Alværa i Ytre Sogn

Ole Elias Holck

Eidsvollsmannen, generaladjutant Ole Elias Holck på Alværa. Ein sermerkt Sogning.

Av Jan Giese Stenestø:

På ei landstripe, framfor skogkledde fjell, ligg garden Alværa i Lavik. Det gamle rokokko-hovudhuset på garden, bygd i 1773, er eit vakkert, langt, teglsteinstekka og kvitmåla trehus på eit stokkverk, med ark med to vindaugo, flankert av to mindre arkar eller kamre. Ei trapp fører opp til ein liten altan, og gjennom den fint utforma hovuddøra kjem vi inn i huset som er bygd etter den symmetriske planen, med vindaugo jamt fordelt til begge sider. Når framande som vitjar staden ser det vakre gamle patrisiarhuset og hagen, skjønar dei straks at her må det ha budd «kondisjonerte» folk i gamle dagar. Slik er det også. Dei står overfor ein gamal offisersgard. Interessa er vakna. Kven var det som åtte huset og garden og budde her i gamal tid?

Den mannen som har namnet sitt mest knytt til Alværa er Eidsvollsmannen, generaladjutant Ole Elias Holck, ein sermerkt mann og ein av Holck-ættas beste og dyktigaste menn. I det heile tatt ein mann som gjennom livet sitt merkte seg ut på så mange vis og vart sett opp til både av folket på heimstaden og dei høge herrar, militære og sivile. Og han var sogning, fødd og død i Sogn, knytt til landsluten med mange og sterke band. Ætta hans har hatt stort ry både i Norge og langt utanfor landets grenser. Det blir for mykje å fortelja alt her. Vi skal halde oss til Ole Elias Holck sjølv og faren og farfaren hans som også var knytte til Sogn og enda sine dagar der.

Farfaren var oberstløytnant Ole Holck, fødd 20.11.1687 i Trondheim, død 21.4.1759 på garden Lervik i Eivindvik som han åtte. Han var gift med Elen Jensdatter Rosendahl, fødd 5.12.1690 i Fredrikshald, død ca. 1.5.1768 på Lervik.

Oberstløytnant Holck var ein sers dyktig offiser. Som ung løytnant hadde han vore med Tordenskjolds eskadre i Dynekilen, der avdelingar frå Bergenhusiske regiment var underlagt flåten. Han var ein roleg og klok mann, litt tilbakehalden, som utmerkte seg ved fleire høve. Største bragda gjorde han vinteren 1718 då han vart sendt i veg heilt frå Moss til Trondheim med melding om svenskekongen Karl XII 's død.
Tre offisers-stafettar vart utsendt. Dei to kom ikkje fram og spurdest aldri meir. Holck var den einaste som klarte utføra ærendet. Siste delen av ferda, den tjue mil lange strekninga frå Dombås over Dovrefjell til han på ski i eit kjør, i bitande kulde og i stendig fåre for fiendar og villdyr. Han var så utmatta då han nådde Trondheim by at han korkje kunne snakke eller forklåre seg. Dei måtte sjølve taka depesjane ut or ranselen hans. I eit døger låg han i eit kaldt rom med snø i andletet, før han kunne orde seg. Han var veik av helse etter den ferda, men fortsette i tenesta. 1 1744 fekk han stillinga som sjef for Ytre Sognske Kompani, og året etter kjøpte han garden Lervik som han framleis åtte då han døydde.

Yngste sonen hans, Hans Henrich Hornemann Holck, var fødd på garden Nedste Mjelde i Haus i Hordaland 2.7.1735. Han var 10 år gamal då familien flytte til Lervik, og han vaks opp her og vart glad i staden. Hans Henrik kom tidleg i militærtenesta hjå faren og vart 16 år gamal underoffiser ved farens kompani.
I 1757 vart han av regimentsjefen innstilt «til Fendriks karakter», for at han i tenesta «kunde assistere og telhaande gaae bemeldte sin gamle Fader og værende Compagnie Cheff, som 48 Aars Tieniste allerede aller underdanigst havde aflagd.»
I innstillinga heitte det millom anna at Hans Henrich «ey allene havde god Exterieur, men endog saavel udi som udenfor Kongl. Maj. Tieniste sig meget vel og anstændig opført.»

