Om veiding i gamal tid

Av Per H. Bøthun.
Uttrekk frå "Tidsskrift" nr. 15, utgjeve i 1952 av "Historielaget for Sogn".

Dei som ferdast mykje på høgfjelli våre om sumrane, helst utanfor dei vanlege fjellvegane og stølsvegane, og som har lært seg til å sjå seg om der dei fer, råkar ofte på forvitnelege minne om gamal veiding på fjellviddi. Sume skjønar seg lite på det, og hjå slike vekkjer det ikkje so stor interesse, men andre vert interesserte og ser betre etter og oppdagar meir, og før ein veit ordet av det, har kanskje interessa for denne gamle veidingi vorte so stor at ein tek seg fjellturer berre for å leita etter gamle veidestader og granska nærare det gamle veidemannslivet.

So stor rolle som veidingi har spela for folket vårt fram gjennom tidene, so er det i grunnen underleg at den ikkje har vorte meir granska enn tilfelle har vore. Det var då veiding og fiske som frå fyrst av var livbergingi for fedrane våre, og jamvel etter at dei var byrja med litt jordbruk og feal, og dei etter kvart drog lenger inn etter fjordane og oppetter dalane for å finna dyrkande jord, so vart nok dette primitive jordbruket for lite å leva av, og det var nok veidingi som framleis laut vera viktigaste livbergingi.
Og då lyt en tru at dei tusenvis av reinsdyr som i flokkevis heldt til på fjellviddene våre i gamal tid, var den største rikdomen for veidefolket, og at den rikdomen alt tidleg vart utnytta. Dette vert ein ogso meir og meir overtydd om når ein ser det veldige arbeid som har vorte utført på høgfjelli våre, arbeid som enno er synlege, og som står der og vitnar om kor intens denne veidingi har vore drivi.

Enno er høgfjellet drege for lite inn i granskinga av soga om folket vårt. Stølsdrifti er i den seinare tid teki opp til nærare gransking, og det var på høg tid at dette vart gjort, men ogso den gamle veidingi på høgfjellet er eit granskingsfelt som er stort og vidfemnande, og som sikkert gøymer mange viktige og interessante ting.
Meir gransking av dette vil ikkje berre gjeva oss fleire opplysningar om det gamle veidemannslivet, men ein skulle ogso tru at det ville vera av stort verd for soga om folkeinnflytting og busetnad i dei ymse strok av landet.
Den granskingi som til denne tid har vore drivi når det gjeld den gamle veidingi, har knytt seg for det meste til eit visst fjellstrok av landet vårt, nemleg Hardangerviddi. Det dei oppdaga der, førde til ymse meiningar og teoriar mellom sogegranskarane våre. Sorenskrivar Christie sette i 1842 fram den tanken at det eldste folket i Noreg måtte ha vore eit finsk eller samisk folk .

Den store sogegranskaren vår P. A. Munch tok same tanken opp og hevda at urfolket i Noreg var eit finsk eller samisk folk som heldt til på høgfjelli våre og berre av og til søkte ned mot kysten. Fleire sogeskrivarar har vore inne på same tanken.
Andre har hevda det heilt motsette. Dei seier at desse merki etter gamal veiding er frå ei relativ seinare tid. Det er bønder frå dei næraste bygdene som har drive reinsjakt på viddi om sumrane og haustane.

At båe desse synsmåtane må vera range, har professor Bøe synt ved utgravingar han gjorde av butufter på Sumtangen på Hardangerviddi i åri 1939 og 1940. Etter det som der kom fram i dagen, må ein tru at der har vore veidefolk på Hardangerviddi alt for 4—5000 år sidan, og det var ingenting som tydde på at desse folki var av ein annan rase enn folket som budde ute ved kysten.
Dette resultat av professor Bøe sine granskingar på Hardangerviddi, skulle vekkja interessa for vidare gransking av det gamle veidemannslivet i landet vårt, men då må ogso andre fjellstrok i landet takast med. Det kan tenkjast at ein kjem til like uventa resultat ogso andre stader.
Skal ein studera den gamle veidingi i detalj, so må ein systematisk granska dei gamle merki etter veidingi som framleis er å finna på høgfjelli våre, og som i mange høve kanskje er tusenvis av år gamle. Kanskje er dei dyregraver og bægje-murar m. m. som ein finn att på høgfjelli, dei eldste byggverk, om ein skal kalla det so, som ein har att etter fedrane våre.

