1814 - det utrulege året, sett frå Sogn

1814 - det utrulege året, sett frå Sogn

I fjor feira vi 200-årsjubileet for Grunnlova vår.

Tek du turen innom museet kan du framleis sjå utstillinga om 1814.

Utstillinga tek for seg ei spennande soge om opphavet til noko av det mest verdifulle vi har, fridom og demokrati.

Utstillinga følgjer dei dramatiske hendingane i 1814 på nasjonalt plan, men illustrerer heile vegen med gjenstandar og bilete frå Sogn.
Her blir ein kjent med dei fem Eidsvollsmennene frå Sogn og Fjordane. Kven var dei? Korleis reiste dei til Eidsvoll? Kva åt dei, og kva sa dei?
Vi har portrettbilete av karane og personlege gjenstandar som dei har ått. Da kjem vi dei nærare inn på livet.