Han vart fenrik og fylgde med dei avdelingane frå Bergenhusiske regiment som i 1758 vart sendt til Holstein under dei utrygge forholda til Russland. Seinare var han fenrik ved Vikske Kompani og sekondløytnant ved Sunnmørske Landvernskorps. Han hadde fleire beskikkingar som kompanisjef til han i 1769 fekk ta over farens gamle kompani, Ytre Sognske Kompani, og busette seg på farsgarden Lervik. Same året gifta han seg med Martha Margaretha Middelfart Tostrup, ei prestedotter frå Åfjorden i Trondheim Stift, fødd 26.6.1748. I ekteskapet var det fjorten born, åtte gutar og seks jenter, alle fødde på Lervik.
Om Hans Henrich Hornemann Holch heitte det «at han var af Naturen særdeles gunstigen udstyret baade paa Sjæl og Lægeme, og besad et sin Gud og Konge i høy grad hengivent Sindelag. Ved en rastløs og ufortrøden Virksomhed saavel i det offentlige som private Liv, ved en sjelden Retskaffenhed, Tjenesteagtighed og God dedighed, vandt han alles Agtelse, Tillid og Kiærlighed.»
Kapteinen døydde på Lervik 20.7.1809 og vart gravlagd bak koret i Brekke kyrkje. Kona, som levde heilt til 1838, vart også gravlagd her. Dei to var lenge i bygdefolkets minne.

Holck og minnemedaljen
Ole Elias Holck og minnenåla han fekk frå kong Karl Johann 1818

Barn nummer tre i den lange rekkja var sonen Ole Elias, fødd på Lervik 6.1.1774, døypt 21. s.m. Fadderne var: «Hr. Lieutnant Niels Værgeland (ein bondeson frå garden Værkland i Brekke), sergeant Claus Breche, Lasse Risnæs, Jomfrue Væssel og Halfri Nessie.»
Ole Elias kom som gut i militærtenesta, og berre femten år gamal var han sersjant ved farens kompani i Sogn. Så vart han sendt til Bergen der han kom i huset hjå major Niels Todal som ga han undervisning i dei militære vitenskapar. Han vart fenrik ved 2. Gevorbne Grenaderkompani i 1794, sekondløytnant ved Sogndalske Kompani i 1797, premierløytnant ved Nordre Nordhordlandske Kompani i 1801 og året etter forflytta til Ytre Sognske Kompani. Dermed kom han attende til heimstaden sin, noko han sikkert ville.

Men militærlivet var no eingong eit uroleg levebrød, sjølv i fredstid. I juli 1807 var Holck saman med nokre andre norske offiserar utvalt og sendt til Rendsburg 'i Holstein for å gå gjennom den nye eksérskulen der. Danmark — Norge hadde vanskar med England, det var fårlege tider og ufreden var ikkje langt burte. Den britiske utsending reiste frå Kiel 13. august etter at kronprins Fredrik hadde nekta utlevera krigsflåten. Søndagen 16. august kom dei første engelske avdelingane i land på Sjælland, og redselen tok danskane.
Same dagen fekk premierløytnant Holck i Rendsburg ilbod frå general Haxthausen med ordre om straks å melde seg i Kiel der kronprinsen også var komen frå Kjøbenhavn. Kronprinsen ville sende ein offiser til Norge med krigsmeldinga, og Haxthausen hadde teke ut nordmannen Holck. Han møtte i Kiel 17. august, vart beden til taffelet og fekk depesjane.
Heile Sjælland var omringa av engelske krigsskip. Holck for landvegen opp gjennom heile Sjælland i eit strekk og nådde Fladstrand. Herfrå tok han over Nordsjøen med ein liten dansk fiskarbåt. Premierløytnanten reiste under namnet musikantsvenn Ole Elias Hansen. Etter frisk sigling nådde dei Tønsberg. Holck møtte prins Christian August utanfor Kristiania og ga prinsen dokumenta. Han tok mot papira som skulle attende til Danmark. Nedturen vart spanande. Den vesle båten kom ut i ein sterk sørvest som saman med straumen sette dei ned mot svenskekysten.

I eit døger sigla dei langsmed svenskekysten, like til dei var komne til innlaupet til Gøteborg. Til all lukke fekk dei no så pass sørlig vind at dei kom seg over til Fladstrand. Holck var i Kiel 1. september og ga kronprinsen dokumenta personleg. Alle var glade for at han hadde klart den vågsame ferda. Holck fekk ein anvising på 50 riksdalar frå kronprinsen som også ga han lovnad om at han skulle hugsa den dugelege norske offiseren seinare.
Under krigen tenestegjorde Holck i Danmark til 1812, og då han reiste frå landet, fekk han ein sjeldan attest hjå sjefen sin, generalmajor Kardorff, kommandøren over 4. armé divisjon på Ærø, Låland, Falster og Møen.