Ein skal hugsa på at desse murane ofte er bygde på dei høgste fjellranene og på harde, faste fjellgrunnen som ikkje sviktar. Slike murar vert ståande ikkje berre i hundravis, men tusenvis av år, so sant dei ikkje ligg slik til at vatnet grev dei ut, eller steinras og skreder tek dei.
Det kan nok verta ymse brigde på høgfjellet og, men ikkje slik som nede i dalane og bygdene og byane våre, der dei byggjer og riv ned att og velter og snur om i det uendelege.
Det er som Ivar Aasen seier: «Dei hava snutt om vollane og flutt og rudt og bygt, men dei gode, gamle kollane dei standa like trygt.»

På fjellturar om sumrane råka eg so ofte på merke etter gamal veiding at eg litt etter kvart fekk interesse for å granska det noko nærare. Ikkje mindre vart denne interessa når eg tok til å spørja ut folk som eg visste var godt kjende på fjelli her. Dei kunde fortelja at dei hadde sett dyregraver både her og der oppe på fjellviddene, men ved å spørja dei nærare ut om kva dei hadde sett, skjøna eg snart at ikkje alt kunne vera dyregraver, det måtte vera andre ting som knytte seg til den gamle veidingi.
Det høyrdest so interessant ut, at tanken på å granska dette noko nærare, vart endå sterkare. Og her skal då forteljast litt om resultatet av desse granskingane som eg dei siste sumrane har gjort i fjellstroket mellom Fresvik—Dyrdal—Jordalen og Feios, serleg då på fjelli nærast Fresvik — mellom Fresvik- breden og Nærøyfjorden.

Dyregraver.

Når ein har vore på leit etter dyregraver ei tid, ven ein seg snart til å leita opp dei rette plassane. Dei finst helst på stader der naturtilhøvi er slik at dyreflokkane på vandring vert trengde saman og hadde ein eller berre nokre få vegar å velja mellom. Det kunne vera tronge fjellskard, naturlege overgangar mellom fjelldalar, overgangar ved elvar eller vatn — i det heile stader der dyreflokkar hadde sin faste veg når dei var på flyttfot, og der tilhøvi var slik at dei lett kunne fangast i dyregraver.
På slike stader var so plassane for dyregravene utvalde med stor omtanke og dugleik, og der naturi sjølv ikkje hadde laga bægje som leidde dyri rette vegen, vart det bygt bægjemurar inn mot dyregravene. Ofte ser ein murar eller opplagde steinrader frå alle fire hyrno av gravi, alt tillaga slik at det såg heilt naturleg ut å gå vegen rett mot gravi. Stundom ligg desse dyregravene so lurt til, at kom det dyr den vegen, ville det vera mest eit under om dei ikkje gjekk seg nedi.

Dyregrav
Gamal dyregrav. Foto C.F. Kolderup.

Gravene er ikkje so sers djupe, knapt ei mannshøgd, og heller ikkje er dei vide. Dei skulle vera tronge, so dyri som fall nedi, vart sitjande i klemma og soleis ikkje fekk sjanse til å hoppa oppor att. Det synte seg snart at det var dyregraver eller merke etter dyregraver i fjellstroki her so å seia alle stader der naturtilhøvi var lagleg for det, og der ein må rekna med at reinsflokkar har havt gangen sin.
På slutten kunne eg ofte ved å studera kartet finna ut at på den og den staden måtte det vera dyregraver, og det slo som oftast til. Stundom protesterte lokalkjende folk og sa: «Der har eg gått mange gonger, men eg har ikkje sett dyregraver.» Det synte seg likevel at det fanst.
Folk som går på fjellet, ser ofte ikkje slike ting utan at dei beint fram stig oppi det. Onnorleis er det når ein går på leit etter sovore. Då finn ein gjerne meir enn ein skulle tru.

