Oppjekking av Kvammeloftet

Restaureringsarbeidet med Kvammeloftet går sakte men sikkert framover. Sakte er viktig når ein held på med slikt arbeid, for her må ein legge til rette trinn for trinn etter kvart. Prosessen som no er i gang er å jekke loftet opp i alle hjørne, slik at ein kjem til for å byte dei underste laftestokkane.
Ikkje berre skal desse skiftast, men grunnen under veggane må og gjerast fastare og tryggare for framtida. Dei lause massane loftet står på har truleg vore ein av grunnane til at veggane har glidd noko ut og at loftet har vorte skeivt.

Som ein kan sjå er det ein kraftig jekk i kvart hjørne av huset, og dei vert jekka små stykke i gongen, slik at det ikkje vert for stor påkjenning på loftet undervegs. Ole og Kjetil som arbeider med dette har gjort små og store oppfinningar etter kvart for å få dette til på forsvarleg vis, og for at det skal verte minst muleg skade på stokkane. Dei har gjort ein svært god jobb der, det må seiast.

Jekking av Kvammeloftet

Når loftet er jekka så høgt at dei kjem til å arbeide under, vil dei først ta bort dei underste laftestokkane, så må dei forsterke grunnen før dei legg på plass dei nye stokkane. Når alt dette er gjort skal loftet sleppast forsiktig ned att på den nye råma.

Me følgjer spent prosessen framover..