Den hadde ordlyden:
«Da Herr kaptein v. Holck af det Bergenhusiske Infanterie Regiment fra September 1807 indtil April 1812 bestandig har været min faste Brigadeadjutant, og jig i den Række af Aar noksom har haft Leilighed at prøve hans Flid, Duelighed og Retskaffenhed, saa kan jig efter min sande Overbevisning ikke noksom anbefale ham til hans tilkommende Foresattes Yndest, men jig bør endog Pligtskyldigst tilføye at denne brave Offiser, naar Leilighed gives, bruges i vigtige militaire Forretninger, fordi han forbinder med hans Retskafne Redelighed en sjelden Conduite. Kort sagt, han er en Mand, som man med Tryghed kan anbetroe vigtige militaire Forretninger.»

I juni 1812 kom Holck attende til Norge og gjekk i tenesta som kaptein og sjef for Ytre Sognske Kampani. Den 18. august same året vart han gift i Lavik kyrkje med jomfru Karen Sophie Hansen, som han hadde vore trulova med i seks år. Ho var fødd 6.12.1786 på Alværa og var dotter av futen i Sogn, Simon Hansen og kona Christine Finde Harberg. Futen åtte Alværa på denne tida, og det var også han som hadde ført opp det staselege våningshuset på garden. Holck fekk no Alværa med kona og flytte inn her.

Då Norges grunnlovgjevande forsamling møtte på Eidsvoll 10. april 1814, var Holck med i forsamlinga som representant for Bergenhusiske regiment. Han hadde eit sterkt nasjonalt sinnelag, og høyrde difor til «de heftigste» av sjølstendemennene, dei som Jacob Aall skydde «formedelst deres barske Miner og den haarde Dom, som de felte over deres Meningsmotstandere.»

Holck var ein av dei virksomste offiserane i forsamlinga. I debatten 16. april, der kongens titel vart diskutert, var det Holck som ville gjeva Christian Fredrik kongsnamnet. Men like viktig for nordmennene var at han også utarbeidde eit forslag til konstitusjons komiteen om odelsretten, der han i høge tonar prisa «denne Bondestandens Skytsgud» som kilde og vern for bondens fridom og fedrelandskjærleik. Holck såg i odelsretten det beste forsvaret for landet, «selvstendighetens og nationalitetens Grundpille», hvis man fekk gjennomført verneplikt og slapp å nytta leigesvennar.
Dette syner oss Holck som ein ekte son av sin tid. Han hadde sterke historiske og antikvariske interesser, samla på pergamentbrev, våpen og andre fornminne som han seinare skjenkte til Bergens Museum. Holck hadde eit glødande fedrelandssinn og livleg vestlandsk temperament. Han harmast over den udugelege kongen og den feige krigsleidinga.

Det skal ha hendt, då han i 1814 tenestegjorde ved 1. Feltregiment som major, at han var til stades på ein parade der kongen reid framfor fronten og tala mykje tomt skryt. Dei venta ordre til framrykking etter talen. I staden fekk dei bod om at Fredrikstad hadde overgitt seg. Dei fekk ordre om å trekkja seg attende, men soldatane, som i det uendelege var trekte attende i lange marsjar og hadde slite seg forderva til inga nytte, var rasande og nekta fylgje ordre. Major Holck var så harm at han braut kårda for fronten, og fleire andre offiserar ropte høgt i protest. Men kongen ville ikkje taka ordren attende.

Generaladjutant Holck var representant for Nordre Bergenhus Amt på Stortinget 1818, 1824 og 1839. 1 1818 var han med stortingets deputasjon til Stockholm i den svenske kroninga av Carl Johan. Ved dette høvet vart Holck tildelt kroningsmedaljen i gull. Same året vart han riddar av Sverdordenen.
I 1825 vart Holck medlem av det kongl. Norske Vitenskapselskap i Trondheim. Han skreiv millom anna om Gulatinget i «Budstikken» og om heimstaden Lavik i «Urda.» I åra 1834—35 skreiv Holck ein avhandling av stor kulturhistorisk verd, nemleg «Forsøg til en Beskrivelse over Ladvig Præstegjeld i Sogn Fogderi, Nordre Bergenhus Amt.» (Trykt i Historielaget for Sogn sitt Tidsskrift nr. 22, 1968).