1 1730 vart det forbode å fanga dyr i dyregrav, og det vart ogso gjeve påbod om at dyregravene skulle kastast att.

Det merkelege er at ein mest ikkje ser teikn til at dyregravene på fjelli her har vore attkasta. Sume har nok sige meir eller mindre i hop av seg sjølve, medan andre står like fine som dei skulle vore mura i dag. Det ser ut for at folk brydde seg lite om påbodet om attkasting av dyregravene, eller so har bruken av dyregravene alt då for lenge sidan vore slutt, so folk visste lite om kvar dei låg. Dyregravene gjev oss bilete berre av ei sida av den gamle veidingi på fjellviddi. Dei fortel oss mest om ein-mannsveidingi, eller veidingi som nokre få mann kunne driva.
— Når ein mann hadde bygt seg dyregrav på fjellet, vart det hans eigedom, som berre han åleine hadde rett å fanga i.

Dyregravene var lut og lunnende som høyrde garden til. Dei gamle segnene som finst mange stader, om odelsguten eller odelsgjenta som valde dyregraver på fjellet i staden for sjølve garden, syner dette, og gjev oss ogso ein tokke av kor verdfulle dyregravene kunne vera.
Merkeleg nok er det lite nemnt om denne veidingi i Gulatingslovi. Det heiter at «vatn og veidestad skal kvar hava sitt, som han har havt frå gamal tid (at Fyrnsku) I landslovi seinare heiter det at dersom ein mann hadde dyregrav eller sett opp andre fangstgreier, so vert det hans eigedom so lenge han heldt fangsgreiene ved like. Men dersom dei vart liggjande ubruka i meir enn 10 vintrar, kunne kven som ville byggja dei oppatt og bruka dei so lenge han heldt dei i stand. — Ein skjønar av dette at det var mykje viktig for eigaren av dyregraver og liknande fangstgreier å halda dei ved like og i bruk, elles kunne eigedomsretten gå tapt.

Flokk-veiding.

Medan veiding i dyregraver kunne drivast av ein einskild mann, eller av nokre få, so syner andre ting at dei ogso har drive veiding i flokk — mange i lag. I fjellstroki her har eg funne fleire veidesystem som syner dette heilt tydeleg. Desse systemi er ein kombinasjon av bogastille, dyregraver og dyrestup.
Bogastilli er halvrunde oppmura steinringar, so pass djupe at bogeskyttaren kunne liggja løynd, altso eit slag skyttargraver. Storleiken av desse bogastilli kan vera noko ulik. Sume av dei er so store at ein må rekna med at fleire veidemenn låg gøymde der. Det er på hundretal av slike bogastille på dei høgste fjelli kring Fresvik.
Det merkelege er at sjølv gamle folk her i bygdi har aldri høyrt noko namn på desse steinringane, eller høyrt noko om kva dei var nytta til. Det finst ikkje segner eller munnleg tradisjon om det. Når eg kallar dei bogastille, so er det fordi at dette namnet vert nytta andre stader i landet, der reinsjakti har halde seg lenger enn i stroki her. Namnet fyrekjem elles i fleire dialektformer, som t. d. bøgahi, bågåskanse o. s. v., men visstnok alltid i samansetjing med boge. Når ein råkar på slike bogastille oppe på fjellet, bør ein røkja etter om dei berre er ein lekk av eit større utbygt fangstsystem, for det er ofte slik, og får ein heile systemet klårlagt, kan ein nokso nogg-grant sjå korleis heile veidingi har gått fyre seg.

Då eg har oppdaga fleire slike fangstsystem, skal eg her greida litt nærare ut om dette.

