var vanlege interiørfargar på slutten av 1930-talet og gjere eit val uti frå det. Det andre alternativet var å skrape seg tilbake til det første lag av måling i Melheimshuset og velje den første fargen som hadde vore der. Den første mogelegheita ville krevje mykje undersøking, tid og arbeid, men ville kanskje gje oss god innsikt i kva som var vanleg fargebruk på slutten av 1930-talet. Å velje den opphavlege fargen i Melheimshuset ville vere det rette for nettopp dette huset, men med ein risiko for at det kunne vere atypisk i høve det som var vanleg. Likevel valde vi det siste. Etter å ha skrapa oss gjennom forskjellige grå, lyseblå, gule og gråkvite fargar, kom vi inn på dei innarste laga av måling i dei tre opphaldsromma. Dei var alle måla i grønfargar, men kjøkenet og kammerset i ein sterkare og mørkare grønfarge enn stova. Truleg har dei i utgangspunktet hatt ein type fargepulver i grønt, som dei blanda ut i linolje, i ulike blandingstilhøve.
Golva i alle opphaldsromma var måla mørk grå og taka var i ein slags lysbrun farge. Spisskammerset skilde seg frå dei andre romma med terrakottafarga vegger, brunt golv og lys brunt tak. Som ein kan sjå føre seg, var fargeval og samansetjingar nokså framand frå det vi er vane med i dag. Med hjelp av fargekart og litt prøving og feiling klarte vi å finne fram til nokolunde tilnærma dei opphavlege fargene og veggene vart måla med linoljemaling, som og opphavleg vart nytta.

Straum

Noko av det vi tidleg måtte ta stilling til, var om Melheimshuset skulle ha innlagd straum. Dei fleste kommunar i Sogn fekk straum frå ca. 1910–1940. Då 2. verdskrigen braut ut i1940 var det berre dei ytre kommunane i Sogn som Solund, Gulen og Brekke i tillegg til Jostedalen og Hafslo som enno var mørklagde. Hafslo fekk straum i 1943. Sjølv om alle kommunane hadde fått straum, var ikkje det det same som at alle husværa var dekka.
Ved folketeljinga i 1946 vart det gjort ei undersøking av kor mange som hadde innlagt elektrisk lys her i landet. I Sogn og Fjordane galdt dette 63% av husværa. På denne bakgrunn stod vi nokså fritt. Om vi valde med eller utan straum, kunne begge vala forsvarast. Vi bestemte oss for å leggje inn straum, m.a. for å vise eit utviklingssteg vidare i høve dei før industrielle husa på museet.
I mellomkrigstida var elektrisiteten i hovudsak brukt til lys og koking. Og det var vanlegvis berre eitt lampepunkt i kvart rom. Dette både p.g.a. restriksjonar og av økonomiske årsaker. Først etter krigen tok etterkvart «det elektriske kjøkenet» til å bli ein realitet i fylket. Kvart elektrisk apparat har si eiga spreiingssoge, t.d. gjekk innføringa av komfyren over fleire tiår. Først frå 1950-åra starta alle meir likt med omsyn til kjøleskåp, vaskemaskin o.a. Vi valde å leggje inn eit lampepunkt i kvart av opphaldsromma, i tillegg til ein ekstra stikk-kontakt i kammers og stove. Til dette trengde vi kablar, tidsrette
lysbrytarar og stikk-kontaktar.
Frå 1930-talet begynte den såkalla kuhlokabelen og bakelittbrytarar å avløyse det før brukte glansgarnanlegget. I kuhlokabelen er leidningane samla i ein kabel. Den er gummiisolert og kledd med aluminiumskappe og har difor ein sølvfarga overflate. Det vart brukt ei spesialtang, ei såkalla kuhlotang til å bøye kabelen fint i overgangen mellom t.d. vegg og tak. Koplingsboksar kunne ein få i både kvit og brun bakelitt. brytar
Dei er framleis å finne i mange heimar og hytter i dag. Vi skjønte snart at med omsyn til det elektriske var vi nøydde til å jukse. For det første va r det så godt som umogleg å få tak i gamle kuhlokablar. Dessutan måtte vi tenke på tryggleiken og godkjenning. I staden brukte vi moderne kablar i plast, som vart «skjult» ved å måle over med veggmålinga. Til feste brukte vi gamle kuhloklips. Også koplingsboksar, brune bakelitt brytarar med vribrytar og stikk-kontaktar, er autentiske.

