Kva gjer vi med kulturlandskapet vårt

Om vårt kulturlandskap

Dagen til bonden var travel, og få hadde tid til stell av hagar. Det var difor helst nyttevekstar dei hadde kring tunet.

Mykje av kulturlandskapet i landet har fått ubotelege skader og er borte for alltid. Det gjer det ekstra viktig at vi som i dag kan ta vare på det kulturlandskapet som er att, gjer det på rette måten og med samvit.
Her på museet er vi tett på naturen og steller kulturlandskapet på museumsgarden godt. Dette er godt kjent i miljøet rundt om i landet.



Skjøtting av Kulturlandskap

Rundt om på friluftsmuseet ser du ulike kulturlandskapselement. Nokre kan du sjå heile året medan andre er sesongsbetona. Døme er:

Gjerdetyper

På museumsgarden Her finn du
Kulturlandskapselement



Kulturmark

Mennesket sin bruk av naturen har forandra landskapet. Ulik bruk har gjeve ulik utsjånad, og det vert danna ulike kulturmarkstypar. Her på museet har vi prøvd å gjenskapa nokre av dei vanlegaste i Sogn.

Åker og eng

Kva er kulturmark Nokre eksempel
Kulturmarkstyper



Dyr

Dyra på museet er gamle raser som var vanlege her i distriktet. I tillegg til å vera eit koseleg innslag på museet, er dei viktige pleiarar av landskapet. Dei beitar og held området ope, og hesten vert brukt i det daglege arbeidet.

Sau og kalv

Dyra er ein naturleg del av stellet Les om dyra
Dyra i kulturlandskapet



Hagar

Kulturlandskapet på friluftsmuseet samsvarer med bygningane. Det gjeld også hagane vi har. Rundt om på museet finst ulike slags hus, alt frå bondestover frå 15-1600 –talet til embetshus frå 1800-talet og meir moderne villaer frå 1900-talet. Vi prøver å ha tidsriktige planter, og der kjennskap og klima tillet det, gjenskaper vi hagen slik den var på den opphavlege staden.

Lensmannshagen

Hagar på museet Nokre hagar
Hagar i kulturlandskapet

Utsikt mot Henjasanden