Sudvest for Fresvik ligg ei lang, høg fjellrana som heiter Laongafjellet (Langfjellet). Ho ligg i ei høgd av 14—1500 m. Her er bygt ut eit fangstsystem av bogastille, dyregraver og dyrestup. Bogastilli har front mot nordaust, og det syner at reinen har vorte jaga, frå fjellet Nonhaugen og stroki der i kring og mot sudvest over Laongafjellet.
Der er fleire rekkjer av bogastille, den eine bak den andre. Fyrst ligg det nokre få meir spreidde bogastille, so vert det etter kvart fleire, og der sjølve hovudstillingane ligg, kan ein telja eit halvt hundre bogastille på eit lite område. Innimellom finst det ogso dyregraver. Til slutt, ved enden av Laongafjellet, rett opp for botnen av Tundalen, er ei rekkje bogastille på nytt og eit dyrestup. Der har dei jaga dyri utfor fjellet ned i ei fjellskor.
Studerar ein heile systemet i samanheng, kan ein greitt og tydeleg sjå korleis veidingi har gått fyre seg. Frå reinsbeiti nordanfor har reinsflokken vorte driven sud og vestover mot Laongafjellet, der bogeskyttarane har lege i sine stillingar. Den skremde dyreflokken har so vorte jaga gjennom stillingar etter stillingar av bogastille.

Dyr etter dyr har vorte liggjande att drepne av piler og spjot, andre har stupt ned i dyregraver. Etter kvart dyri kom gjennom dei fremste og meir spreidde stillingane, har jegrane der truleg slege seg saman med drivarane og tvinga flokken vidare fram mot dei andre stillingane. Til slutt har kampen stått ved dyrestupet, der det galdt å få gjera ende på resten av flokken med piler og spjot eller få dei vitskremde dyri utfor stupet. Det må ha vore ein spanande, men fælsleg og blodig kamp.

Same systemet med bogastille og bægje finn ein ogso på Syrinjefjellet litt lenger nord på den andre sida av Tundalen. Her har dei jaga reinsflokkane frå fjellet Lauvhoggeskallen vestetter Syrinjefjellet mot Fresvikbreden. Bogastille systemet syner dette tydeleg. Syrinjefjellet når opp i ei høgd på 1543 m. Om dei ogso her har havt dyrestup som avslutning, kan ein ikkje seia noko sikkert om, då det i til- felle no ligg løynt av breden. Endå lenger nord, på Engjafjellet og Heljedalsfjellet, finn ein liknande oppbygde veidesystem, ogso her på dei høgste fjellranene.

Bægjemur
Ein del av bægjemuren på Handadalseggi, dyrestupet til høgre. Foto C.F. Kolderup.

Det sværaste dyrestupet eg har funne, har dei likevel havt på Handadalseggi, ei fjellegg sunnanfor Laongafjellet, mellom Handadalen og Styvisdalen. Der har dei bygt ein mur på skrå tvers over Handadalseggi.
Muren syner tydeleg kva kant dei har jaga dyri frå, meddi muren er loddbein på den eine sida og har berre steinfylt skråning på den andre. Dyri har dei jaga frå Handadalen oppetter Handadalseggi og mot muren. Plassen er utifrå lurt vald. Med same dyri kom på høgdi av fjelleggi, møtte dei muren, som tvinga dei til å ta av til høgre langs med muren. Her kom dei straks inn mellom muren og nokre bergufser. Oppi bergufsene er det tydelege merke etter bogastille. Der har veidemennene lege i gøymsle og har havt lett for å stengja vegen attende for dyreflokken. Med piler og kastevåpen har dei gått laus på dyri, drepe dei eller gjort dei so ville av redsle at dei har kasta seg utfyre bratte fjellet ned i Handadalen. Muren står den dag i dag heilt ut på stupet.

Det vil gå fram av det eg har skildra, at denne veidingi må ha kravt store flokkar av folk. Fyrst laut dei vera ein flokk som tok jag på dyri, og so vide fjellstrok som dette er, so kunne det ikkje vera so få som hadde dette arbeidet. Dessutan måtte ein heil flokk bogeskyttarar liggja i sine stillingar.

Eg har fleire gonger freista å ta eit oversyn over systemet på Laongafjellet t. d., og eg har kome til det at dei måtte vera over 100 mann skulle dei kunna nytta systemet heilt ut, og knapt om dei greidde det fullt ut då heller, sjølv om ein kanskje kan rekna med at jagarane hadde hundar til hjelp, og det er mykje truleg dei hadde.