Omnar

Elektrisk oppvarming kom først for alvor i etterkrigstida, sjølv om mange hadde ein varmeomn på lur. Difor var det naturleg å montere vedomnar i Melheimshuset. Heller ikkje elektriske komfyrar vart allemannseige før alle hadde fått tilgang til straum. Vi valde difor å halde på vedkomfyren og eventuelt supplere med to elektriske kokeplater. Mange valde å behalde vedkomfyren sjølv om dei hadde fått komfyr, av di den var god til oppvarming og god å ha i reserve i den første tida då straumtilførselen ikkje var heilt å stole på. Vi kjenner til at det opphavleg var tre vedomnar, og ein vedkomfyr i kjøkenet i Melheimshuset. Omnane var plasserte i kammerset, i stova og ein tre-etasjes omn på arka. For oss var det viktig å få tak i ein type omnar, som kunne ha vore i huset, meir enn å «kopiere» dei som opphavleg stod der. Tidstypiske omnar på 1930-talet var ulike variantar av ca. 1m høge og ca halvparten så smale kombinasjonsomnar til koks/vedfyring. Etter å ha avertert i lokalavisa fekk vi fleire svar og vi valde vi å kjøpe to av denne typen. Desse var ein Wingaards-omn 425, ein såkalla Per Gynt-omn, etter dekoren på framsida og ein magasinomn frå Ulefoss nr. 351 A. Til kammerset fekk vi tak i ein liten etasjeomn frå Laxevåg verk. Ein rusta og defekt vedkomfyr vi sjølve hadde på museet, vart som ny etter at vaktmeistaren pussa han opp. Gamle jarnomnar er flotte gjenstandar som det er vel verdt å ta vare på. Dei var som regel teikna av kjente arkitektar og kunstnarar og avspeglar ulike periodar sine stiluttrykk. Med dekoren fortel dei m.a. om historiske hendingar eller bibelforteljingar.

Innlagt vatn?

I folketeljingane kan vi lese at i 1946 var det berre 47% av alle husstandane i Sogn og Fjordane som hadde innlagt vatn i kjøkenet. For dei som hadde vatn i bustadhuset, dreia det seg som regel berre om ei kaldvasskran på kjøkenet. Samanliknar vi med resten av landet låg Vestfold best an med 70% dekning og minst dekning hadde Troms med berre 36%. I Hafslo kommune hadde 211 av 577, eller 36% av husværa innlagt vatn. Dei fleste av desse hadde berre vatn i fjøsen, på kjøkenet var det berre 5% som hadde vatn i springen. Ut i frå desse tala stod vi nokså fritt med omsyn til om Melheimshuset skulle ha innlagt vatn. Vi sette inn ein utslagsvask, for å vise eit steg i utviklinga frå dei gamle husa frå bondesamfunnet, fram mot 60-tals huset med moderne bad og kjøken. Og også for å vise at sjølv om ein ikkje hadde innlagt vatn, kunne ein ha ein utslagsvask.

