Prestegardshagen

Prestegardshagen

Dei gamle prestegardshagane var mønsterhagar som vart viktige for utviklinga av hagekulturen her i landet. Så langt råd er, skal hagen rundt Vik prestegard vera ein rekonstruksjon av prestegardshagen i Vik.

Mange prestegardar fungerte som førebilde for andre i bygda. Mange nye planter som kom til bygda, kom først til prestegarden, og kunne så spreiast derfrå. Prestegardshagen på museet er under oppbygging og skal visa ein hage frå tidleg 1850-tal. I ein etablerings-fase har vi gjerda inn nyplanta tre slik at ikkje hjorten skal øydeleggja dei.

Les meir om Prestegarden frå Vik