Kva tid vart desse veidesystemi bygde?

Det er med ei underleg kjensle du står framfor desse murane og minnesmerki. Kor gamle kan dei vera? spør du deg sjølv so ofte. Tusen år, eller kanskje fleire tusen år?
— Kanskje finn me aldri noko heilt sikkert svar på desse spørsmåli, men lat oss likevel sjå litt nærare på det, og freista dra fram ymse ting som kan vera av verdi når ein skal prøva å finna ut kor gamle desse veidesystemi kan vera. For det fyrste må ein kunna gå ut frå at villrein i større mengd har det ikkje vore i desse fjellstroki på fleire hundre år. Reinen har her tidleg vorte utrydda, utsett som han var for veiding frå alle kantar. At dette har vore tilfelle, vitnar ogso det om, som før er sagt, at det er ingen munnleg sjon att om denne veidingi. Namn på bogastille finst ikkje i bygdemålet, og segner eller soger om desse veidesystemi på fjelli her i kring, eller om sjølve veidingi, finst heller ikkje. Det ligg so langt attende i tidi at alt saman er kome helt bort or den munnlege tradisjonen.

Ein annan ting eg vil peika på, er at ein finn ikkje reinshorn eller bein på desse veidestadene. Slik storveiding som det ei tid må ha vore, so skulle ein tru at det fanst dungar av bein og horn på desse stadene eller i nærleiken, dersom denne veidingi hadde gått fyre seg i noko seinare tid, men dette er ikkje tilfelle.
Eg har gått mange gonger over Laongafjellet t. d. og sett serleg vel etter slike ting, men ikkje eit einaste reinshorn har eg funne. Derimot har ein funne eit og anna reinshorn på Lauvhoggeskallen og Syrinjefjellet og av og til ogso andre stader, men dette skriv seg vel helst frå ei seinare tid då det var litt tamrein her.
For vel hundre år sidan var det nokre karar som gjekk i gang med tamreindrift på fjelli mellom Feios og Fresvik. Det gjekk ikkje bra. Reinen vart vill for dei og spreidde seg, og so laut dei skyta han her og der kringom på fjelli. Dei spreidde funn av reinshorn som ein finn på fjelli her, skriv seg då truleg frå denne tidi. Ein må difor gå ut frå at den gamle storveidingi har gått fyre seg for so lang tid sidan at reinshorn og bein frå den tid for lenge sidan har morkna bort, endå om dei har lege under snø i lange periodar.

Bogastille-systemi er bygde før dei vanlege skotvåpni var komne i bruk. Namnet bogastille syner då ogso det, men elles ser ein det tydeleg på måten dei er lagde på. Dei ligg oftast so tett saman og ligg slik i terrenget, at det er greitt å sjå at dei har rekna med kort skothald, og det er tvillaust ikkje berre boge og pil dei har bruka, men ogso spjot eller andre kastevåpen.
Var desse skyttargravene bygde for veidarar med byrser, ville dei vore lagde lenger frå kvarandre og på andre plassar i terrenget. Ein treng ikkje vera nokon sers øvd veidemann for å sjå og skjønn dette når ein granskar bogastille systemi.
Den måten å veida på, skræma dyri mot bogeskyttarane, eller jaga dei utfor stup, må ein tru svara seg best i den eldste tidi, då dyreflokkane var store og mange på fjelli våre. Ved ei slik veiding laut heile ætti, eller ein stor flokk menneske, organisera seg og arbeida i lag, og berre ei einaste slik vellukka veiding kunne gjeva mat og kle i lang tid til heile flokken. Men ei slik veiding peikar då helst attende på ei tid då veiding og fangst var einaste levevegen.

