Prestegarden frå Vik

Prestegarden frå Vik

Dette vakre embetsmannshuset er bygt på Grov i Vik midt på 1700-talet og var bustad for presten i Vik til 193o.

Det er vel 24 meter langt og har ei grunnflate på nær 188 m2. Huset er tømra i ein etasje med loft, og det har teglsteinstak og utvendig bordkledning.

Truleg er det bygt i 1764-67 av Jonas Daae, son til den legendariske presten Anders Daae. Det er samanbygt av Herrekammeret, som var privatbustad til presten og overnattingsstad for biskopen og andre gjester, og Borgstova, der allmugen og tenarane samlast.

Gjennom dei vel 16o åra som prestebustad vart huset ombygt fleire gonger. Utvendig maling vart også endra, truleg frå raud til kvit. Sist på 18oo-talet vart dei store romma inndelte i fleire mindre.
I 1930 var huset så dårleg at presten fekk løyve av Kyrkjedepartementet til å leiga ny bustad.

Ståande tom forfall bygningen enno meir, og i 1937 gav departementet løyve til at G. F. Heiberg kunne få han overdregen til museet.
Prestegarden vart flytta til Amla i 1941, restaurert og gjenopna der i 1949. Då var han tilbakeførd opp mot si opphavlege form.
I 2005 vart huset på nytt flytta, frå Amla til Vestreim. Då vart det delt i to og frakta på trailer.

Dei gamle prestegardshagane var mønsterhagar som vart viktige for utviklinga av hagekulturen her i landet. Så langt råd er, skal hagen rundt Vik prestegard vera ein rekonstruksjon av prestegardshagen i Vik.