Innreiing og møblering

Korleis skulle vi finne ut korleis folk innreidde husa sine i Sogn på slutten av 1930-talet/starten på 1940- talet. Kva for møblar og andre gjenstandar hadde dei i husa sine, og korleis plasserte dei desse gjenstandane? Med andre ord – kva var det som var typisk på den tida?.
Sidan Melheimshuset stod tomt ei stund etter at det vart bygd og etterkvart vart brukt som feriebustad og ikkje for fastbuande, stod vi nokså fritt i høve innreiing. Likevel måtte vi ha nokre tankar om kva type familie vi ville innreie for. Korleis folk vel å innreie husa sine avspeglar – livsstil, alder, smak, tru, interesser, sivil stand, sosial posisjon, m. m., og vil vera ulikt frå den eine til den andre. T.d. vil ein nyetablert barnefamilie bu annleis og omgi seg med andre gjenstandar enn eit eldre ektepar utan barn. Vi valde å tenke oss at det var ein yngre, nyetablert lærarfamilie med eitt lite barn, som hadde budd i huset – og la dette vere utgangspunktet for val av gjenstandar og innreiing. Elles var målet at innreiinga skulle vere slik at folk som har opplevd slutten av 1930 talet/byrjinga av 1940-talet, kunne kjenne seg att, at dei skulle kunne seie: Jau, slik var det! Når vi skulle prøve å fine ut korleis folk innreidde og møblerte husa sine hadde vi følgjande mogelegheiter: Vi kunne snakke med eldre folk som hugsa frå denne tida, vi kunne sjå på gamle bilete, vi kunne støtte oss til andre sine undersøkingar og vi kunne sjå på eldre hus som i liten grad var endra sida denne tida.
Sjølv er eg ikkje gamal nok til å hugse, men eg hadde likevel førestillingar om korleis folk levde og budde før krigen. Kvar sommar under oppveksten på 1960- og 70-talet ferierte eg hjå eldre slektningar i eit gamalt hus, der innreiing, møblering og livsstil var lite påverka av skiftande trendar og motar dei siste tjue–tretti åra.
Rett nok vart ein del oppussa og endra på 50-talet. Då vart alle spor av førkrigstidas umåla tømmerveggar og ådringsmåla fyllingsdører skjulte av huntonittplater. Solide jarnomnar og vedkomfyren vart rivne ut og erstatta med plateomnar på veggene, emaljert kamin og magasinkomfyr. I staden for gamle enkle tremøblar kom det inn stoppa lenestolar, sofa og bord med kuleføter. Men mykje var att av det gamle. På kjøkenet under glaset stod ein låg, enkel, kjøkenbenk med skåp på sidene og tre skuffer i midten, truleg snikra av oldefar eller av ein bygdesnikkar på 1920-talet. På veggen over hang eit skåp til koppar og fat. Langsmed eine veggen stod eit lite bord med to–tre ulike bondestolar med ryggstø, ein måla og ein beisa.
I kammerset, som vart brukt til matstove når vi var på besøk, vart det servert hermetiserte kotelettar og kjøtkaker på oldefar sitt heimesnekra, brunbeisa spisebord som stod midt på golvet med tilhøyrande stolar med skinntrekk. Langs eine veggen stod ein divan, med divanteppe, ved sida ein gamal kommode og på andre veggen stod ei låg, lang beisa bokhylle. På veggen hang ei amerikaklokke og nokre bilete av forfedrar. Aller best hugsa eg sengene på soveromma i andre høgda. Sengene med kvitbrodert sengetøy og springmadrassar som ein sokk nedi. Frå bileta på veggen over kikka englar og saktmodige Kristus-figurar ned på meg. Om morgonen vart eg vekt av grandtante som kom med varmt vatn i ei mugge, som ho helte i vaskefatet på vaskestolen. Her var korkje bad eller innlagt vatn. Gjennom jobben på museet har vi eg fått tilgang til eldre hus, som har vore nokså uendra gjennom tidene. Her har eg og fått inntrykk av interiør og møbleringstradisjon og gjenstandar som har vore i bruk. Desse inntrykka stemmer mykje med oppfatninga eg har fått gjennom eigne erfaringar og gjennom samtalar med eldre folk. Dessutan har vi sett på gamle bilete. På Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane finst ein del interiørbilete som gir eit visst inntrykk av innreiing og møblering til ulike tider.