Då eg stod ved dyrestupet på Handadalseggi, og let tanken gå attende på det som der må ha gått fyre seg, var det som eg såg dyreflokken koma stormande langs etter muren, medan spjoti susa og pilene svirra. Det var som eg stod midt oppe i striden mellom dyr og menneske, og eg tenkte: — Her kan hundre dyr - ja endå meir - mist livet på ein einaste dag.
Men so kom spørsmålet: Kvar drog dei av med alle desse dyreskrottane? — Det skulle ikkje so lang orientering til før eit rimeleg svar låg fyre. — Kortaste og lettaste vegen frå Handadalen og ned til sjøen fører ned til Dyrdal, og skulle dei vidare, var det å føra det sjøvegen.

nærbilete av muren
Nærbilde av muren ved dyrestupet på Handalseggi. Foto C.F. Kolderup.

Namnet Dyrdal må ha samanheng med storveidingi som ein gong må ha gått fyre seg ved dyrestupet på Handadalseggi og i fjellstroki vestover til Laongafjellet. Ned gjennom den dalen har dei truleg ført dyrefengdi ned til sjøen, og dalen har fått namnet sitt etter dette. Ein skulle då tru at veidingi i dette stroket må vera like gamal som namnet Dyrdal, og då kjem ein nokså langt attende i tidi, for namnet er sikkert gamalt.
Dyrdal er nemnd i Bjørgynjar Kalfskinn. «Øfsta tuni i Dyrdal!» heiter det. I eit brev på pergament ifrå 10. febr. 1370, gjeng Halvor Arneson, prest på Tønjum i Lærdal, ved at han har selt Philippus Ingvarsson 1 månads matabol i den «weste stowa i rauda Botolf tuni i Dyrdal.»
Ein må etter dette gå ut frå at det alt då var fleire gardsbruk i Dyrdal. Elles kan dalen ha heitt Dyrdal før det var busett folk der. Det er elles mangt som tyder på gamal busetnad ved Nærøyfjorden. Me har vin-namn mellom gardsnamni der, og elles er det namn som peikar attende på gamal heidensk gudsdyrking, t. d. Gudvangen, og sjølve soknenamnet, Nærøy, som truleg har samanheng med gudenamnet Njordr.

Når det gjeld bogastille-systemi på fjellranene eg før har omtala, so er det ein ting som tykkjest vera nokso sikker, og det er at desse veidesystemi må vera utbygde i ei tid med betre snøtilhøve på fjelli enn me no har. Dei fleste ligg i nærleiken av Fresvikbreden og nesten i same høgd som den.
Laongafjellet ca. 1460 m., Syrinjefjellet 1540 m. , medan høgste punktet på Fresvikbreden ligg på 1660 m. — Eg var so heldig å granska desse veidesystemi nettopp i dei åri då snøtilhøvi var betre i fjelli enn nokon kunne minnast. Fresvikbreden hadde minka år etter år som andre bredar i landet. Det var mest som me tok til å tru at breden vår skulle verta heilt borte.

Sjølv under slike idielle snøtilhøve var det vanskeleg å finna heile desse veidesystemi snøberre. Det lukkast berre seint på sumaren eller hausten. Endå om ein reknar med at veidingi berre gjekk fyre seg om hausten, so ville dei likevel ikkje ha bygt opp desse veidesystemi der dei ligg, dersom det den gongen var same snøtilhøvi som me har havt i den seinare tid. Det ville vera det same som at dei kunne nytta dei berre eit og anna året om hausten, medan år etter år kunne gå utan at dei kunne ha noko nytte av dei.

Sumaren 1950 var eg på Laongafjellet i august månad. Då låg heile veidesystemet der gøymt av snø. Og når det lid ut i september og oktober månad, kan ofte nysnøen koma i fjelli der.
Det mest merkelege er kanskje veidesystemet på Syrinjefjellet. Der syner bogastilli at dei har jaga dyri rett mot Fresvikbreden. Dei dyri som har berga seg gjennom, må ha teke breden fatt, dersom snøtilhøvi var slik som no. Men det er liksom ein saknar ein av-slutning på dette veidesystemet når ein samanliknar det med dei andre.

