potetdyrking i Sogn

Poteter og potetdyrking i Sogn

Poteter og potetdyrking i Sogn, av Gudmund Balvoll
Utsnitt frå ein artikkel i "Årbok for Sogn", 2008

Poteta kjem frå Sør-Amerika og var dyrka av indianarar, men vart vidare utvikla som matvekst i Europa og spreidd derifrå til resten av verda. Opphavsmaterialet i Europa fram til ca. 1800 var poteter frå Peru. Potetplanter derfrå utviklar berre brukbar knollavling når dagen er kortare enn 12–14 timar. Då vi berre har 20 - 40 gode vekstdøgn for potet etter at dagane er blitt korte sist i august, kunne ikkje slike sortar dyrkast med bra resultat som matplante i Noreg. Først kring 1750 var det kome fram sortar i Nord-Europa som var bra tilpassa våre daglengde-vilkår. Eit meir dagnøytralt sortsmateriale kom gradvis fram mot år 1800. Dei sortane vi dyrkar i dag har for det meste genar frå dagnøytrale poteter frå Chile.

POTETENE KJEM TIL SOGN

Potetene kom til Noreg som grønsak i hagar frå ca. 1755. Pionerane var mest sjøfarande og handelsfolk som hadde lært potet å kjenna i tyske handelsbyar, i Belgia-Nederland eller i England. Dei var for det meste busette i byar og landstader ved sjøkanten frå Vestfold til Bergen. Prestar var meir skriveføre. Dei har difor kanskje fått meir ære for å ha vore føregangsmenn enn dei fortener. Historiske bøker har rekna presten Hans Christian Atche (1708 - 1771) som pioner. Han var fødd og oppvaksen på Lolland i Danmark. Han vart prest i Aurland prestegjeld i 1737 og kom til i Lærdal i 1743. Atche gifte seg i 1740 med Barbra Maria Leganger (1717 - 1746) og i 1749 med oberstdotter Helene Sophia Lohman (ca. 1720 - 1770). Den første var dotter til futen Peder Ivarson Leganger i Ytre Sogn. Med rike gifte hadde nok ikkje Atche problem med å skaffa seg hageplanter frå utlandet. I 1757 kom Atche som prest til Kinsarvik og Ullensvang i Hardanger.

Peder Harboe Hertzberg (1728 - 1802), kappelan og seinare sokneprest i Finnås i Sunnhordland, vart gifte med ei jente frå Hardanger. I 1758 var han på vitjing i prestegarden i Kinsarvik og fekk då nokre potetknollar av Atche. Hertzberg vart ein velkjend potetprest og skreiv ei bok om potetdyrking (18). I andre utgåve av boka fortel han at Atche hadde potetene med seg då han kom til Hardanger. I ein biografi som eldste sonen til Peder Harboe Hertzberg, Niels, skreiv om faren i 1803, står det at Peder hadde fått «en hat fuld hos Provst Atke i Kinservig, der havde Poteten som en Sjeldenhed i sin Have» (her etter professor Schübeler i kjelde nr 33).

Vi kan setja dette i samanheng med det som Bergens biskopen Erich Pontoppidan skreiv om Atche i Det første Forsøg paa Norges Naturlige Historie. I første bind, utgitt i 1752, side 172, fortel Pontoppidan at kveite og bokkveite hadde vore prøvedyrka med godt resultat somme stader på Vestlandet, og han legg til: «ligesom jeg veed, at Velærverdige Hr. Hans Ca.rsten Atche, Sogne-Præst til Leyerdal her i Stifet, saasom født i Lolland, har forsøgt at saae Hvede, der er hans Fædrene-Lands beste Korn-Sæd, og sagt mig, at det her lykkedes ligesaa vel som der» (30). Det kan neppe vere tvil om at Pontoppidan hadde vitja Atche i Lærdal, for han fortel i verket sitt om ei reise over Filefjell. Vi må kunna rekna med at dersom Atche hadde dyrka poteter i noko omfang, ville biskopen ha fått greie på det og teke det med i omtalen.

Erich Pontoppidan hadde gode kunnskapar om hagebruk og landbruk og skreiv både om mat- og fôrplanter. Men i det store bokverket om Noreg nemner han ikkje dyrking av potet i det heile. Det er difor lite rimeleg at prestar innan Bergen bispedøme, og andre som biskopen hadde samkvem med, kan ha vore pionerar på potetdyrking før 1750. I det heile må det ha vore dyrka svært lite poteter på Vestlandet då Pontoppidan skreiv på verket sitt. Konklusjonen må bli at det er lite truleg at Atche dyrka poteter utafor hagegjerdet i den tida han var i Lærdal. Men litt ære som potetpioner må vi gje han, for Hertzberg spreidde sorten vidare i Sunnhordland under namnet «den norske».