Med omsyn til rasjonell gardsdrift, var Holck ein føregangsmann i Lavik. Alværa, som var ein våtlendt gard, dyrka han opp og grøfta ut. Garden vart såleis, for den tid å vera, eit mønsterbruk og eit føredøme for andre gardbrukarar i bygda. Han tok ofte personleg del i gardsarbeidet, noko heilt uvanleg for ein standperson den gang. Men bygdefolket hadde som rimelig kunne vera, mykje respekt for han for det.
Då Holck i 1837 vart spurt om han ville innstilles til sjef for Christiansands Brigade, ville han ikkje dette. Og då han året etter vart spurt om han ynskte seg stillinga som sjef for Bergenske Brigade, svara han at han nok kunne tenkje seg det, men han ville ikkje vera kommandant på Bergenhus. Han ville vera på Alværa, der han hadde det meste av det som han var glad i.
I 1841 var Holck nøydd til å søkje om avskjed grunna dårleg syn. Han søkte, med kongens bevitning om lang og tru teneste, avskjed med full løn i pensjon. Sjefen hans, oberst Hans Glad Block, ga han ved dette høve fylgjande erklæring:

«Undertegnede er desværre fuldkommen bekjendt med, at en langvarig og tiltagende Øiensvaghed nøder Generaladjutant Holck til underdanigst at ansøge om Afsked af Krigstjenesten, og beklager Brigaden høiligen Tabet af en Mand, som har udmerket sig paa sin lange Tjenestebane ved en ualminnelig Dygtighed, erhvervet sig ved uafbrudt Studium i sit Fag, samt ved den megen erfaring, Generaladjutanten i forskjellige vigtige Tjenesteforhold har havt Anledning til at samle. Med dyb indsigt og høist sjelden Applikation har Generaladjutanten altid forened en utrættelig Virksomhed i sit Kald, der ikke har undladt at udøve en meget gavnlig Indflydelse i den Afdeling han har tjent, og hvilken Alt har gjort ham til et Mynster og en Prydelse for Arméen.
Generaladjutanten har nydt den Lykke, at hans Fortjenester er blevne erkjendte og paaskjønnede af hans naadigste Konge, og vistnok havde han ved Høistsammes Naade erholdt en høiere og fordelaktigere Stilling, end den han indehaver, om ikke tiltagende Alder og Svagelighed i forening med private Forhold havde afholdt ham fra at attraae det. Ei mindre Anerkjendelse har Generaladjutantens mangesidige Dannelse og Brugbarhed samt hans hæderlige Charakter vundet i Borgersamfundet og hvilket tydeligt er lagt for Dagen derved, at han flere Gange er valgt til Medlem af Nationalforsamlingen.
Generaladjutantens underdanigste ønske, at erholde fuld Gage i Pension, maae Undertegnede, paa Grund af hans 50-aarige Tjenestetid og de Fortjenester han besidder, tillade sig i dybeste Underdanighed og paa det instændigste at anbefale til Deres Kongelige Majestets naadigste Bifald, og da saavel undertegnede som enhver af Brigadens Offiserer maa anse det som en Hæder, at Generaladjutanten vedbliver at bære vores Uniform, anbefales lige underdanigst hans Ansøgning derom.»

Året etter vart Holck av eit samstemt storting løyvd ein pensjon på 774 spesiedalar, som «udgjorde hans forhen havte Gasje.» Stortinget uttala at dei var glade for å kunne heidra han på denne måte.
Men Holck fekk ikkje nyta pensjonen sin. Han døydde på Alværa 14.7.1842.

Alværa 2014
Bilete frå feiringa av 200 års jubileet på Alværa i 2014

På hundreårsdagen for den norske grunnlova, 17. mai 1914, vart det avduka ein bautastein over generaladjutant Holck på Alværa av bygdefolket. Den høge, spisse steinen ber innskrifta:

Eidsvoldsmanden

Ole Elias Holck
1774 — 1842
17. mai
1814 1914

Ole Elias Holck var ein mann «af lys Forstand, fast og ædel Karakter og høyst behagelig Omgangstone». Bautasteinen over han står som minne over ein sermerkt sogning som sette spor etter seg, både i heimbygda og i Norgeshistorien.

Bilde frå Holcks liv!