Dyrestup, som du finn på Laongafjellet og Handadalseggi, leitar du fåfengt etter. Ein kan verta freista til å tru at det ligg ein stad gøymt av breden. Og kven veit?
Vert breden borte, finn ein kanskje veidesystem på fjellranene han no gøymer. — Då Fresvikbreden for nokre år sidan var på det minste, kom ein mann over ei dyregrav, som før hadde lege gøymd av breden. No er den gøymd att på nytt. Det kan vera fleire slike.

Ein må i alle fall sjå det som nokso sikkert at snøtilhøvi må ha vore betre enn no den gongen veidesystemi kring Fresvikbreden vart bygde. Ja, ein vert freista til å tru at Fresvikbreden ikkje eksisterte den gongen. Og er det tilfelle, lyt me truleg attende til den post-glasiale varmetid til steinalder og bronsealder.
Det vil ikkje vera noko urimeleg å tru at dei alt den gongen dreiv med jakt på fjelli her i kring, når ein no veit at veidefolk har halde til inne på Hardangerviddi for 4500 år sidan. Og at det her i Sogn var nokså folksamt i alle fall i bronsealderen, vitnar dei mange svære gravrøysane frå bronsealderen om, som me har liggjande på alle nes innetter fjorden og fjordarmane.

So lange vegar som det er frå fjorden og bygdene opp i desse fjellstroki der veidingi har vore drivi, so må ein rekna med at veidefolki har havt veidestasjonar oppe på fjellet, der dei har halde til om sumrane. Men vansken er å finna desse stadene. Mykje truleg er det at dei har halde til på stader der det no er stølar eller har vore stølar. Kanskje har veidehytter seinare vorte tekne i bruk som sel, og det har vorte støl der.

Ein råkar ofte på gamle tufter oppe i fjelldalane. Stundom har stadene namn, som t. d. Øystølen, Øystølshaugen, Kollsete el. likn., namn som peikar på at det er nedlagde stølar, men ofte kjem du og over tufter som ingi namn har, og du kan vera i tvil om det er sel eller veidehytter som har stått der. Kunne ein vera trygg på at ein var komen over ein gamal veidestasjon, ville utgraving kanskje gjeva eit godt resultat, slik som på Hardangerviddi, som før er omtala. Her er eit granskingsfelt som ein til denne tid har vore for lite merksam på.

Mystiske steinringar.

På ferdene mine i fjellet har eg eit par stader funne oppmura steinringar som på ein eller annan måte har tilknytnad til den gamle veidingi, men som ikkje direkte har med sjølve fangsti å gjera, og heller ikkje ligg dei heilt inne i sjølve veidefeltet. Det ser ut for at desse steinringane ligg på stader som låg lagleg til som samlingsplassar på vegen opp mot større veidefelt. Plassen ber merke av å vera rudd og tilstelt noko, og i kanten av plassen ligg so steinringen, som er på lag 1,5 m. i tverrmål. Det er tydeleg å sjå at steinringen er mykje gamal. Steinane stikk djupt ned i jordi, og det er mykje mold inne i steinringen.

At desse plassane og steinringane på ein eller annan måte har havt tilknytnad til den gamle veidingi, tykkjest vera nokso sikkert, slik som stadene ligg til, men kva dei har vore bruka til, er meir vanskeleg å skjøna. Det tykkjest vera samlingsplassar som veidefolki har havt. Men då kjem spørsmålet: Kvifor har dei samla seg på desse stadene? Og kva har desse runde steinringane vore nytta til?

Frå helleristningane er innhogne runde ringar og skålgroper velkjende. Dei lærde meiner at desse ristningane står i samband med gudstru og offerskikkar frå ei tid då soldyrkingi var den vanlege gudstrui hjå folket. — Ringen var solteiknet — Kan det tenkjast at dei ogso nytta steinringar i samanheng med denne gudekultusen, og at desse stadene med steinringane er eit slag offerstader dei har havt i tilknytnad til veidingi ?
Eller er desse stadene berre samlingsstader, der dei har delt fengdi, eller stader der dei har avgjort tretter eller tvistemål som kan ha kome opp i samband med veidingi eit slag tingplassar dei har havt oppe på fjellet?

Kanskje kan utgravingar på desse stadene gjeva oss svar på desse spørsmåli.

Per H. Bøthun.