Dokumentasjon

Kari Bjørg Halvorsen, som var konservator ved De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum på byrjinga av 1980-talet og som no arbeider ved Norsk Folkemuseum, gjorde for nokre år sidan ei systematisk dokumentasjon av korleis folk i Sogn budde m.a. på 1940-talet Ut i frå hennar undersøking konkluderte ho med at dei ulike rom vanlegvis vart innreidd på følgjande måte: I bestestova skulle det etter skikken vere matstovebord med stolar og skåp eller skjenk til. Som oftast overflatebehandla med lakk eller beis i bruntonar og ofte i nybarokk eller nyrennessansestil, med dekormotiv i dreiing, skurd eller pålimte rosettar. Dette møblementet stod midt på golvet. Langsmed veggane stod ein divan eller ein sofa, eit bord, ofte eit rundt bord, med koparplate, eit såkalla røykebord. Til bordet høyrde to stolar, gjerne korgstolar, men det kunne og vere lenestolar. Etter plass og behov kunne det elles vere ein brunbeisa kommode, ei låg, langstrakt brunbeisa bokhylle, blomsterbord og skrivebord.
I vindaugskarmane og på blomstersøyler stod potteblomstrar, helst med blomstrande sortar. På veggene hang familiebilete, men elles var det lite pynteting. Gardinene i vindauga var gjerne sidegardiner med kappe øvst, i off-white og beige fargetonar (gjerne handarbeidde). Framfor eine døropninga hang det gjerne portierar, kanskje heimevovne. Då straumen kom fekk dei taklampe, som regel ei fleirarma lysekrone og seinare golvlampe i smijarn og bordlampe. I kjøkenet var det vanleg med ein enkel arbeidsdisk med eit par skåp og ei rekkje med to–tre skuffer og tilhøyrande veggfast skåp, eventuelt eit kråskåp. Inntil ein vegg stod eit kombinert matbord/arbeidsbord, med klaff eller skuff og stolar og krakkar. Inntil ein anna vegg stod ein krakk med vaskevassfat. Her fanst og vassbøtte og oppvaskbalje, av sink eller emalje. Nokre hadde enno den gamle vedkomfyren, andre hadde skaffa seg elektrisk kokeplate eller komfyr. I vindauge hang lette gardiner, gjerne kappegardiner i to høgder. På veggene hang opne hyller med boksar for krydder, kaffi og bakevarer, saman med pyntehandkle og hyllekapper som pynta opp. Inntrykket er elles at det var enkelt, enkel innreiing og lite møblar. Kammerset vart ofte brukt til soverom, men kunne og brukast til matstove, dersom ein hadde nok soverom på loftet. Det var ofte slik at det vart innreidd fleire rom i andre etasje etterkvart som ein fekk høve til det, og då fekk kammerset status frå soverom til matstove.
I matstova var innreiinga ofte som i stova, med stort bord og stolar midt på golvet. Langs veggene stod senger / divan og på veggen hang ofte ei gamal klokke.

Innsamling og utval av gjenstandar

Gjenstandane og møblane som er brukt i Melheimshuset er i hovudsak komne til museet ved at folk har kontakta oss og spurt om vi vil ha t.d. ein gamal sofa, eit bord eller gamle dukar. I nokre tilfelle har vi fått tilgang til fullt møblerte hus, som dødsbu frå Balestrand og frå Vik, der vi fekk kome å velje ut det vi ville ha. I tillegg måtte vi ut å jakte på einskilde ting ved å avertere i avisene, gå på brukthandlar og auksjonar og vende oss til slekt og vener av dei museumstilsette.
I utval av gjenstandar måtte vi ha i tankane kven vi innreidde for. Hadde det vore eldre folke som skulle budd der, ville ein god del – kanskje det meste av gjenstandane, vore eldre ting dei hadde hatt med seg gjennom livet.
For ein nyetablert familie med unge folk, var truleg ein god del av gjenstandane frå slutten av tretti – byrjinga av førti-talet, men ein del ting var vel også her eldre. På tretti- og førti-talet var det mange som sleit økonomisk. Det var ikkje lett å etablere seg med hus og heim og det var vanleg å kjøpe brukte møblar og anna på auksjonar eller at ein fekk overta brukte gjenstandar frå slekt og vener.

Presentasjon av Melheimshuset

I den siste delen av artikkelen vil eg ved hjelp av bilete og kommentarar presentere det endelege resultatet av innreiing og møblering i Melheimshuset.

Stova
stova

Her ser vi stova frå ulike vinklar. Det mørkbeisa matbordet og dei fire stolane med skinntrekk, er sentralt plassert midt i rommet under eitt av to straumuttak i rommet. Matstovemøblane og skjenken langs eine veggen, kjem frå eit bu i Balestrand. Over bordet heng ei firearma lysekrone i messing. Lysekronene var og ofte i beisa tre. I eine hjørnet står ei stålampe av smijarn med ein handmåla skjerm av pergament (papir), under glaset er det to lenestolar i skinn og stoff, og mellom dei eit rundt røykebord med koparplate.
Dei fint brukte lenestolane henta vi i Vetlefjorden og røykebordet er kjøpt hjå ein brukthandlar. Under det andre glaset har vi sett ein divan med eit typisk divanteppe frå tretti-talet og langsmed den siste veggen står ei låg, mørkbeisa bokhylle, med bøker frå samtida.