Professor Schübeler i Oslo samla mykje stoff om den tidlege potetdyrkinga i Noreg. Han framheva Atche som pioner, men hadde fantasifulle påstandar omkring dette. Han meinte namnet Atche var engelsk og at det dermed var sannsynleg at potetene hans kom frå England. Men presten og hagebrukshistorikaren Olaf Olafsen fann ut at Atche var frå Lolland og meinte difor at han hadde knollane med seg frå Danmark. I så fall må dei vel også ha vore ein tur innom Aurland. Den siste teorien om kor knollane kom frå er etter mitt syn dårlegare enn den første, for Danmark var ikkje noko føregangsland når det gjeld potetdyrking. Likevel har alle store verk i norsk historie i nyare tid framheva Atche som pioner på potetdyrking og at han truleg fekk knollane frå Danmark.

Prestesonen Gerhard Munthe (1726 - 1785) var kaptein. Han var ei tid i den norsk-danske vaktstyrke på ca.. 13.000 mann i Holstein. Dei var der i samband med sjuårskrigen i Tyskland. Poteter var der mykje brukt til mat. Krigen slutta i 1762. I 1764 overtok Gerhard sætegarden Ytre Kroken i Luster. Den 13. og 14. mai 1765 førde han inn i ei dagbok: «Saaet potatoes». Noko meir er ikkje nemnt seinare i dagboka, og vi veit ikkje om potetdyrkinga spreidde seg vidare frå denne garden (26).

SOGN 1770 - 1803
I ein trettiårs periode frå 1770 viser rapportar at potetdyrking vart meir og meir vanleg over heile Sør-Noreg. Men det var lenge mest dyrking på hageseng på småflekker, og potetene vart sett på som naudmat i vanskelege år.

For å få fram endringar i landbruket delte Det Nyttige Selskab i Bergen, som andre patriotiske selskap, ut premiar til føregangsmenn. Dette selskapet la likevel ikkje særleg vekt på potetdyrkinga i arbeidet sitt (12). Men i 1776 vart det framheva at Jon Christenson Kjellvold i Eivindvik prestegjeld «har giort sig fortient ved Potatoes Plantning, som der i den Egn usædvanlig». For det fekk han 8 riksdalar (12).

Eit stort gjennombrot for potetdyrkinga kom i Årdal. Det ser vi at ti årdølar i 1787 fekk premie av Det Kongelige Danske Landhuusholdnings Selskab for i 1786 å ha dyrka i alt 319 tønner poteter (ca. 31,9 tonn). Dette selskapet hadde alt i 1772 premiert dyrking av poteter i Noreg og då heilt ned til ein avling på 5 tønner. Denne premieringa var utlyst med nokre års mellomrom, men med stigande krav til kor mykje som vart hausta. Leiaren i gruppa i Årdal var Rasmus Person Austreim frå Nordfjord. Han hadde med seg 400 kg setjepoteter då han kom til ein husmannsplass i Årdal i 1785. I 1786 sette han og Nils Midtun 200 kg setjepoteter kvar og hausta 10 gonger så mykje (37).

I 1784 fekk klokkar Apollonius Liliedahl i Vik premie av Det Nyttige Selskab i Bergen for mange aktivitetar, men mest for planteskoledrift. Men det er også nemnt at han var den første som hadde «indført de hvide Potatos, hvoraf nu afles en stor Del» (1).
Klokkaren fekk altså påskjønning for å ha byrja med ein ny sort. Apollonius var gift med Mette Marie Harboe (1734 - 1814) ei klokkardotter frå Bømlo i Finnås prestegjeld i Sunnhordland. Det gjev grunn til å tru at han kjende potetpresten Peder Harboe Hertzberg i Finnås prestegjeld, og at han tidleg kan ha blitt inspirert til potetdyrking av han. Den nye kvite sorten må ha blitt sett på som særleg nyttig, for i åra 1778 og 1779 utlyste Det Nyttige Selskab ein premie på 6 riksdalar for dyrking av kvite poteter i Sunnhordland. Merkeleg nok var det ingen som søkte (12). Av litteratur frå Sunnfjord og Nordfjord ser vi at dei potetene som først var dyrka der var raude, men at ein gule sort vart teken i bruk i Fjordane mellom 1780 og 1790 (sjå meir i kjelde nr 2). Det må vera den same gule sorten som Det Nyttige Selskab ivra for å få teken i bruk.

I 1803 vart det oppretta jordkommisjonar som skulle samla inn oppgåver over jordbruket på alle bruk. Mellom anna skulle bøndene gi opp kor mykje såkorn dei brukte. Men over heile landet kom lite eller inkje med når det gjeld potetdyrking. Heller ikkje i Vik prestegjeld kom poteter med i oppgåvene. Men jomfru Jakobine Grøegaard, som eigde og dreiv eit bruk på Vange, hadde tydelegvis ikkje vore til stades då kommisjonen hadde møte i Vik. Ho skreiv difor ein eigen rapport. Der går det fram at ho årleg brukte ca.. 500 kg setjepoteter og hausta ca. 3000 kg i gode år. Då Jakobine berre hadde seg sjølv og tenarar å metta, vart det sett overraskande mykje poteter (5).

Heile den spennande artikkelen om korleis poteta vart spreidd og teken i bruk i Noreg og i Sogn kan ein lesa i "Årbok for Sogn" 2008.