Stova
stova

På veggene heng familiebilete, eit fat av sølvplett, eit veggur, eit fotografisk masseprodusert bilete av ein kvinneleg skulptur frå 1920-talet og tre masseproduserte bilete med vestlandsmotiv. Pyntegjenstandar er det lite av, slik det helst var tidlegare, berre nokre bruksgjenstandar av keramikk, blomsterpotter i vindaugskarmar og på blomstersøyle og lampe med «kan du ikke tale»-figur på bokhylla. Gardinene er sydd av ubleika lerret og kappene er handarbeid. På golvet kunne det gjerne ha vore eit stragullateppe, eit linoleumsteppe med fargar og mønstre etter samtidas mote. Ser vi samla på fargane i stova går det i lyst grønt, ulike beige, brune, brungule og brunraude nyansar.

Kjøken
kjøkken

Kjøkenet er innreidd med kjøkenbenk under eine glaset og klaffebord med ein mørkbeisa bondestol og to små beigemåla krakkar, under andre glaset. Klaffebordet er av eldre type. Skulle vi valt eit tidsrett bord her, måtte det blitt eit måla klaffebord eller eit enkelt bord med skuff i sargen. Ved sida av utgangsdøra er det plassert ein vaskestol med emaljert vaskevassfat og mugge og heimestrikka handklede. Ved sida av vindauget heng ei lita hylle med krukker av steintøy – såkalla spiserisett til oppbevaring av potetmjøl, sagogryn og andre tørr-varer, tilhøyrande krydderkrukker og hekla hyllekappe.
Her kunne det også godt ha hengt eit pyntehandkle. På andre veggen står vedkomfyren med diverse utstyr, noko i aluminium. Kjøkengardinene med to kapper har grøne striper som tilfeldigvis er nesten identisk med grønfargen på veggene. Også på kjøkenreiskap frå denne tida finn vi ofte same grønfargen. Ved sida av kjøkenet ligg spisskammerset. Her er hyller frå golv til tak med brune keramikk-krukker i ulike storleikar, norgesglas for hermetisering, servise av ymseslag og det ein elles hadde av kjøkenreiskap.

Soverom
soverom

Her ser vi eit utsnitt av soverommet med seng, potte, kommode, speil og tidstypiske klede. Vi valde å innreie kammerset til soverom, då det ikkje er laga til rom i andre høgda enno. På soverommet er det kvar si seng til dei to vaksne i husværet og ei barneseng, som kan trekkast ut ettersom barnet veks til. Sengene, med springmadrassar er 10–20 cm kortare enn det som er vanleg i dag. Dei er reidde med vatt-teppe, kvitt eller rutete sengetrekk og putetrekk og overlaken med engelsk broderi. På eine senga ligg eit sengeteppe med hardangersaum. Her er og potte og utslagsbøtte under senga. Av møblering elles var det berre plass til ein kommode. Klesskåp var ikkje vanleg, så kleda måtte hengjast på ein krok på veggen. Ein spegel har fått plass over kommoden og over sengene heng bilete av englar og Kristus figurar. Etter at huset stod ferdig var vi svært spente på reaksjon frå publikum. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar. Og det er kjekt å høyre når folk seier «Jau, akkurat slik var det»!

Alle foto er tekne av Lars Asle Vold.

Kjelder og litteratur:

Christensen, Arne Lie: Den norske byggeskikken. Oslo 1995.

Folketeljingar 1946.

Halvorsen, Kari Bjørg: Mitt bu, min heim. Buskikk og heimeinnreiing i Sogn 1940–1955.

Norsk Folkemuseum 1988.

Nordstrand, Leiv: «Lys og kraft til bygdens behov». Kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893–1993. Sandane 1993.

Ylvisåker, Anne Britt: «Det gløymde 1900-talet» Friluftsmuseum og samtidsdokumentasjon. 1994.

Emneord: